Hopp til innhold

Kritiserer OL-toppens telefonflause og tordnar mot «nazi-straff»

Den kontroversielle idrettsleiaren Mikhail Mamiasjvili håner OLs mektigaste mann. No har han fått nok, og truar med russisk OL-boikott.

Mikhail Mamiashvili, president i det russiske bryteforbundet.

KRITISK: Mikhail Mamiasjvili er president i Det russiske bryteforbundet og visepresident i Det internasjonale bryteforbundet.

Foto: imago/ITAR-TASS

– Har du sett dei audmjukande klippa med IOCs president? Har du ikkje? Heile verda har gjort det, seier Mikhail Mamiasjvili i eit eksklusivt intervju med dei nordiske rikskringkastarane.

Mamiasjvili siktar til telefonsamtalen der IOC-president Thomas Bach blei lurt trill rundt i mars i år.

Bach trudde han snakka med leiaren for Afrikas svar på EU-kommisjonen, som er Den afrikanske union.

I realiteten blei han rundlurt av den russiske komikarduoen Vovan og Lexus, som har gjort karriere på å lure maktpersonar frå heile verda.

Bach blei også lurt til å be under samtalen.

Telefonsamtale med Thomas Bach

LURT: IOC-president Thomas Bach (til venstre) og EU-kommisjonens visepresident, Margaritis Schinas (høgre), blei lurt til å tru at dei snakka med leiaren for Den afrikanske union (under). Det var to russiske komikarar som lurte dei.

Foto: Skjermdump YLE/Youtube

– Ei skam

Denne episoden har fått begeret til å renne over for ein av Russlands mest markante idrettstoppar.

Under OL-kvalifiseringa i bryting i Istanbul seier Mamiasjvili ja til eit intervju med dei nordiske rikskringkastarane. Der er han som russisk brytepresident og visepresident for Det internasjonale bryteforbundet.

Mamiasjvili kjem rett frå innsetjinga av Russlands president i Kreml. Der var den gamle brytehelten Vladimir Putins gjest.

Mikhail Mamiashvili, president i det russiske bryteforbundet. Her saman med Russlands president Vladimir Putin.

SAMAN ETTER 2016-OL: Mikhail Mamiasjvili har hatt fleire sentrale roller i russisk idrett. Her saman med Russland-president Vladimir Putin i 2016.

Foto: imago/ITAR-TASS

I ein sofa i VIP-området utanfor dei sveitte brytemattene i Istanbul deler den store Putin-tilhengaren ut fleire verbale slag mot OLs mektigaste mann.

Kraftkaren med kjempe-nevane meiner først og fremst at Bach behandlar Russland uverdig fordi IOC krev at:

  • Utøvarar som støttar Russlands regjering ikkje får delta i OL
  • Russarar skal konkurrere under nøytralt flagg i OL
  • Russarar som har tilknyting til militæret ikkje får delta i OL

I tillegg kritiserer han det Bach sa om russisk overvaking i telefonflausen.

– Det er ei skam. Einkvar person med respekt for seg sjølv bør gå av etter ei slik skam, seier Mamiasjvili.

I samtalen sa Bach at IOC overvakar om russiske utøvarar uttrykker støtte til Russlands regjering, og at dei har spurt Ukraina om hjelp til å følge med på internett og i media.

I eit utsegn etter episoden kalla IOC lureriet for «nok ein russisk desinformasjons- og svertekampanje».

– Vi vil ikkje bidra til den russiske desinformasjons- og ærekrenkingskampanjen mot IOC og deira leiing, og vil difor ikkje kommentere sitata du gav, skriv ein pressetalsmann i IOC til NRK.

imago 26193981

VURDERER BOIKOTT: Den russiske brytepresidenten Mikhail Mamiasjvili truar med å trekke 16 OL-kvalifiserte, russiske brytarar.

Foto: imago/ITAR-TASS

Trussel møtt med undring

I ei tid der Russland er sanksjonert ut av fleire idrettsgreiner, får dei lov til å fortsette internasjonalt i brytesporten.

Under OL-kvalifiseringa i Tyrkia går Russlands brytepresident Mamiasjvili rundt med stor autoritet, men han har samtidig eit stort problem.

To av Russlands største idrettsstjerner blir hindra i å kvalifisere seg til OL.

OL-vinnarane i bryting, Abdulrasjid Sadulajev og Musa Jevlojev, er utestengd frå internasjonale konkurransar for å ha støtta Russlands angrepskrig mot Ukraina.

Bryter Abdulrasjid Sadulajev tar russisk president Vladimir Putin i hånden etter at han vant OL-gull i sommer-OL 2020. Sadulajev har gullmedaljen rundt halsen. Bak dem henger det russiske flagget.

STJERNE: Brytar Abdulrasjid Sadulajev er ein av verdas beste brytarar. Her saman med Russlands president Vladimir Putin.

Foto: SPUTNIK / Reuters

Derfor sender brytepresidenten ein trussel i retning OLs mektigaste mann.

Dersom stjernene ikkje får bryte i OL vurderer Mamiasjvili å trekke heile sitt store landslag med 16 OL-kvalifiserte utøvarar. Det gjer han klart i dette intervjuet.

I ein usamanhengande tirade om sunn fornuft og idrettens oppdrag, samanfattar Mamiasjvili IOC-styret slik:

– Menneske utan ære, menneske utan respekt, seier den russiske idrettstoppen.

Leiar Berit Lindeman i Helsingforskomiteen reagerer med undring på Mamiasjvilis trussel.

– Det er ikkje noko tap at brytepresidenten boikottar leikane, tvert imot. Eg håpar avgjerda hans kan inspirere fleire russiske forbund til å ta same avgjerd. Russiske idrettsutøvarar uttrykker regelmessig støtte til Putins regime, og idretten er ein innarbeida del av propagandaapparatet, seier Lindeman.

uhb5QGeX1HM

FRÅ PUTIN TIL BRYTING: Idrettstoppen Mikhail Mamiasjvili var i forsamlinga under innsetjinga av Vladimir Putin i Kreml. Like etter drog han på OL-kvalifisering i bryting i Tyrkia.

Foto: Reuters

Føler Russland blir straffa for nazi-jakt

Mamiasjvili meiner Russland blir straffa sportsleg for å halde fram det han meiner er landets kamp mot nazismen etter andre verdskrig.

– Russland og Sovjetunionens folk gjekk på kolossale tap i den store, patriotiske krigen, som førte til frigjering frå nazismen i Europa.

Han føler at russarane no ikkje får lov til å halda fram kampen.

– Eit levande eksempel på dette er at vi dessverre blir pålagt forbod mot å utøve sport, seier idrettstoppen.

Istanbul

OL-KVALIFISERINGA: Dei nordiske rikskringkastarane var til stades under OL-kvalifiseringa i bryting i Istanbul.

Foto: Martin Lundberg - SVT

– Ukrainarar er fascistar

Presidenten er sjølv sovjetisk OL-vinnar frå 1988 og har seinare leia det russiske forsvarets idrettsklubb i Russland, CSKA Moskva.

Klubben har markert si støtte til Russlands krigføring i Ukraina med å trykke «Z»-teiknet på spelarane sine drakter.

«Z» er symbolet som markerer støtte til den russiske invasjonen i Ukraina.

Etter intervjuet med dei nordiske rikskringkastarane held Mamiasjvili fram samtalen. Der kallar han ukrainarane for fascistar.

– Meiner du verkeleg at alle ukrainarar er fascistar? spør journalisten.

– Ikkje alle, men ukrainarar er fascistar, svarer Mamiasjvili.

Synet på ukrainarar overraskar ikkje Lindeman i Helsingforskomiteen.

– Mamiasjvili sin omtale av ukrainarar som fascistar er nettopp ein tydeleg demonstrasjon av denne propagandaen. Det er verdt å merke seg at medan fascismen er marginal i Ukraina, brer den om seg i sterk grad i Russland.

Berit Lindeman, generalsekretær i Den norske Helsingforskomité

KRITISK: Berit Lindeman er tidlegare medlem i etisk komité i Noregs Fotballforbund. Som leiar for Helsingforskomiteen er ho kritisk til at Russland skal få lov til å konkurrere under det kommande OL i Paris.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal