Hopp til innhold

– Kvenane må vere modige og bruke språket i alle samanhengar

Leiaren i Norske Kveners Forbund meiner det må leggjast ned ein stor innsats for det kvenske språket.

Hilja Huru i Norske Kveners Forbund

Hilja Huru er leiar av Norske Kveners Forbund.

Foto: Heidi Nilima Monsen

Leiaren i Norske Kveners Forbund, Hilja Huru, meiner at kvenane må vere modige og bruke språket i alle samanhengar, om ein ønskar ei framtid for det kvenske språket. I ei pressemelding frå Norske Kveners Forbund seier ho at det er spesielt viktig at ein brukar kvensk i offentleg samanheng.

I sin nyttårstale til det kvenske folk, trekk ho mellom anna fram arbeidet som blir gjort for å bevare språket, som festivalar, språksenter og ungdommar som bruker språket i kvardagen og i skulen.

Samtidig meiner Huru at verdien til kvenske kulturminner blir kraftig redusert, og er også fortvilt over at regjeringa og politikarar ikkje forstår viktigheita av å bevare språket og kulturen.

Kvensk språk fekk status som nasjonalt minoritetsspråk i 2005.

I videoen under kan du sjå talen til Hilja Huru, på kvensk.

– Dei som kan kvensk vil høyre at det ikkje er perfekt, men eg synest det er viktig å snakke det språket vi har, seier Huru i ei pressemelding, og legg til at det er spesielt viktig at ho som leiar av Norske Kveners Forbund gjer nettopp dette.

  • Her kan du sjå talen til leiaren i Norske Kveners Forbund, produsert av Ruijan Kaiku: