Hopp til innhold

Finnmark Arbeidarparti fordømmer angrep på Gaza og støttar Palestina

Stortinget la anerkjenninga av Palestina på vent. No har fire fylkeslag i Arbeidarpartiet anerkjent Palestina som ein stat og meiner det er rett veg å gå.

Kristina Hansen

Kristina Hansen, leiar for Arbeidarpartiet i Finnmark, seier at dei har valt å anerkjenne Palestina som eigen stat.

Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / NRK

På representantskapsmøte i Finnmark Arbeidarparti tidlegare denne månaden vedtok fylkespartiet ei melding der dei fordømmer angrep og drap på sivile på Gaza.

Kristina Hansen, leiar for Arbeidarpartiet (Ap) i Finnmark, fortel at dei må ta stilling til konflikten.

– Vi er jo ein organisasjon som speler inn på alle politikkområde, også i utanrikspolitikken. Vi er eit fylke som har grenser til tre andre land. Det skulle berre mangle at vi ikkje skulle kunne ha meiningar om det, seier ho.

Les også Vil anerkjenne Palestina – men ikke nå

Utenriksminister Espen Barth Eide (Ap) under muntlig spørretime i Stortinget

Hansen fortel at dei vil ha ei tostatsløysing, der det er ein eigen stat til palestinarane og ein til israelarane. Ap har jobba for nettopp dette i fleire tiår, seier Hansen.

Ap i Finnmark oppmodar også norske styresmakter til å anerkjenne Palestina som stat. Stortinget, med Ap og Senterpartiet i spissen stemde som kjent mot å anerkjenne Palestina som stat på noverande tidspunkt, og ville heller vurdere å gjere det seinare.

– Stortinget har jo vedteke at ein ber regjeringa vere førebudd på å anerkjenne Palestina som eigen stat på eit tidspunkt der ei anerkjenning kan ha positiv innverknad på fredsprosessen. Det er ikkje det som vil hjelpe på den fryktelege situasjonen som akkurat no er på Gaza, fortel Hansen.

Fleirtal

Ho forklarer at det er breitt fleirtal i Ap i Noreg som ønskjer å anerkjenne Palestina som ein eigen stat. Mellom anna har fylkeslaga i Innlandet, Trøndelag og Oslo sagt at dei vil anerkjenne Palestina som ein stat.

– Det er jo midt i ei aktuell humanitær krise på Gaza. Når dette spørsmålet er teke opp akkurat no, så er det fordi at det er veldig dagsaktuelt, seier Hansen.

Fylkesleiar i Finnmark AUF, Magnus Vassvik, er glad for at Finnmark Ap pressar partiet nasjonalt.

Fylkesleder i Finnmark AUF, Magnus Vassvik

Fylkesleiar i Finnmark AUF, Magnus Vassvik, er glad for at Finnmark Ap er tydelege i si sak om å anerkjenne Palestina.

Foto: Arbeiderpartiet

– Gaza brenn, sjukehus blir bomba og barn døyr kvar einaste dag. Dette er ikkje tida for å sjå an situasjonen eller å vurdere å anerkjenne Palestina i framtida. Eg er glad for at Finnmark Arbeidarparti er tydelege her. No må vi i Noreg vise solidaritet med det palestinske folket og gjere alt vi kan for å stoppe menneskerettsbrota.

– Nok av utfordringar

Eivind Stene, fylkesleiar i Troms og Finnmark Framstegsparti, seier han registrerer Hansen sin innfallsvinkel, men at det ikkje betyr at han er rett.

– Norsk utanrikspolitikk blir ført av storting og regjering. Noreg er ikkje tent med fleire mini-utanriksministrar, seier han.

Eivind Stene

Eivind Stene, fylkesleiar i Troms og Finnmark Framstegsparti, meiner at Kristina Hansen må fokusere på utfordringar til fylkessplittinga, ikkje utanrikspolitikk.

Foto: Nils Mehren / NRK

Stene fortel at dei stiller seg bak linja til partiet på spørsmålet.

– At norsk venstreside igjen ønskjer å gjenta og markere standpunktet sitt i sak der haldninga deira har vore kjend i lang tid, får vere så. Det er no ein gong slik at kommunestyret og fylkestinget styrer oppgåver innanfor høvesvis kommune og fylke, der er det nok av utfordringar å ta tak i.

Stene meiner at dersom Finnmark Arbeidarparti har eit problem med eiga regjering og statsråds linje i Midtøstenkonflikten, så kan dei ta det opp internt.

– Dersom vi skal gå inn på ein diskusjon om Midtausten er det veldig mange moment som kan trekkjast frami svært komplisert sak.

Stene legg til:

– Eg vil rå Hansen til å fokusere på alle dei utfordringane som er og som kjem no som splitting av fylket snart er ein realitet. Demografi og arbeidsplassar, forsvar og arbeidskraft, kan vere ein god stad å byrje.

Kristina Hansen svarer på kritikken Stene rettar mot henne og partiet:

– Eg blandar meg ikkje inn i korleis Frp innrettar organisasjonen sin; kva som er tillate og kva som er forboden på dei ulike nivåa i Frp, får bli deira sak.

Ho seier vidare at i Ap er det ingen forbod mot engasjement på noko politikkområde på noko nivå.

– Vi driv ikkje med slike forbod, tvert imot. Hos oss blir breitt engasjement ønskt på alle politikkområde, det er det som utviklar god politikk. Arbeidarrørsla har stolte tradisjonar for eit sterkt internasjonalt engasjement på alle nivå, ikkje minst blant våre ungdommar i AUF. Det vil vi framleis ha. Vi driv med både utanrikspolitikk og innanrikspolitikk, seier Hansen.

Les også Anbefaler Palestina-flagging på Oslo rådhus

Oslo måling skole

Større ambisjonar

Åsmund Aukrust, utanrikspolitisk talsperson i Ap, seier at det viktigaste for dei og regjeringa no er å få slutt på krigen, få humanitærhjelpa som trengst inn og få på plass politiske forhandlingar som kan sikre varig fred.

Åsmund Grøver Aukrust

– Vi i Arbeidarpartiet ønskjer at Noreg skal bidra med å stable ein politisk prosess på beina igjen i Midtausten, seier Åsmund Aukrust, utanrikspolitisk talsperson i Ap.

Foto: Arbeiderpartiet

– Vi i Arbeidarpartiet ønskjer at Noreg skal bidra med å stable ein politisk prosess på beina igjen i Midtausten. Krigen på Gaza har gjort det klart at det ikkje finst noko alternativ til fredsprosess og tostatsløysing.

Aukrust fortel at ei norsk anerkjenning av Palestina no, vil gjere det vanskeleg for Noreg å ha ei slik pådrivarrolle.

– Vi har med andre ord større ambisjonar enn berre å anerkjenne Palestina no. Målet vårt er å bidra til etableringa av ein levedyktig palestinsk stat.

Aukrust fortel at ordlyden i stortingsvedtaket var ikkje noko kompromiss, men stammar direkte frå Arbeidarpartiets landsmøtevedtak i mai.

Les også Sverger at han aldri skal stemme på Ap igjen

Bilde av Jørgen Berg Pedersen, ute med jakke