NRK Meny
Normal

Mange i nord vil bryte lova i kampen for miljøet

450 personar har meldt seg villige til å gjere sivil ulydigheit i kampen for miljøet, og lista veks stadig. Ein av desse er 17 år gamle Therese Hugstmyr Woie frå Tromsø.

Utsikt fra Nussir i Kvalsund

Her, ved Nussir i Kvalsund, er det planlagt å gjenopne den gamle koppergruva. Viss det skjer, vil miljøaktivistar bryte lova ved å lenke seg fast for å protestere.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– I gruvesakane er det snakk om retten vår til å ta over ein rein natur, og da må vi gå så langt vi kan for å stoppe det, seier Therese Hugstmyr Woie.

Portrettbilde av Therese Hugstmyr Woie

SEIER JA TIL SIVIL ULYDIGHEIT: Therese Hugstmyr Woie er leiar i Tromsø Natur og Ungdom.

Foto: Privat

Ho er leiar i Tromsø Natur og Ungdom, og brenn for miljøsaka. Så sterkt brenn ho at ho har sagt seg villig til å lenke seg fast for å stoppe gruveprosjektet i Repparfjorden i Finnmark.

– Viss Regjeringa godkjenner ei slik avfallsdumping, så er det jo eigentleg dei som gjer det som er ulovleg.

– Du er jo berre 17 år og ikkje myndig. Kva seier foreldra dine om at du er villig til å bryte lova på denne måten?

– Eg får ikkje lov til å gjere det for alle småsakene, men når det kjem til så store og viktige saker som dette, så er det heilt greitt, seier 17-åringen.

450 på liste mot sivil ulydigheit

Therese er ikkje aleine om å ville bryte lova i kampen for miljøet. 450 personar har sett seg på ei liste over aksjonistar og miljøforkjemparar som vil lenke seg fast mot gruvedrift i norske fjordar.

93 av desse er busett i landets tre nordlegaste fylke.

Leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre, seier at lista dobla seg i løpet av 2014. Han trur folk no forstår alvoret i planane til Nussir i Repparfjorden i Finnmark og Nordic Mining i Førdefjorden i Sogn og Fjordane.

Arnstein Vestre
Foto: Natur og Ungdom

– Dette er ikkje ein underskriftskampanje, men ei liste over folk som vil bryte lova fordi dei meiner at det vil bli gjort seg skuldig i miljøkriminalitet, seier Vestre.

– Ein del av ytringsfridomen i Norge

– Vi synst ikkje noko om det. Vi ønskjer jo dialog med desse grupperingane, seier styreleiar i Norsk Bergindustri, Hanne Markussen Eek.

Hanne Markussen Eek

SYNST IKKJE OM DET: Hanne Markussen Eek i Norsk Bergindustri synst ikkje noko om at så mange seier at dei vil gjere sivil ulydigheit.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Likevel meiner ho at motstanden har ein sjølvsagt plass i demokratiet:

– Dette er jo ein del av ytringsfridomen vi har i det norske samfunnet i dag.

Administrerande direktør i Nussir, Øystein Rushfeldt, seier til NRK at han ikkje har noko imot at så mange vil bryte lova for å hindre planane til selskapet.