Hopp til innhold

Slår tilbake mot Fritz Aanes: – Saknar ingenting

Brytarane Felix Baldauf (28) og Exauce Mukubu (21) viser superform på brytematta med nytt trenarteam. No smiler dei av bekymringa til den gamle trenaren.

Felix Baldauf, Fritz Aanes

SVARAR: Felix Baldauf stortrivst i det nye brytetilværet sitt og svarer nå på sin gamle trenars utspel.

Foto: Helene Mariussen / NRK

– Personleg har eg utvikla meg meir dei siste tre månadene enn eg har gjort siste året, seier Felix Baldauf.

– Stemninga i gruppa har aldri vore betre enn den har vore nå, seier Exauce Mukubu.

Exo Mukubu

SJØLVSIKKER: Exauce Mukubu bryt onsdag om EM-gull i U23-EM i Romania. Han meiner han aldri har vore på ein betre stad enn nå.

Foto: Espen Langeveld / NRK

Dei to brytarane er store profilar i NRK-serien «Hodet i klemme» og har fått ein fantastisk start på sesongen. Som første nordmenn i historia tok dei gull i den prestisjefylte verdscupturneringa Dan Kolov Nikola Petrov i klassane sine tidleg i mars.

Det skjer etter ein trøblete slutt på førre sesong med murring mellom utøvarar og trenarar, som enda med at Fritz Aanes og Stig-André Berge trekte seg frå sine stillingar som landslagstrenarar.

I eit lengre intervju med NRK sa Aanes at han «frykta at alt eg har bygd opp ramlar saman i grus» med eit nytt trenarteam. Nå får han kontant svar frå dei tidlegare elevane sine.

– Saknar ingenting

– Heile gruppa synest det er kult å drive med bryting igjen i staden for at alle går rundt og er sur på kvarandre og er lei. Eg trur det opplegget vi har nå er så bra at vi tek medalje i EM, VM og OL, altså, seier Felix Baldauf.

Felix Baldauf

PROFIL: Felix Baldauf, som konkurrerer i 97 kilo-klassen.

Foto: NRK

Exauce Mukubu, som bryt finale i U23-EM på onsdag, er ikkje bekymra for at ting skal falle i grus og kontrar med:

– Vi er ganske samstemde når vi seier: «Kva var det eigentleg vi halde med på før?» Det er ikkje sånn det skulle vore. Det mange som har sett seg ned og sagt: «Okei, det er sånn ein gjer det».

Fritz Aanes har fått høyre kommentarane til dei tidlegare elevane sine og ønskjer ikkje å kommentere saka.

Les også: Kongens fall

Fritz Aanes, heime. Bilete til HIK2
Fritz Aanes, heime. Bilete til HIK2

På spørsmål om det er noko han saknar med det gamle regimet med Aanes og Berge svarer Baldauf:

– Nei, eg saknar ingenting. Eg saknar Fritz og Stig-André i livet, men eg saknar ikkje systemet vi hadde, det gjer eg ikkje, seier Baldauf, som understrekar at forholdet i dag er bra og at dei har alt på det reine.

Det nye trenarteamet består nå av sportssjef Thor Hyllegaard og trenar Szymon Kogut frå det danske landslaget. Dei samarbeider med Pål-Eirik Gundersen som er assistenttrenar.

– Hald kjeft og sitt ned

Mukubu beskriv forskjellen frå den gamle til den nye trenarordninga på følgjande måte:

– Du har meir kvalitetstrening enn kvantitet. Arbeidet vi legg ned er mindre, men kvaliteten er utruleg mykje betre. Det har aldri vore så mange utøvarar som har vunne så mange kampar så tidleg i sesongen, så eg vil seie at der ser bra ut for sesongen som kjem, seier han.

Exauce Mukubu, portrett til Hodet i klemme sesong 2.

SER FRAMOVER: Exauce Mukubu. Han har gull i U23-VM som sin største meritt.

Foto: Helene Mariussen / NRK

Baldauf innrømmer at han var skeptisk til det nye danske trenarteamet og kalla dei «digitaltrenarar» ettersom dei ikkje kunne vere til stades i Oslo til kvar tid, men etter ein fantastisk start på sesongen har han snudd.

– Det er heilt enormt gode trenarar, altså. Det samarbeidde og gruppedynamikken vi har, det er heilt utruleg. Det er eit heilt nytt tilvære, eigentleg.

Han meiner nå han har fått ein etterlengta fridom i treninga si i forhold til tidlegare år.

– Ein hadde jo ingen fridom og du måtte følgje opplegget. Bryting vart altoppslukande og det var berre fokus på bryting, til og med i privatlivet. Ein hadde ikkje nokon eigarskap over brytinga, treninga og livet nesten. Ein kjende seg som ei maskin innimellom som følgde ordre.

Baldauf får støtte frå lagkameraten sin Mukubu.

– Tidlegare fekk jo han berre kjeft og vart skulda for å sluntre unna trening da det var kroppen som sa stopp. Nå er det rom for å seie frå når du har vondt og ein kan tilpasse treningsøktene. Før var det berre sånn: «Nei, hald kjeft, sitt ned og gjer det du skal gjere, så er det sånn du blir meister».

Burde avslutta samarbeidet før

Dei to brytestjernene er nå inne i ein sesong med store ambisjonar. Mukubu forventar å ta gull i U23- og senior-EM, som er om tre veker. I haust ventar høgdepunktet i sesongen med VM i Serbia.

– Eg skal vinne EM og for VM har eg eit mål om å bli topp fem. Då får eg nemleg ein OL-billett. Då kan eg seie meg godt fornøgd og så kan eg jobbe vidare mot OL, seier Mukubu.

– Eg har eigentleg bestemt meg for at eg skal ta medalje i EM som ein liten milepæl nå. Det vil vere eit viktig sjølvtillitsløft inn mot VM i haust, seier Baldauf, som vart europameister i 2017.

Mukubu har aldri sett lysare på framtida og meiner pila kunne snudd tidlegare om trenarteamet hadde vorte bytta ut før.

– Eg vil tru det, faktisk. Om ting hadde vorte gjorde annleis for fleire år tilbake da nokre av desse problema hadde dukka opp, hadde minst to kvalifisert seg til OL i 2020 i mine auge, seier Mukubu.

Han bryt EM-finale onsdag klokka 17. Om det blir gull skal profilen ta på seg vikinghjelm.

– Eg tek med vikinghjelmen for å vise at vi skal setje Noreg på kartet. Vikingane er tilbake, seier Mukubu.

Siste nytt

  • Crouser satte verdensrekord

    Kulestøter Ryan Crouser viser tidlig form, og i natt slo han sin egen verdensrekord under et stevne i Los Angeles. 30-åringen, som tok gullet i forrige OL og VM, slo til med 23.56, 19 centimeter lenger enn den forrige verdensrekorden. Etterpå fortalte han til media at han ikke følte det var et perfekt støt.

    – Jeg tror 23.70 er veldig mulig, og jeg tror 24 meter er mulig for et menneske, sier Crouser til Citius Mag.

    Ryan Crouser
    Foto: AFP
  • Henrik Ingebrigtsen imponerte – slo egen bestetid

    Henrik Ingebrigtsen løp inn til personlig bestenotering på 5000 meter i belgiske Oordegem lørdag. Tiden ble 13.13,99.

    Hans tidligere personlige beste på distansen var 13:15,38.

    32-åringens prestasjon er imponerende etter en lang skadehistorikk over flere år. Ingebrigtsen løp også inn til solide 7.51,09 på 3000 meteren i Moelv forrige søndag.

    Narve Gilje Nordås imponerte også i belgiske Oordegem på 1500-meteren. 3.34,70 lød tiden. Det er like bak VM-kravet på 3.34,20.

    Pressekonferanse Bislett Games
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Aursnes og Benfica sikret seriegullet i Portugal

    Fredrik Aursnes og Benfica tok sitt 38. ligagull da de slo Santa Clara 3-0 lørdag. Tittelen var deres første siden 2019.

    Gonçalo Ramos og Rafa Silva sendte hjemmelaget i føringen før pause. I det 60. minutt fastsatte Alejandro Grimaldo sluttresultatet da han var sikker fra ellevemetersmerket.

    Fredrik Aursnes spilte hele kampen for Lisboa-laget. Nordmannen har notert seg for to mål og fem målgivende på 28 kamper denne sesongen og har vært en av de sentrale spillerne på veien mot seriegullet.

    Andreas Schjelderup satt også på benken for Benfica.

    Porto kunne ta igjen rødtrøyene hvis resultatene gikk deres vei lørdag. Men da Benfica vant sin kamp holdt det ikke med 3-0-seier over Vioria Guimarares og de blåkledde endte som nummer to.

    Braga har sikret seg tredjeplassen, mens Sporting endte som nummer fire.

    Pacos Ferreira og øylaget Santa Clara må belage seg på nedrykk. (NTB)

    Portugal Soccer Portuguese League
    Foto: Armando Franca / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste