Hopp til innhold

Prisene ingen liker å snakke om

Det er stor prisforskjell på C-vitamin du kan kjøpe på apotek og i butikk. Og reiser du over grensa til Sverige er det enda billigare.

C-vitamin i Norge og Sverige

Det er stor prisforskjell på brustablettar med C-vitamin kjøpt på apotek i Norge og det du kan få kjøpt i butikk i Sverige. Kvifor er det slik?

Foto: Jan Erik Tangen

I dag kan du få kjøpt C-vitamin på apotek, helsekostforretningar og i butikken. Det kan vere store variasjonar i pris. Og det er mange produkt å velje mellom.

Jan Erik Tangen fortel at kona hans, Anne Brit, var forkjølt og kjøpte ein sylinder med brusetablettar på eit apotek i Porsgrunn.

– Men så nemnde ho det for søstera si som fortalde at C-vitamin kunne ho få kjøpt mykje billigare i butikk i Sverige, seier Tangen.

Det viste seg å vere stor prisforskjell på ein sylinder med brustablettar kjøpt i Sverige og ein som er kjøpt på apotek i Norge.

Jan Erik Tangen med C-vitaminer

Jan Erik Tangen med C-vitamin kjøpt i butikk i Sverige og på apotek i Norge.

Foto: Even Skårberg Årnes / NRK

C-vitamin dyrare i Norge

Til dømes kostar Nycoplus C-vitamin kjøpt på apotek i Norge 99,90 kroner for ein sylinder med brustablettar. Kvar tablett gir opp produsenten inneheld 1000 mg vitamin C per tablett, ifølgje informasjonen i Felleskatalogen på nett.

I Sverige kan du få kjøpt Body Boost C-vitamin til 11,20 kroner i butikk. Det er også brustablettar, og produsenten Bellvin Group gir opp på sine nettsider at kvar tablett inneheld 1000 mg vitamin C.

– Eg lurar på kva det er som gjer at det blir så stor prisforskjell. Kva er det som gjer at C-vitamin blir så mykje dyrare i Norge, seier Tangen.

Les også: C-vitamin hjelper mot forkjølelse

Apotek fastsett prisen

Jostein Soldal

Jostein Soldal, kommunikasjonssjef i Apotekerforeningen.

Foto: Espen Solli / Apotekforeningen

Det skal vise seg at det ikkje er så lett å få svar på det spørsmålet.

Apotek 1 kjeda vil ikkje snakke om prisforskjellen og viser vidare til Apotekforeningen. Der svarar kommunikasjonssjef i Apotekerforeningen, Jostein Soldal.

– Varer er gjerne dyrare i Norge på enkelte produkt, men så store utslag er sjeldne, seier Soldal.

Det er Nycomed som marknadsfører Nycoplus på sine nettsider. Nycomed er eigd av Takeda. Marknadsdirektør i Takeda, Marianne Mæhlum, seier at prisane blir bestemt av apotekkjedene.

Vi sel våre produkt til apotekgrossistane som fastset prisen til forbrukar. Så prisen er deira ansvar. Våre produkt blir ikkje selt i Sverige, seier Mæhlum.

Mæhlum seier det er forskjellige grenseverdiar for kor mykje C vitamin det kan vere i eit produkt i Norge, Sverige og Danmark før det blir klassifisert som eit legemiddel.

C-vitamin i butikk

Dette produktet kan du få kjøpe i daglegvarebutikkar i Norge. Her er det ikkje lov til å selje produkt som har meir enn 200 mg C-vitamin. I Sverige er grenseverdien høgare.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Les også: C-vitamin bremser kreft

Sel berre kosttilskot

Bellvin Group svarar ikkje på telefon, men Claus U Assarsson svarar på epost at dei per i dag ikkje har nokon produkt registrert som legemiddel i Sverige.

– Vi sel berre kosttilskot under eige varemerke, fortel Assarson.

Han seier at årsaka til at deira produkt er billigare enn konkurrentane er at Bellvin Group har kutta mellomleddet, og at dei legg mykje pengar i marknadsføring.

– Og så har vi bra leverandørar.

Elles meiner Assarson deira produkt kan samanliknast med dei beste likeverdige produkta på marknaden.

Kassalapp for C-vitamin kjøpt i Sverige

Kassalappen frå Euro Cash viser at ein sylinder C-vitamin brusetablettar kostar 11,20 svenske kroner.

Foto: Jan Erik Tangen

Nycoplus C-vitamin står oppført i Felleskatalogen til legemiddelindustrien som C-vitamin preparat, og er dermed godkjent som legemiddel.

Administrerande direktør i Felleskatalogen, Bente Cecilie By Jansen, seier at det berre er produkt som blir marknadsført og selt i Norge som står oppført i Felleskatalogen.

– Det er fri prissetting i Norge på reseptfrie legemiddel. Så apoteka kan i prinsippet ta den prisen dei vil, seier Jansen.

Les også: Vitamintilskudd kan gi dårligere treningseffekt

Trygg på reseptfrie legemiddel

Steinar Madsen

Steinar Madsen i Legemiddelverket.

Foto: Statens legemiddelverk

Medisinsk fagdirektør i Legemiddelverket, Steinar Madsen, seier at kunden kan vere trygg på reseptfrie legemiddel som blir kjøpt i Norge.

– Da bør kunden velje den billigaste for å skape konkurranse og press på prisane.

Madsen seier at det berre er godkjente legemiddel som får stå oppført i Felleskatalogen. Er produktet eit kosttilskot vil det ikkje stå oppført i Felleskatalogen.

– Det er strenge krav for å bli godkjent som legemiddel, blant anna fordi produktet skal kunne brukast på sjukehus til pasientar. Og då vil det koste noko ekstra.

Legemiddelverket åtvarar mot å kjøpe vitamin og kosttilskot på internett frå utlandet, fordi kvaliteten er usikker. Og det er innført forbod mot å kjøpe legemiddel på internett.

C-vitamin i helsekostbutikk

Ester C frå Media Nord kan du få kjøpt i helsekostbutikkar i Norge. Desse produkta inneheld 200 mg C-vitamin. Men du får også kjøpt produkt med 750 mg C-vitamin som er godkjent som naturlegemiddel.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Les også: Hamstrer vitaminer i Sverige

Kan ikkje selje sterke C-vitamin

Ein helsekostkjede NRK har vore i kontakt med vil ikkje ha namnet sitt på trykk. Men opplyser at det ikkje er lov for helsekostbutikkar å selje produkt som har 1000 mg C-vitamin. Det er lov å selje kosttilskot med 200 mg C-vitamin i helsekostbutikkar og matvarebutikkar.

Helsekostbutikkar har lov å selje produkt som inneheld 750 mg C-vitamin, men då må dette vere godkjent som naturlegemiddel.

Mattilsynet skal vurdere om det er behov for å revidere dei nasjonale maksimumsgrensene for vitamin og mineral i forskrifta for kosttilskot.

Gisle Roksund, lege

Spesialist i allmennmedisin, Gisle Roksund.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Dei nasjonale maksimumsgrensene gjeld til det er fastsett felles maksimums- og minimumsgrenser for innhald av vitamin og mineral i kosttilskot på EU-nivå og desse er tatt inn i forskrifta om kosttilskot.

Livsmedelverket opplyser på sine nettsider at det ikkje finst nokon maksimumsgrense for vitamin og mineral i kosttilskot i Sverige. Det er den som lagar og sel kosttilskotet som er ansvarleg for at produktet er sikkert for konsumenten.

Les også: Derfor bør du spise paprika

Betre med frukt og grønt

Spesialist i allmennmedisin, Gisle Roksund, seier behovet for tablettar og C-vitamin er overdrive.

Han meiner folk kan ete frukt og variert mat for å få dei vitamina som kroppen treng.

– Det er betre å kjøpe frukt hos den lokale kjøpmannen, og så smakar det betre, seier Roksund.