Russia's Adelina Sotnikova reacts at the end of her program during the Figure Skating Women's free skating Program at the Sochi 2014 Winter Olympics

Adelina Sotnikova (17) klarar ikkje å halde tårene tilbake.

Sotnikova

Det første russiske gullet i kunstløp på kvinnesida er sikra.

Putin, Sotnikova og Lipnitskaya

Ho og lagvenninna Julija Lipnitskaja er lukkeleg uvitande om kva framtida vil bringe.

Figure Skating - ISU Grand Prix Rostelecom Cup 2018 - Ladies' Free Skating

Bak den neste gullvinnaren er det ei som står tett i tett med skandalane.

2018 Winter Olympics, Day 14, Figure Skating, Ladies Single Skating, Free

– Ho endra spelereglane, seier Benoît Richaud.

Isdronninga og utløpsdatoen

Isdronninga og utløpsdatoen

– Russarane likar å vinne. Alle veit det.

Den franske koreografen Benoît Richaud snakkar med entusiasme i stemma, men bak den entusiasmen rugar ein alvorleg realitet.

Utviklinga av russisk kunstløp har han studert over lengre tid, heilt sidan han avslutta sin kunstløp-karriere og byrja å jobbe med den russiske trenaren Aleksej Misjin.

På 15 år har noko endra seg.

USA var alltid dei som trena mest. Fire treningsprogram kunne løparane gjennomføre på ein dag.

Dei russiske utøvarane gjorde maks eitt. Kanskje av og til to.

Russarane var inga stornasjon i kunstløp på kvinnesida. Tidlegare plukka dei ut dei beste jentene og brukte dei i isdans og parløp.

Det er nesten som det sa klikk. Dei bestemde seg plutseleg.

Russarane tok eit djupdykk ned i biomekanikk og vitskap, og miksa det saman til ein skotsikker metode blanda med eit strengt regime.

Koreografen pustar tungt ut.

Etter at trenar Eteri Tutberidze har monopolisert dei siste tre olympiske leikane med utøvarane sine, har Benoît Richaud fått nok.

– Det er heilt klart at dei er vakre og enormt imponerande kunstløparar, men hennar jenter vinn alt, seier han.

Han tek ein pause. Tenkjer litt, og så blir stemma tynga av mørke.

– Men ein kunstløpar er ikkje ein boks med eingongsserviettar.

Benoît Richaud, fransk koreograf

VURDERER: Franske Benoît Richaud rettleiar elevane sine på isen.

Foto: Belinda Schoenberger/Peak Ice Camps

Blondt hår og stram mine

Kvinna med det krøllete, blonde håret er godt pakka inn i den lange, mørke kåpa. Auga er festa på dei elegante jentene på isen i Beijing. Tre av elevane hennar er storfavorittar i den individuelle konkurransen i OL.

Ein av dei står midt i ei dopingskandale.

Medan assistent og koreograf Daniil Glejkhengauz klappar, hoiar og følger i takt med musikken til kunstløparane sitt program, står Tutberidze heilt stille. Vurderer.

Blikket er alvorleg.

Eteri Tutberidze

FOKUSERT: Eteri Tutberidze analyserer utøvarane sine prestasjonar med eit skarpt blikk.

Foto: DIMITAR DILKOFF / AFP

Vil eleven takle presset?

Det er mykje som står på spel.

Så mykje at NRK ikkje har lukkast å nå den suksessfulle trenaren etter å ha vore ei veke i skøytehallen i Beijing. Ho ville ikkje late seg bli intervjua.

Sjølv blei ho aldri ein suksessfull kunstløpar. Som ung fekk ho karrieren avbroten av skader, og sleit med å finne ein trenar som ville lære ho dei tekniske hoppa.

Ho bytta til isdans, som inneber meir dans og mindre hopp, og reiste til USA. Karrieren tok aldri av, og ho gjekk etter kvart over i trenarrolla.

Men ho sakna heim. Saman med dotter Diana Davis returnerte Tutberidze tilbake til Moskva.

Og sidan Tutberidze blei utnemnd til hovudtrenar for dei russiske jentene på Sambo-70-akademiet i 2013, har Russland vunne det meste.

– Ho endra spelereglane, seier Richaud bestemt.

Korleis gjekk det til?

Hardt regime

I 2014 blei Adelina Sotnikova den første russiske kvinna til å ta OL-gull i kunstløp.

17 år var ho den gongen, men det var lagvenninne Julija Lipnitskaja som stal overskriftene då ho sikra gullet i lagkonkurransen.

15 år var ho.

Alderen på gullvinnarane var langt nær å bekrefte den uheldige sanninga om at små, lettare utøvarar har ein fordel på grunn av fysikk og mindre luftmotstand.

– Det er som ein kjent kunstløp-trenar sa til meg ein gong: «I framtida vil dei unge jentene vere betre enn dei eldre, meir erfarne». Han fekk rett, seier Richaud.

Lipnitskaya of Russia during team ladies' free skating at the Sochi 2014 Winter Olympics

GULL: Lipnitskaja sikra den gjævaste medaljen i lagkonkurransen.

Foto: BRIAN SNYDER / Reuters

Mange meiner dette er gullstrategien til Tutberidze og hennar team. Metoden blir kalla «Eteri sin utløpsdato».

– Etter puberteten treng ein meir restitusjon fordi kroppen responderer på treningsbelastninga på ein anna måte, enn før puberteten, fortel tidlegare kunstløpar Camilla Gjersem.

Sambo 70-akademiet plukkar utøvarar frå dei er sju-åtte år gamle, og jerngrepet blir festa.

– Dei spesialiserer i veldig ung alder. Allereie frå ung av lærer dei teknikkar. Og bak den utviklinga ligg eit ekstremt godt treningsgrunnlag og eit hardt treningsregime med autoritær trenarstil, for å kome på det nivået, fortel Gjersem vidare.

Tutberidze har fortalt at utøvarane trenar tolv timar for dagen.

Gjersem stoppar opp.

– Eg kan berre førestille kva dei har gitt avkall på.

Små drypp har komme her og der, og sakte men sikkert har delar av kva som skjer i ishallen i Moskva blitt avdekka.

Kunstløperne Camilla Gjersem (t.v.) og tvillingsøster Anne Line Gjersem

GODE: Camilla Gjersem og tvillingsyster Anne Line Gjersem var lenge Noreg sine største kunstløparar.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Lite mat, mange skader

Ingen av kvinnene som tok medaljar i Sotsji-OL held framleis på i dag.

15 år gamle Lipnitskaja enda karrieren tre år seinare, som følge av ein kneskade og ei skakande utvikling av sjølvbiletet.

Til russisk media i 2019 fortalde Lipnitskaja at ho sleit med anoreksi. Det varte ikkje berre i eitt år, men i «to, eller tre» år.

Skøytene blei lagt på hylla og ho budde sine tre første månadar som «pensjonist» på eit rehabiliteringssenter i Israel.

Under regimet til Tutberidze hevda Lipnitskaja at trenaren oppfordra ho til å bruke ekstreme metodar for å halde vekta nede.

Eteri Tutberidze og Julia Lipnitskaya

SPENT: Eteri Tutberidze og Julija Lipnitskaja venta på poengsummen etter hennar framføring i Sotsji-OL i 2014.

Yulia Lipnitskaya

JUBEL: I lagkonkurransen vann ho gull saman med lagkameratane sine.

Yulia Lipnitskaya of Russia's figure skating team is greeted Russia's President Vladimir Putin at the Sochi 2014 Winter Olympics

STOLT: Det blei godt motteke av president Vladimir Putin, som gir ho eit kyss på kinnet etter vel blåst konkurranse.

Det verkar ikkje som det utspelet skapte noko kontrovers, for fire år seinare var det to nye jenter som fekk sin innmarsj på den største scena.

Alina Zagitova (15) og Jevgenija Medvedeva (17) skaffa nok eit olympisk gullrush i retning den stolte nasjonen. Så fornøgde var landet at president Vladimir Putin tildela trenaren eit æresbevis for dei gode resultata i sporten.

Eteri Tutberidze og Vladimir Putin

STOLT: Vladimir Putin gir Eteri Tutberidze æresbeviset etter dei gode resultata i OL i Pyeongchang i 2018.

Foto: Dmitry Azarov / Polaris

Zagitova var den nye stjerneeleven, men òg ho hadde ein laussnippen munn. I eit intervju med russisk media blei ho spurd om utfordringar med vekst og pubertet.

– Eg tenkjer at puberteten er fiksjon. Du treng berre å lukke munnen og ikkje ete. Eller i alle fall veldig lite. Eg et, men i små mengder, sa ho den gongen.

I same intervju kom det fram at til og med vatn var ei luksusvare for Tutberidze sine elevar.

På konkurransedag får ikkje dei russiske kunstløparane drikke vatn. Det blir brukt som skyljemiddel. Kvart einaste gram på kroppen gjeld.

– Eg har skjønt at eg må vere så «tørr» som mogleg. Når ein ikkje har så mykje musklar, held kroppen på vatnet. Du blir tung og hoven, har Zagitova sagt om veske-restriksjonen.

Tutberidze har fortald til russisk media at ho ikkje kontrollerer dietten til elevane sine, men følgjer med på vekta.

– Eg ber dei om å sende meg talet. Vi rår dei til å vege seg kvar dag, for det er enklare å løyse problemet om det er snakk om 200 gram, enn to til tre kilo, har ho sagt.

På same tid har dei russiske kunstløp-stjernene revolusjonert kvinneleg kunstløp med sine firedoble rotasjonar og høgt tekniske program.

I 2020 fekk Tutberidze prisen for årets trenar av den internasjonale skøyteunionen. Kvar og ein kunne stemme på sin utvalde på nett, og talet stemmer enda i favør Tutberidze.

Det står i sterk kontrast til baksida av medaljen.

– Dei har definitivt ein metode. Og dei er ikkje redde for å prøve ut ting som andre er redde for å gjere, seier Richaud.

Pyeongchang 2018 Winter Olympics

KORT KARRIERE: Alina Zagitova og Jevgenija Medvedeva i OL i Pyeongchang i 2018.

Foto: DAMIR SAGOLJ / Reuters

Uortodokse metodar

I ein dokumentar frå 2016 blei ei gråtkjøvd dotter portrettert då ho pressa seg gjennom nok ein treningsdag på isen. Ho fekk trene med gullkalven til Tutberidze, Jevgenija Medvedeva, og torde ikkje sei til mor at ho hadde feber og var sjuk.

Treninga måtte framleis gjerast.

I dag har Diana Davis gått over til å konkurrere i isdans, og har ein anna trenar – som ikkje treng den spesialiserte hoppekspertisen.

Likevel kjem mor med råd, men berre av og til.

– Ja, nokre gonger får eg råd. Men ho er mest mor, og ikkje trenar, fortel Davis.

Beijing Olympics Figure Skating

STØTTE: Eteri Tutberidze var på tribunen då dotter og partnar viste fram sin isdans i Beijing.

Foto: David J. Phillip / AP

I same dokumentar fortalde Tutberidze om leiken i lag med Medvedeva. Ho sleit med å halde seg på beina etter vanskelege hopp, og det ville trenaren ha slutt på.

– Eg tok tak i beina hennar og drog ho rundt på isen, og spurde «likar du å ligge her»? Det enda med at ho blei veldig sint, men ho byrja å kjempe hardare med hoppa sine, sa Tutberidze.

Metoden fungerte – Medvedeva byrja å lande på beina.

I dokumentaren var det i alle fall ei glad og latterfylt jente som mimra tilbake til leiken.

Stjernesirkelen

Unge jenter kan berre drøyme om å få innpass på Sambo-70-akademiet, til trass for det strenge treningsregimet og den ribba mattilgangen.

– Når ein først får opp eit miljø, så vil alle dit. Ein reiser dit ein veit det er gode trenarar, fortel Gjersem.

Den velkjende koreografen peikar på det same.

– Eg trur på den magiske sirkelen. Viss du skøyter med dei beste, blir du automatisk den beste. Det er ein sirkel med høg kompetanse, energi og humør som smittar over på utøvaren, seier Richaud.

Når NRK spør dotter Davis og partnar Gleb Smolkin korleis Tutberidze har lykkast med metodane sine, svarer dei dette:

– Hemmelegheita er eit godt lag, og ho har eit godt lag. Ho elskar kunstløp og jobbar på isen kvar dag utan kvile. Ho vil gjere jobben så godt ho kan, seier dei.

Davis og Smolkin

PAR: Diana Davis og Gleb Smolkin etter sin fridans i Beijing.

Foto: SEBASTIEN BOZON / AFP

Men det kjem med ein baktanke.

– Utøvarane er veldig unge, og på det tidspunktet har ein ikkje utvikla ein kritisk sans som ein får når ein blir eldre, seier Gjersem.

I dag har òg gullvinnaren og sølvvinnaren frå OL i Pyeongchang lagt opp, og tre nye utøvarar danna Tutberidze sitt stjerneteam i Beijing.

Spørsmålet er om dei blir hovudfigurar i neste OL. Ut frå historia å tolke, er det nok liten sjanse for det.

– Til kva pris er det verdt det? Kjem desse utøvarane til å sjå tilbake på kunstløp som ein god erfaring, eller vil dei avslutte karrieren relativt øydelagt og få traume i kampen om medaljar? Spør Gjersem.

Det er eit godt spørsmål.

Isdronninga og trona

I 2022-leikane i Beijing var det ei ny jente som stod i sentrum.

Kamila Valijeva blei den første kvinna som landa eit firedobbelt hopp i ein olympisk konkurranse. Ho gjorde det to gonger.

Ho blei hylla av alle i kunstløp-miljøet, men den enorme prestasjonen blei raskt overskygga av ein etterfølgande dopingskandale.

I friløpet i den individuelle konkurransen var Valijeva storfavoritt, men presset blei for vanskeleg å takle. Ho hamna utanfor pallen.

Russiske Aleksandra Trusova tok sølv, og Anna Sjtsjerbakova vann gullet. Nok ein gong var det to av elevane til Tutberidze som stakk av med medaljane frå OL.

Ingen av dei var spesielt glade for den prestasjonen.

Den kalde reaksjonen etter Valijeva sitt løp blei umiddelbart sett i søkelyset.

– Kvifor gav du opp? Kvifor slutta du å kjempe? Sa Tutberidze i ein streng tone til eleven sin som fall to gonger og var fullstendig i tårer etter mislykka program.

Figure Skating - Women Single Skating - Free Skating

STRENG BESKJED: Tutberidze forstod ikkje kvifor Valijeva stoppa opp etter eit mislukka hoppforsøk.

Figure Skating - Women Single Skating - Free Skating

KNUST: 15-åringen brast i tårer etter programmet sitt.

Figure Skating - Women Single Skating - Free Skating

TÅRER: Den unge jenta kunne ikkje slutte å gråte.

Thomas Bach, president for den internasjonale olympiske komité, var skaka av den kalde reaksjonen.

– I staden for å gi ho trøyst, kunne du føle den kalde atmosfæren og avstanden, skildrar han.

Sølv-Trusova mista andletet etter sitt program.

– Eg hatar denne sporten. Eg vil ikkje gå på isen igjen, sa ho før ho vende snuten mot garderoben og brast ut i høglydt gråt.

Gullvinnar Sjtsjerbakova visste ikkje korleis ho skulle reagere. Gleda var vanskeleg å tyde.

– Eg skjønar ikkje kva som har skjedd. På den eine sida kjenner eg meg glad, men på den andre sida føler eg ein slags tomheit inni meg, sa ho.

Figure Skating - Women Single Skating - Free Skating

FÅ SMIL: Aleksandra Trusova, Anna Sjtsjerbakova og japanske Kaori Sakamoto under blomsterseremonien i Beijing.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

Enden på visa

No er kunstløp-miljøet i harnisk etter dopingsaka til Valijeva og måten ho blei behandla av trenaren sin etter mislykka program.

Ekspertane fryktar for helsa til utøvarane.

– Hard trening i seg sjølv er ikkje øydeleggande, men eit miljø der det er psykisk stort press med lite pedagogiske trenarar, kan vere øydeleggande for utøvarane sin mentale og sosiale helse, seier Gjersem.

Ho meiner at det føregår ei rovdrift på utøvarane, og no vil ekspertane sjå endringar.

– Eg skuldar på systemet. Det russiske laget trenar for å produsere medaljar, og det er forståeleg det, men dei går frå ei jente til den neste, seier Richaud.

Han sukkar.

– Det triste er at dei fantastiske kunstløparar og kunne ha vunne medaljar på kryss av alle aldersgrupper, men systemet tilseier at du kan bli best som 15-åring. Det er systemet det er feil med.

Russisk kunstløp har forska på vitskapen. Dei har forstått at unge jenter er gullkandidatar. Reglementet i internasjonal kunstløp har pressa fram den gullformelen.

Sjølv om seniorgrensa er på 19 år, kan jenter delta allereie frå dei er 15 år.

– No er vi på enden av reglane. Ein femtenåring er på toppen av karrieren i kvart einaste OL. Det er den same historia kvart fjerde år – ei ung jente er på toppen av karrieren og borte i neste augeblikk, seier Richaud.

Overvekta av miljøet er klare i talen.

– Reglane må endrast, seier Gjersem.

I sommar skal forslaget som det norske skøyteforbundet la fram i 2020, vurderast på kongressen. Vil aldersgrensa som seniorløpar endrast frå 15 til 17 år?

Om det skjer, vil vi få svar på ein ting.

– Det russiske kunstløp-miljøet har ein teknikk for å produsere fantastiske utøvarar. Viss den teknikken er så god, så vil dei halde fram å vinne sjølv om systemet endrar seg. Vi får berre vente og sjå, seier koreografen.

Kjelder: Rsport, Russian Glamour, Sport Ekspress, Vox, Rsport, Dokumentar om Jevgenija Medvedeva og Eteri Tutberidze, BBC