Fengselsporten er opna.

Det er seks år sidan faren til brytaren Stig-André Berge blei drapsmann.

Korleis kan ein tilgi ein far som sit inne for drap?

Stig André Berge og familien møter far i fengsel.

Forsoninga

Forsoninga

Stig-André Berge (38) ser bort på barndomsheimen for første gong på mange år.

Det var her drapet skjedde, som enda med ein far bak lås og slå.

Han har grua seg til dette lenge.

Hetta er dratt over hovudet. Han er tydeleg utilpass, og ynskjer ikkje å bli kjent att. Det er mange som veit kven han er, akkurat her.

Brytaren tittar bort på parkeringsplassen og minna kjem snikande tilbake. Det er som han blir dregen seks år tilbake i tid.

Det står ein kvit Mercedes der. Ein heilt lik bil som han sjølv hadde ståande på akkurat den parkeringsplassen.

– Det er ikkje nokre hyggelege minne, seier han.

Berge ser seg rundt. Akkurat der, seier han og peiker, er inngangen til kjellaren som han brukte som inngang til leilegheita si, natta etter drapet.

Han torde ikkje å gå inn inngangsdøra, han følte seg paranoid.

Trudde det stod eit titals journalistar og venta på han, sjølv om klokka hadde passert to om natta.

– Eg har fortrengt det som skjedde. Det er ikkje noko koseleg å vere her i det heile tatt, seier Berge.

Stig André Berge ved Rødtvedt Borettslag.

Stig-André Berge ved Rødtvedt borettslag. Han er stiv i blikket. Det er få gode tankar som surrar i hovudet i dette augeblikket.

Stig André Berge ved Rødtvedt borettslag.

Han ser opp på den kvite bygningen. Her vaks han opp.

Stig André Berge utanfor inngangsdøra til faren sin tidlegare bupel.

På motsett side av den kvite bygningen, skimtar den raude døra. Her budde faren etter at foreldra blei skilde, og det var her faren drap den nye kona si.

Oppveksten

Stig-André Berge blei fødd den 20. juli i 1983.

38 år seinare står han med ein OL-bronse, ein VM-bronse og tre EM-sølv.

Det var på Rødtvet det heile starta, og han skildrar oppveksten som fin.

Han budde heime til han fylte 19 år, og han har mange gode minne. Som å spela fotball i gata. Faktisk var Berge så god i fotball, at han blei tatt ut på kretslaget i ung alder.

Den treningsiveren som Berge framleis har i kroppen i dag, kom sterkt til syne som born. Det var ikkje berre bryting for alle pengane, det var òg ishockey, handball, innebandy, langrenn og sjølvsagt fotball.

Stig André Berge på fotball.

Stig-André Berge saman med kameratane sine på fotballbana.

Stig André Berge og pappa.

Ski tykte han også var kjekt. Her saman med far på tur.

Stig André Berge og familien.

Her saman med mor og bror på skitur. Dei var ein aktiv familie.

Stig André Berge på brytematta som ung.

Men det var brytinga var det som stod han nærast frå start. Han vart ei barnestjerne, og tapte få kampar før han møtte internasjonal motstand.

Stig André Berge på Rødtvedt.

Her står Stig-André Berge framfor barndomsheimen på Rødtvet.

Så hjelpte det sjølvsagt at familien var kjær i brytinga, sjølv om ingen av kompisane blei kjær i det same. Både far, onkel, fetter og storebror dreiv med bryting.

Han var veldig glad i livet på Rødtvet. Så glad i barndomsheimen, at han fekk si eiga leilegheit i same burettslag.

Etter at foreldra skilde seg, flytta faren inn med ei ny kvinne, som etter kvart blei hans kone. Ho budde òg i Rødtvedt borettslag.

Alle var samla på same stad, men familien skulle breste.

Dei gode minna frå blokka på Rødtvet har falma. Dei dårlege minna er dei tydelegaste.

Kjærleik og drap

Ein sommardag i juni i 2015, skulle Berge og sambuar Rosell Utne Berge i bryllaup.

Bestekompisen til Berge skulle gifte seg, og han skulle vere toastmaster.

Han hadde tenkt på denne dagen i mange månadar. Han skulle levere i rolla.

Då Berge sat i kyrkja, såg han på VG at det hadde skjedd noko i burettslaget på Rødtvet. Han fekk ei dårleg kjensle i kroppen.

Politiet hadde sperra av blokka som far hans budde i, og fleire i familien prøvde å finne ut kvar faren var.

Drap på Rødtvedt i 2015.

DEKNING: Fleire nyhendekanalar dekka drapet på Rødtvet. Her frå ei sending frå NRK.

Foto: NRK

Omtrent samstundes som bestekompisen gav sitt ja, kom ei skakande melding på mobilskjermen.

«Det er stemor som er drepen, og far er hovudmistenkt», stod det i ein SMS frå bror.

Sambuar Rosell Utne Berge byrja å grine, men naboane på kyrkjebenken trudde at ho blei så rørt av sjølve seremonien.

Stig André Berge.

I SJOKK: Sambuar Rosell Utne Berge og Stig-André Berge på bryllaupsfesten.

Foto: PRIVAT

– Å få den beskjeden i ein slik situasjon, det visste eg ikkje heilt korleis eg skulle takle. Eg kunne enten stikke av og øydelegge bryllaupsdagen til brudeparet, eller så kunne eg legge lokk på kjenslene mine, fortel Berge.

Han valte å gjere det siste, og det var ingen som merka noko som helst.

Stig André Berge i bryllaup i 2015.

KREVJANDE: Stig-André Berge stod framfor mange menneske og heldt toastmaster-tale, samstundes som stemor nettopp hadde døydd.

Foto: PRIVAT

Seint på natta etter bryllaupet, reiste han direkte til broren sin for å byte bil. Han kunne ikkje køyre heim til Rødtvet med sin eigen bil full av sponsormerke på.

Han sneik seg inn i si eiga leilegheit, som låg rett over gata der drapet skjedde, pakka ein bag i hui og hast, og kom seg kjapt vekk derifrå.

Den uendelege sorga

På den tida visste ikkje brytaren at han snart skulle miste fleire av sine aller næraste.

Han visste heller ikkje at han skulle ende med ein drapsdømd far. Det kjem vi tilbake til.

Stig-André og mor Anne Elisabeth ville ikkje bu i burettslaget lenger. I nesten eit halvt år etter hendinga, hadde han gått med hetta over hovudet berre han skulle ein tur ut av leilegheita. Han brukte òg framleis kjellaren som inngang.

Eit hus blei kjøpt på Rælingen, og mor skulle flytte inn saman med sonen og sambuaren.

Mor betydde mykje for Stig-André. Ho var den han handla hjå då han hadde lite pengar, og ho han ringde fleire gonger om dagen om små og store spørsmål.

Men i same tidsperiode skulle tragedien ramme mor på fleire måtar. Ho fekk kreft.

Ho var ikkje så sjuk, sjølv om ho gjekk på cellegift. Det såg ut til at det skulle gå rette vegen. Ho jobba framleis like mykje som før, men Berge ville ha ho hjå seg, slik at han kunne ta vare på ho, på same måte som ho hadde tatt vare på han.

Stig André Berge og familien.

FIRKLØVER: Ken Roger og Stig-André saman med mor og far, frå ei tid der heile familien framleis stod samla.

Foto: PRIVAT

Få månadar før kvalifiseringsrundane til OL i Rio, fekk han igjen ein skakande beskjed. Denne gongen var han i utlandet, og nærare bestemt Tyrkia, på treningssamling.

Sambuar måtte køyre svigermor på sjukehuset, og det verka alvorleg. Frå mor sjølv fekk han beskjed om at det berre var ein lett lungebetennelse, og at han trong ikkje bekymre seg.

Treninga gjekk først. Han hadde trass alt vakse opp i ein idrettsfamilie.

Han prata jamleg med mor fleire gonger om dagen, og fleire gonger spurde han om ho ville at han skulle kome heim. Det skulle han ikkje. Det var mor heilt klar på.

Så fekk han ein telefon frå legen. Brytaren måtte komme seg heim. Mor låg med hundre prosent oksygentilførsel, og dei visste ikkje kor lenge ho hadde att.

Han hugsar at han vart forvirra. Han forstod ikkje korleis helsa til mor hadde forverra seg så fort, og byrja å spekulere i om mor hadde skjult det frå han med vilje.

Neste bekymring som dukka opp var om han rakk å kome seg heim i tide.

Han heiv seg i ein taxi og dura rett mot flyplassen i håp om å rekke første fly heim. Det gjorde han ikkje, og blei difor sittande i fem timar å vente.

Tida gjekk så utruleg sakte, minnest han. Han ville berre heim, komme seg heim.

Til slutt kom han seg til Noreg, og reiste direkte til A-hus. Der blei dei verande i fem døgn før mor døydde.

På eit år hadde Stig-André Berge mista to av dei viktigaste personane i livet sitt.

– Då visste eg ikkje om eg klarte å fortsetje, seier ein tydeleg rørt Berge.

Tilgjevinga

Brytesesongen i 2015 og 2016 skildrar Berge som spesiell.

Far var sikta for drapet på sin ektefelle, og han skulle bli dømd i tingretten.

Likevel klarte brytaren å mobilisere. Nokre få månadar etter han mista mor Anne Elisabeth til kreften, slo han tilbake og tok bronse i Rio-OL.

Berge Rio-OL

Stig-André Berge med fingeren i vêret, som ein hyllest til mor.

Berge

Det blei emosjonelt. Han tok ein bronsemedalje etter det året han nettopp hadde hatt.

Stig André Berge, Rio-OL 2016

Han skulle ynskje at foreldra var til stade og kunne oppleve det saman med han.

Tre månadar etter den gjeve prestasjonen, i november 2016, blei Berge sin far dømd til 12 år i fengsel og til å betale erstatning til drapsofferet sin son.

I rettsdokumenta kom det fram at han drap kona si, og at han deretter prøvde å skade seg sjølv.

Det har vore vanskeleg å forstå.

– Det har vore mange tunge stunder, tårevåte kveldar der ein har grine seg i søvn, og ein ikkje har visst korleis ein skal komme seg gjennom, seier Berge.

I fleire år har brytaren brukt mykje tid på å tenkje.

«Kvifor skjedde det?».

«Kvifor greidde eg ikkje å forhindre det?».

Til trass for at far er drapsdømd, er Berge glad for at han framleis har ein far i livet.

– Eg har alltid klart å skilje personar og sak, og dette er kanskje den største prøvelsen eg har fått på det. Handlinga kan eg aldri tilgi, for det er ingen handling å tilgi, men pappa som person er ekstremt viktig for meg. Han er grunnen til at eg er den eg er i dag, seier han.

Brytaren blir tom i blikket, og held fram:

– Det som er tungt oppi dette, er at vi kan sitte her og ha det ilt, men det er ikkje oss det er synd på. Det er ikkje vi som har mista nokon, seier han.

Sonen har kjent mykje på skam.

– Eg kjende på skam overfor meg sjølv, som ikkje hadde sett at det kunne gå så langt. At eg ikkje var nok opptatt av å hjelpe. Eg tenkte på mine eigne problem, og var opptatt med å bli verdas beste brytar. Kvifor kunne eg ikkje berre hjelpe, seier Berge og pustar tungt.

Ein bestefar i fengsel

No har det gått tolv månadar sidan Berge møtte faren sin sist.

Koronarestriksjonar gjorde til at besøksforbod blei innført, og faren fekk heller ikkje dei permisjonane som han normalt ville hatt.

På dei fem åra far Berge har sete inne for drapsdommen, har Stig-André Berge og kona Rosell Utne Berge fått to born.

Nicklas på tre år og Natalie som kom til verda i år. Berge har blitt bestefar til to, og for første gong fekk farfar endeleg møte ho.

Bjørn Berge, barnebarnet og Rosell Utne Berge.

DET FØRSTE MØTET: Farfar helsar på vesle Nathalie i armane til mor.

Foto: Ragnar Molstad

– Ein kjenner at ein gjerne skulle hatt besteforeldre til borna sine. Det er eit sakn. Det har vore vanskeleg, fortel brytaren.

Men no går det mot lysare tider.

Koronarestriksjonane har sloppe opp, og Berge har fått vere ute på fengselspermisjon. Det blei ei kjenslerik helg.

Han fekk nemleg sjå sonen bryte sitt siste meisterskap i karrieren. Då Stig-André Berge sette punktum på ein tjue år lang karriere, sat faren blant publikum.

– Eg fekk vere med på den siste reisa, i alle fall. Det syntest eg var stort, seier faren.

Bjørn Berge på bryte-VM

Berge sin første fengselspermisjon blei tilbrakt på Jordal Amfi.

Bjørn Berge på bryte-VM

Han skulle sjå sonen bryte for siste gong, før familielivet kaller.

Bjørn Berge på bryte-VM

Han er stolt over at sonen har halde på så lenge.

Neste år skal han ut på arbeidspermisjon.

Det betyr mykje for sonen, at far har det betre no.

Følge opp sine eigne

Brytaren har lært av historia, og no ser han fram mot ei ny framtid der familien går i første rekke, ikkje brytekarrieren.

– Eg vil gjerne følge opp Nicklas på same måte som eg har blitt følgt opp. Ein må leve mens ein kan. Ein veit aldri når det tar slutt, eller kva slags vending livet tar.

– Det er ikkje tvil om at før vi fekk born, så var det ikkje så «farleg» om eg var vekke. No er det ein enorm forskjell, det er nokon som treng meg, seier Berge.

Han tittar bort på far sin.

No er det på tide å reise heim frå fengselet. Han spør Nicklas om han vil gi farfar ein klem. Treåringen er svolten og sta. Klemmen får farfar likevel av den nyfødde, og av sonen sin.

Stig André Berge klemmer far Bjørn. Ved sida av er kona Rosell og dattera.

SISTE KLEM PÅ EI STUND: Stig-André Berge og sonen Nicklas før dei turar heim att. Enn så lenge forstår ikkje sonen at farfar er i fengsel. Det er ein samtale som må takast seinare, når han blir eldre.

Foto: Ragnar Molstad

– Å, så god kos av prinsessa, stotrar farfar i det klemmen blir til.

– Ja, men då sjåast vi igjen då. Må hugse å ta vare på deg sjølv. Tida går fort, veit du, seier Stig-André Berge.

– Det var godt å sjå deg igjen, seier Rosell Utne Berge blidt.

– I like måte. Eg ringer eg, veit du, seier Berge.

Alle tre seier «ha det» i kor. Hendene kjem opp i vêret, og dei veivar. Familien på fire ser tilbake på farfar på innsida, før dei forsvinn ut av fengselsporten.

NRK har vore i kontakt med dei etterlatne etter faren si nye kone. Dei ynskjer ikkje meir merksemd rundt saka og ber om ro, slik at dei kan få tid og rom til forsoning, utan å bli mint på hendingane.