Hopp til innhold

Svindla til seg millionar frå eldre, einslege kvinner: – Møtte opp heime hjå dei

Politiet har pågripe fire personar for bedrageri mot eldre, opplyser Oslo politidistrikt. Dei pågripne gav seg ut for å vere frå politiet.

Politihuset i Oslo

Politiet har pågripe fleire personar for bedrageri mot eldre.

Foto: Tore Ellingseter

Det er fire personar som er pågripne. To av dei sitt i varetekt no, opplyser politiet til NRK.

Pågripingane har skjedd i Noreg, og ein av dei i Danmark. Sistnemnde har ikkje bustadadresse der. Politiet vil ikkje seie noko om dei pågripne er kjend for politiet frå før.

Politiet har òg ransaka fleire adresser i Noreg.

Dei utelukkar ikkje at fleire kan bli pågripne i saka.

– Vi fortsett etterforskinga. Det er ein god del beslag som vi må gå gjennom, og personar som må bli avhøyrde, seier politiadvokat Kaja Frimann Stephensen.

Svein Holden

Svein Holden er forsvararen til ein av dei pågripne. Han seier at hans klient enda ikkje er avhøyrt, men pågripne ikkje erkjenner straffskyld.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Sa dei var frå politiet

Dei kriminelle aktørane har både ringt og fysisk møtt opp, og sagt dei var frå politiet. Slik har dei fått tilgang til dei fornærmas bankkontoar og bankkort.

– Så har dei brukt bankkorta deira for å ta ut kontantar og kjøpe varar, og overført store summar med pengar frå kontoane deira, seier Stephensen.

Ifølgje politiet dreier det seg om millionbeløp.

Alle dei fornærma er eldre personar, ofte einslege kvinner.

Personar over heile landet har blitt svindla, men dei fleste bur i Oslo-området.

Politiet har ikkje oversikt over kor mange som er fornærma i saka.

Les også Turid ble svindlet – nå skal hun lære seg å gjenkjenne kriminelle

Turid Misfjord Leistad

Let etter seg traumatiserte personar

Politiet ser at same type bedrageri skjer både i Danmark og i Sverige, der dei kriminelle ringjer og gjev seg ut for å vere frå politiet eller banken.

– Det som er spesielt med sakene vi har aksjonert på no, er at det i tillegg har møtt opp fysisk heime hjå dei fornærma. Det har skjedd her i landet, seier politifyrstebetjent Mikael Sorter.

– Så det er ikkje snakk om internasjonale bedrageri?

– Dei sakene vi etterforskar knyter seg til bedrageri i Noreg.

Politiet ser på dette som svært alvorlege lovbrot som lèt etter seg traumatiserte personar.

– Vi har ofte dialog i etterkant med både dei fornærma og familien rundt, for å skape tryggleik og sikre om at vi er det ekte politiet, seier Sorter.

I pressemeldinga skriv oslopolitiet at dei åtvarar mot å oppgi BankID-informasjon per telefon.

– Verken banken eller politiet vil aldri be om dette.

Les også Per (82) trudde han kjøpte gåvekort til leiaren i pensjonistlaget

Per Emil Orvik kjøpte åtte gåvekort av typen Paysafe card. Han blei utsett for svindel