– Storsamfunnet må hjelpe til og seie at språket er viktig

Kva skjer når eit språk er i ferd med å døy ut – kan ein redde det? Det prøver ein språkprofessor i Tromsø å finne ut.

Skibotn skilt

Trespråkleg skilting i Nord-Troms.

Foto: Klemet Anders Sara / NRK-Sapmi

I spalta «Spør en forskar» på forskning.no er språkprofessor ved UiT Norges arktiske universitet, Øystein A. Vangsnes, intervjua om temaet språkdød.

Mange minoritetsspråk i verda står i fare for å døy ut dersom ingen bruker det. Om ingen bruker det i kvardagen, er det siste spiker i kista for små språk.

– Språk må snakkast av dei unge, helst på fleire arenaer, for å vere levande, seier Vangsnes til forskning.no.

Øystein Vangsnes

Språkprofessor ved UiT Norges arktiske universitet, Øystein A. Vangsnes.

Foto: Lars Nes

Han understrekar at det også er nødvendig at barn må lære eit språk medan dei veks opp og dei må bruke det i kvardagen sin.

Vangsnes har sjølv forska på pitesamisk, som blir snakka av om lag 30 personar i Sverige. Den siste som snakka pitesamisk i Norge, gjekk bort på 1960-talet.

  • Sjå musikkvideo:

– Språk må få offisiell status

Det er ikkje berre viktig at barna lærer språket på heimebane og blir vant til å bruke det i det daglege. Anerkjenning frå storsamfunnet er også ein viktig faktor, seier forskaren til nettstaden.

– Storsamfunnet må hjelpe til og seie at språk er viktig, seier Vangsnes til forskning.no og legg til:

– Språk er eit veldig viktig uttrykk for kultur. Mistar ein det, mistar ein del av kulturen og identiteten sin.

Forskaren seier også at det er svært viktig at myndigheitene gir minoritetsspråka status som eit offisielt forvaltningsspråk, for å gje det status og vidare at fleire folk vil bruke språket.

I Norge gjeld dette spesielt samiske språk og kvensk, som saman med romanes og romani har status som regions- eller minoritetsspråk.

Ifølgje forskning.no har mange språk blitt borte dei siste åra, og tal frå UNESCO viser at sidan 1950 har minst 230 språk forsvunne.

Forskarane reknar med at det i dag er over 7000 språk i verda.

Se og hør ettermiddagssendinga fra NRK Troms