Hopp til innhold

– Troms skal ha alt, og det er uaktuelt for Finnmark

Forslaga om å oppheve samanslåing av regionar blir truleg avvist i Stortinget på torsdag. Det betyr at Finnmark og Troms må halde fram med forhandlingane om storfylket – forhandlingar som har køyrt seg totalt bom fast.

Troms-politikere diskuterer sammenslåing

FRÅ FORHANDLINGSMØTET: Politikarane i Troms og Finnmark sit på kvar si side av bordet når dei forhandlar om korleis det nye fylket skal bli. Her er deler av delegasjonen frå Troms på eit av møta i november.

Foto: Lars Egil Mogård / NRK

– Det er ganske fastlåst akkurat no. Eg føler ikkje at vi i Finnmark blir sett på som ein likeverdig partnar. Troms vil ha alt, seier Geir Ove Bakken (Ap), som er med i forhandlingsutvalet for Finnmark.

– Vi forsøkte å sjå om det var noko vi kunne finne semje om og legge fram på fylkestinget, med det klarte vi ikkje. Ein vakker dag må vi sette oss ned igjen, seier fylkesrådsleiar i Troms, Willy Ørnebakk.

Les også: Brot i forhandlingane mellom Troms og Finnmark

– Dersom eg har skjønt det rett, blir det vedteke i Stortinget på torsdag at forslaga om å oppheve samanslåinga blir avvist. Dermed går stafettpinnen vidare til 1. januar 2020. Då er vi ein ny organisasjon og dagens to organisasjonar eksisterer ikkje lenger, seier Willy Ørnebakk.

Skarpare tonefall og høgare blodtrykk under møta

– No må Willy Ørnebakk og gjengen fortelje kva dei vil med Finnmark. Skal vi berre vere eit omland til Troms? Eg klarar ikkje å sjå at delegasjonen frå Troms respekterer det som er viktig for Finnmark. Men det kan vere at eg har misforstått, seier Geir Ove Bakken.

Les også: Striden i fylkesforhandlingene: Kulturkollisjon eller flisespikkeri?

– Tek vi utgangspunkt i ein nasjonal målestokk, så er vi nok ein veslebror eller ei veslesøster alle og ein kvar her. Vår måte å tenke på er at vi skal bygge ein ny organisasjon som ikkje finnast i dag, seier Ørnebakk.

Han avviser ikkje at det kan vere knute på kommunikasjonen.

– Man kjenner ikkje kvarandre så godt, og forstår ikkje alltid kva som blir sagt på andre sida av bordet. Då gjeld det å bruke tid til å forstå kva som ligg i utsegna. Nokre gongar blir det litt skarpare tonefall og høgare blodtrykk, andre gongar er det rimeleg avklart.

Finnmarks-politikere diskuterer sammenslåing

PÅ ANDRE SIDA AV BORDET: Finnmarkspolitikarar diskuterer samanslåinga.

Foto: Lars Egil Mogård / NRK

Ønsker samarbeid

– Vi frå Finnmark har vore på offensiven og kome med forslag. Vi har prøvd å kome fram til realitetane. Det er viktig å få til løysingar i starten som gir grobotn for vidare vekst. Alt som skjer no blir på ein måte hogga i stein, seier Bakken.

– Vi må bli samde. Det finnast ikkje eit anna alternativ. Dersom departement eller statsråd blir involvert, kjem dei sikkert til å legge nokre rammer og så får vi heile pakka tilbake. Så det er berre ein veg vidare, og andre fylke har klart det, seier Ørnebakk.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark