Hopp til innhold

Vil sende nyfødde heim etter seks timar, men kranglar om rekninga

KVINNEKLINIKKEN (NRK): Verken Bergen kommune eller Helse Bergen vil bla opp for å følgje opp nyfødde som blir sende tidleg heim etter fødsel.

To dagar gamle Adelina Amundsen på Haukeland sjukehus

NYFØDD: To dagar gamle Adelina har fått vera på sjukehuset med mor og far i fleire døgn etter fødselen.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Sovande og lukkeleg uvitande vart vesle Adelina (to døger) trilla fram då politikarar og presse vitja Haukeland universitetssjukehus i Bergen torsdag.

Framtidsplanane til Helse Bergen om å sende dei fleste av barselkvinnene heim seks til åtte timar etter fødselen har skapt sterke reaksjonar.

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre vitja torsdag sjukehuset for å få vite meir om planane.

– Vi er veldig takknemlege for at vi har fått vere her nokre dagar etter fødselen, slo det nybakte foreldreparet Alexandra og Robin Amundsen klart fast.

Jonas Gahr Støre saman med Alexandra og Robin Amundsen

GLADE: Dei nybakte foreldra Alexandra Amundsen og Robin Amundsen fortalde Jonas Gahr Støre (Ap) om korleis dei har hatt det etter fødselen på Haukeland.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Uroa

Dei frammøtte fekk høyre om korleis Amundsen-familien har hatt det etter ein krevjande fødsel på heile 36 timar.

– Vi har fått veldig god oppfølging og takka ja til å vere her i tre dagar alle saman, seier Alexandra.

– Mi uro er at kvinna som føder og den nye vesle familien føler at dei må fortare ut av sjukehuset enn dei er trygge for. Dei skal føle tryggleik og vere på sjukehuset så lenge det trengst, seier Støre.

– Framtidsretta

Helse Bergen-direktør Eivind Hansen seier det ikkje er noko mål å kaste kvinnene ut av sjukehuset etter fødsel.

– Vi er ute etter å gi god fødselsomsorg og meiner det er framtidsretta å følge dei heim i samarbeid med kommunen, der dei får fagleg og ansvarleg oppfølging av jordmor. Dei som treng å kome tilbake er sjølvsagt velkomne, seier direktøren.

Eivind Hansen, administrerende direktør i Helse Bergen

FORHANDLAR MED KOMMUNEN: Helse Bergen-direktør håpar å få til eit betre samarbeid om barselomsorga med Bergen kommune, men ein særavtale og krangel om pengar gjer at dei førebels ikkje er samde.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Sjukehuset samarbeider allereie med fleire omkringliggande kommunar rundt Bergen, og Hansen meiner resultata er gode.

I 2015 skreiv BT om ei undersøking der kvinnene som fekk jordmor heim var meir fornøgde med hjelpa dei fekk, enn dei som var på sjukehuset i to døger.

Protesterer

Men i samarbeidet med Bergen kommune er det fleire hakk i plata.

Det eksisterer nemleg ein særavtale mellom partane, som seier at sjukehuset har ansvaret for barselkvinner opp til fem døger etter fødselen.

– Vi endrar teksten frå «nedbemanning på barsel», til «rasering av barsel». Det på sin plass, sa Eline Vik i Den norske jordmorforeningen då NRK onsdag kveld møtte jordmødre som førebudde parolar til kvinnedagen.

Dei meiner barselkvinner i Bergen har blitt kasteballar mellom kommunen og sjukehuset.

Paroler til kvinnedagen

PROTEST: Eline Vik og Gunvor Raundalen i Jordmorforeningen førebudde parolar til 8. mars-markeringa. – Kommunen lener seg bakover og prøver å ikkje ta ansvaret, før dei har fått økonomiske midlar til å rusta opp heimebasert barselomsorg, meiner Vik.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

– Kan ikkje finansiere kommunen

Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) seier kommunen ønskjer å ta over ansvaret for barselkvinnene. Men krava hennar er krystallklare.

– Når det er oppgåveoverføring frå spesialisthelsetenesta til kommunen, skal det følge pengar med.

Men direktør Eivind Hansen meiner det ikkje er sjukehuset si rolle å finansiere kommunen si barselomsorg.

– Pengane må kome gjennom ordinære offentlege budsjett.

Han peikar på at det generelt i helsetenesta går føre seg fleire endringar.

– Då kan det ikkje vera eit særsyn at ein innan barselomsorga skal halda fast på at dei fem første dagane er vårt ansvar, når nesten 40 prosent av kvinnene og dei nyfødde barna reiser friske og fornøgde heim etter to dagar.