Hopp til innhold

– Tragisk at så mange mødrer slit psykisk

SKIEN (NRK): Jordmor Siri von Krogh seier at med dei rekordlåge fødselstala vi såg i fjor, burde kapasiteten og servicen på fødestovene vore mykje betre enn den var.

Linnea Jubskås Romnes

PÅ BARSELAVDELINGA: Linnea Jubskås Romnes er tre dagar gamal. Mamma Camilla Jubskås er veldig godt fornøgd med tilbodet på Sjukehuset Telemark. Jordmødrene på avdelinga seier at kvinnene som føder her, får bli så lenge dei vil.

Foto: SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM / NRK

– Det er skremmande at fleire og fleire mødrer slit mentalt. Sidan det er færre som føder, burde det vera rom for betre omsorg. Dette seier litt om kor dårleg barseltilbodet eigentleg er, seier Krogh.

Siri von Krogh

BETRE BARSELOMSORG: – Det er ikkje noko mål å liggje lengst mogleg på sjukehus, men det er mykje billegare å førebyggje enn å reparere, seier jordmor Siri von Krogh frå nettstaden altformamma.no.

Foto: Privat

Jordmora hevdar at barselomsorga og jordmortenesta ikkje har vore prioritert dei siste 20 åra. Ho siktar særleg til auken i fødselsdepresjon, som ifølgje ein studie kan ha samanheng med kort liggetid.

– Det er tragisk at det har gått så langt at folk slit psykisk, seier Krogh.

Dei siste vekene har fødetilbodet i Noreg vore under debatt. Når Haukeland byggjer nytt sjukehus i Bergen, er målet at friske barselkvinner skal sendast heim mellom seks og 24 timar etter fødsel, ifølgje BT. Omtrent samtidig kan SSB slå fast at fødselstala i Noreg er rekordlåge.

Fryktar negative fødselshistorier

Stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) er blant dei som er bekymra for barselomsorga i Noreg.

– Eg er redd for at folk kjem til å vegre seg meir for å få barn dersom det blir mange dårlege barselhistorier. Det kan få alvorlege konsekvensar for mor eller barn å ligge for kort tid på eit sjukehus.

Politikaren fekk sjølv psykiske plager i barseltida. Ho hadde ein vanskeleg fødsel med komplikasjonar. Samtidig opplevde ho eit press frå barselavdelinga på Ullevål om å flytte raskt over til barselhotellet, der det ikkje var legeoppsyn.

– Eg turte ikkje å dra meir i den raude leidninga, fordi eg opplevde at dei syntest eg var veldig masete, seier Sem-Jacobsen.

Politikaren hadde både fysiske og psykiske plager, og fekk til slutt eit angstanfall.

– Eg var svak og redd, og følte meg lite vareteke. Det var da fødselsdepresjonen starta. Det gjorde det lite freistande for meg å få fleire barn.

Åslaug Sem-Jacobsen

FEKK FØDSELSDEPRESJON: – Det er fleire årsaker enn kort liggetid som spela inn da eg fekk fødselsdepresjon. Men om eg hadde hatt ei jordmor som ikkje absolutt skulle vera mest mogleg effektiv, så hadde eg kanskje unngått depresjonen, seier Åslaug Sem-Jacobsen.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

– Må trygge mor og barn heime

Anne Grethe Erlandsen (H), statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, er samd i at ein treng fleire jordmødrer. Men ho meiner ikkje at barseltilbodet har vore nedprioritert.

– Det har aldri vore så mange jordmødrer i norske kommunar som nå. Og det er helsestasjonar i alle kommunar, der det er helsesystrer som i mange år har følgt opp mor og barn.

– Siri von Krogh meiner tilbodet burde vera betre på sjukehusa, når det er færre som blir født?

– Vi veit at det er trygt å føde i Noreg, og vi har lågast spedbarndødlegheit i Europa. Men mange opplever psykisk belastning. Difor har regjeringa satsa på førebygging og betre helsetenester ute i kommunane. Eg trur det beste er å trygge mor og barn heime.

Anne Grethe Erlandsen

IKKJE LØYSING Å LIGGJE LENGER: – Nyfødde barn bør heim i det miljøet ein har der. Det er faktisk farlegare miljø på eit sjukehus, med bakteriar og slikt, enn det er heime, seier Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: NRK