Her veit ikkje Felix Baldauf at alt er i ferd med å rakne.

Året er 2017. Han er lykkeleg europameister i bryting.

Felix Baldauf

Han tar med seg titlane og kompisane til Miami, og feirer at livet endeleg er slik han har drøymt om.

Men så snur alt.

Då bobla sprakk

Då bobla sprakk

På flyplassen i Miami, like før returen attende til kalde Noreg, ringer telefonen.

Det er mor hans som slår på tråden.

Frå Felix Baldauf var åtte år har han budd i Kristiansund med mor og bror. No fortel mor heilt utan forvarsel at ho har reist til Tyskland.

Baldauf er forvirra. Hundrevis av spørsmål dukkar opp i hovudet.

– «Selt huset? Flytta?» spurte han.

Nei, ho hadde berre stukke, kom det fram.

– Eg skjønte først ingenting.

Fasaden slo sprekker.

Felix Baldauf

STERK: Utsjånaden til Baldauf skulle på mange måtar spegle han som person.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Kastar du eit kjapt blikk på Felix Baldauf (26), er han brytaren med kroppen full av blekk.

Han er den sterke og tunge brytaren som lever av å banke andre, og som sjølv diggar å få juling.

Det er slik kulturen i bryting er. Ein må vere knallhard mentalt for å riste av seg bein som knekk og lepper som sprekk.

Visar ein svakheit i eitt sekund på brytematta, er det over og ut.

Då blir ein kasta på nakken.

Det trudde i alle fall Felix Baldauf. Det var nemleg slik han levde, også utanfor brytematta.

Han skulle vere heilt rå, skikkeleg sterk og mandig. Han skulle ikkje vise svakheit, for då kunne ingen angripe han.

Men no rann begeret over.

Han kunne ikkje halde det hemmeleg lenger.

Den vanskelege oppveksten

Felix Baldauf blei fødd fire år etter Berlin-muren fall, ein haustdag i den austtyske byen Köthen.

Ironisk nok skulle historia forfølge han i lang, lang tid, på lik linje slik som heimlandet har lidd etter andre verdskrig.

Far hans forlèt han som ung, og i dag prøver Baldauf å halde kontakt for samvitet si skuld. Som han seier sjølv: «Eg hadde nok hatt det betre om eg lukka det kapittelet då eg var seks år».

Dei sju første åra av brytaren sitt liv, levde han i treningsbagen til mor si. Ho var boksar og trenar.

– Viss du ser for deg ei austtysk dame disiplinmessig, så er det mamma. Ho har påverka og forma meg til den personen eg er. For meg er det ikkje gale om du får ei flat hand av mor di, om du har ein åtferd som ikkje er grei. Slik er livet, fortel Baldauf.

Då han var åtte år sette Baldauf, broren og mora seg i ein bil og vakna opp i Kristiansund to dagar seinare.

Nokre dagar før jul ringde telefonen. Mor var på sjukehuset, for ein kjærast hadde banka ho opp, og ho måtte krabbe på alle fire ut av leilegheita for å rope om hjelp.

Det var byrjinga på fleire timar gøymd inne på eit mørkt barnerom, mykje alkohol og overraskande nok ein landslagsplass.

Det var ingen av brytaren sine vener som visste noko om Baldauf sitt personlege liv. Ingen hadde aning om at mor drakk så mykje at unge Baldauf og broren måtte rømme til barnerommet og fann trøyst og støtte i kvarandre.

– Det var fleire gonger veslebroren min og eg låste oss inne på rommet, blei liggande der og gret til vi sovna. Så var det å makte skuledagen etterpå, fortel han.

Felix Baldauf

Det var ikkje før Felix Baldauf flytta til Noreg at brytekarrieren verkeleg skaut fart. Turning var hans fyrste møte med idretten. Her er han seks år.

Felix Baldauf

Ofte drog Felix, bror Lukas og mor Jana til Tunisia på ferie. Her frå 2002.

Felix Baldauf

Mor Jana Baldauf og Felix på sykkeltur i Tyskland.

Felix Baldauf, mor og bror

Ferieturane er eit av høgdepunkta i Felix sin barndom. Her på hesteryggen frå Tunisia.

Fram til han var 24 år, var alt veldig overflatisk. Heime prata dei ikkje om kjenslene sine. Samtalane dreidde seg som oftast om det reint praktiske – som korleis dagen kom til å sjå ut, kva vakter mor hadde på sjukehuset, og korleis treninga gjekk til.

Det var berre ein ting som stod i hovudet til Baldauf. Han skulle bli verdas beste brytar, og difor kunne ingen vite om dei svake sidene og dei vanskelege tankane.

– Det blei naturleg for meg å byggje opp eit skjold. Eg var redd for kva folk skulle tru om dei fann ut korleis ting eigentleg var.

Men sjølv eit skjold kan slå sprekker. Muren var ikkje stødig lenger.

Felix Baldauf

Felix Baldauf var blant dei aller beste som ung. Her etter sølvet i junior-EM i 2012, hans første meisterskapsmedalje.

Foto: PRIVAT

Hausten 2017

Etter ferien i Miami kom Baldauf heim til eit tomt hus. Eller: Alle tinga var framleis der, men ingen mor, bror eller syster.

Han fekk beskjed om å reinske ut alt, og reise derfrå.

– Så då stod eg der og nærast kasta livet mitt i ein container. Då eg var ferdig, tenkte eg «kva f ... gjer eg no». Då var eg på ein dårleg stad. Varsellampa burde blinka raudt.

Naboane hadde blanda seg inn, og fått vita at mor var glad i alkohol. Systera til Baldauf, som blei fødd i Noreg, var sju år på det tidspunktet.

– Det hadde blitt ein diskusjon om ho var ei god mor, for å seie det slik. Og om det var for mykje trøbbel heime. Det orka ikkje mamma, så då pakka ho bagen og reiste, seier Baldauf.

– Plutseleg sat eg der og hadde ingenting å kome heim til. Det var byrjinga på ein kollaps, eg hamna i fritt fall.

– Det som var verst var at heile fundamentet, tryggleiken blei rive vekk. Det var berre skuffelse.

Noko måtte gjerast.

Eren Gjægtvik, trenaren til Baldauf, har alltid vore der for han. Når brytaren skildrar trenaren sin, er «Gekken» det beste av ein pappa, kompis og trenar i eitt.

Han har tatt Baldauf under vengene sine. Og dei måtte snakke saman. Gjægtvik hadde fått med seg kva som skjedde heime, og det måtte opp på overflata.

– Etter den praten ramla eg ganske langt ned. Han har sagt i ettertid at han aldri skulle latt meg køyre heim den kvelden. Vi burde berre vore saman nokre dagar, men eg gjorde som eg pleier å gjere: beit det i meg og reiste heim. Slik var livet. Inneslutta som eg alltid er, fortel Baldauf.

Felix Baldauf og Eren Gjægtvik

Eren Gjægtvik har stått ved Baldauf si side sidan 2006. Her frå kvalifisering til ungdoms-OL.

Felix, Eren og Fritz

Landslagstrenar Fritz Aanes, Felix Baldauf og Eren Gjægtvik etter gullet i junior-EM i 2014.

Felix og Eren

Og Gjægtvik er framleis ein sentral støttespelar i Baldauf sitt liv. Her frå Bratthallen i Kristiansund.

Jula 2017

Høgtida i desember nærma seg. Endeleg skulle det skje noko som han set pris på. I fleire månadar hadde han hatt det tungt innvending, men tatt på seg maska og komme seg gjennom dagen.

Sjølv om oppveksten til Baldauf bar preg av mange vonbrot, såg han alltid fram mot jul. Det var den einaste gongen i året han hadde tid til å vere med familien, senke skuldrene og bruke tid på dei han er glad i.

– Eg har aldri hugsa jul som ei dårleg oppleving, før det verkeleg eskalerte, seier han.

Han reiste frå Oslo og heim til Kristiansund. Så kom beskjeden om at bestefaren hadde fått kreft.

– Det var ein jævlig dårleg start, seier han.

Så kom mor på besøk, og ho var ikkje i balanse. Flaskene gjekk ned på høgkant, og det gjorde Baldauf sint.

– Eg sa til ho att «dette er siste gong, no må du ta deg saman», men det hjelp lite å seie til nokon med alkoholisme. Folk ser på alkoholikarar som noko mindreverdig, men realiteten er at det er ein sjukdom.

Han fekk svar om at ho skulle ta seg saman.

Kvelden etter kom tanta til Baldauf inn i rommet og spurde kvar mor er. Bilen stod ikkje i oppkøyrsla.

Varsellampa blei tend.

– No er vi «rævkøyrt», tenkte Baldauf.

Dei hasta inn i bilen og ut i nattemørket, på jakt etter mor.

Plutseleg skin vinterkvelden opp. To frontlys blendar i mot dei. Baldauf skundar seg ut av bilen og steller seg i vegen.

Mor viser ingen teikn til å stoppe bilen. Ho held fram i same hastigheit mot den 185 centimeter høge sonen.

Baldauf, som lever og andar av å få blodig andlet, knuste ribbein og blåmerke, var millimeter frå å bli påkøyrt av si eiga mor. I staden trudde han at mor sjølv var på veg vekk frå denne verda.

Ho krasja i eit tre. Bilen sto bom stille i nokre sekund.

– Det var slutten på visa, trudde eg.

Så blei bilen sett i revers, og ho var på veg ut att på den snødekte asfalten.

Baldauf sette på sprang. Ikkje tale om at mor skulle sleppe unna denne gongen òg.

Han fekk tak i bildøra, smelte den opp og reiv ut nøklane. No var det over.

22 år gamle Baldauf må leve resten av livet med minnet om at han sette si eiga mor bak i ein politibil for fyllekøyring. Han hadde sjølv ringt politiet.

– Det var heilt grufullt. Det er den verste opplevinga eg har hatt i mitt liv. Veldig traumatisk var det.

Tårene kom. No fall muren.

Felix Baldauf

TØFT: Det tok mange år før Felix Baldauf opna seg om den vanskelege oppveksten.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Vendepunktet

Trenaren Eren Gjægtvik blei ringt rundt midnatt. Baldauf kunne ikkje halde kjenslene inne lenger. Brestepunktet var nådd.

– Då rauk alt. Alt eg har halde inne i alle år, alle kjensler og vonbrot ramla ut. Det var heilt sjukt, eg hadde ikkje kontroll på kjenslene mine lenger.

Lagkameratane fekk etter kvart vite om Baldaufs mørkaste sider, og han var ikkje lenger den tøffe, sterke og «macho» utøvaren som aldri viste svakheit.

– Det har jaga meg. Eg kan ikkje vise svakheit. Eg nekta meg sjølv det, heile vegen. Då det skjoldet byrja å slå sprekker, så blei det veldig vanskeleg for meg.

Han sleit med å halde oppe den tøffe fasaden, den råe utstrålinga.

– Det blei eit jævlig vanskeleg år på brytematta, også. Det var ikkje mykje som gjekk min veg, men eg lærte mykje av det, fortel Baldauf.

Det handla om noko meir. Ein betre familierelasjon, og eit stødigare samhald i landslagsgruppa.

Ein redningsaksjon

Baldauf har aldri vore sur for det han har erfart. At han måtte takle at mor tok i bruk alkoholhaldig drikke for å kome gjennom dagen.

Ho er framleis den sterkaste kvinna i hans liv. Ho er kvinna som jobba natt og dag, og som ofra alt for at sønene skulle ha tak over hovudet og mat på bordet.

I dag vender Baldauf seg til mor si for å få hjelp til å takle tankar og utfordringar i livet. Det gjorde han ikkje i store delar av oppveksten.

– Det var ikkje slikt som var vanleg å gjere, fortel Jana Baldauf.

Ho sit i sofaen ved sidan av Baldauf, og må fleire gonger stoppe opp for å hente seg inn att. Det er anger i stemma, og ho tenkjer ofte tilbake på korleis ho kunne endra historia.

Då ho vaks opp, stilte ein aldri spørsmål om korleis ein hadde det. Det var ein anna kultur, bygd på tankesettet i kommunismen.

Og det påverka hennar liv, også, på mange måtar.

Ho minner at hennar måte å takle dei inste tankane på, var å reise ut og springe i fleire timar. Då kneet sa stopp, blei alkoholen hennar venn.

Og lenge brukte ho det som eit avslappingsmiddel, heilt til ho krasja i det treet, den vinternatta i desember 2017.

Den hendinga er vanskeleg å prate om, men likevel ville ho ikkje vore forutan den.

– Det var farleg og katastrofalt, men det fekk meg til å innsjå at eg hadde eit alkoholproblem, seier Jana Baldauf med gråten i halsen.

Den hendinga endra livet til det betre. Ho søkte hjelp, og i dag kan ho stolt seie at ho er ein heilt anna person. Alkoholen har ikkje blitt tatt i sidan den grufulle hendinga.

Ho har bygd seg eit nytt liv i heimlandet, med ektemann, økonomisk stabilitet og ei dotter som elskar å ha trampoline i hagen.

– Då Felix vaks opp, var det vanskeleg å bryte ned den sterke fasaden, og eg måtte vere streng for at han skulle høyre på meg. I dag søkjer han meg for rådgiving og hjelp, avsluttar mor Baldauf.

Felix Baldauf og Jana Baldauf

FRI: No slepp Felix Baldauf å uroe seg om mor har det bra eller ikkje. Det er han utruleg glad for.

Foto: Ragnar Molstad

Større enn seg sjølv

Sonen kan i dag sjå tilbake på dei vanskelege åra og vere stolt. Det at han har klart å bryte ned fasaden og dele sine inste tankar, endra alt.

For første gong kunne han verkeleg kjenne på det familiære bandet.

– Det at eg opna meg for kjenslene mine, har gjort kvardagen enklare for oss alle. Vi må kunne dele alt, seier Baldauf.

På same måte som familien til Baldauf til slutt har funne ein måte å leve saman på, har også brytelandslaget funne kvarandre.

– Eg trur det er veldig viktig at, uansett om vi er tøffe, harde brytarar, så må vi ha evna til å prate om kjensler. Jo lenger det går utan å snakke om det som plager ein, dess tyngre blir det når dropen først renn over, seier Baldauf.

Morten Thoresen, lagkameraten til Baldauf, steller seg bak orda til kompisen. Det er ikkje tvil om at brytarane bryr seg om kvarandre.

– Vi er som ein familie. Gruppa går først. Hadde vi ikkje hatt den gruppa, ville ingen lykkast. Ingen ville tatt medaljar, seier Thoresen.

24 år gjekk det før Baldauf opna si eiga kran, og no har den 26 år gamle brytaren fått ro i sjela.

– Eg er mykje stoltare over å ha klart og komme tilbake frå all motgang, enn eg er av EM-gullet. Det er den eg er. Det er mi historie og eg treng ikkje vere flau over å fortelje om den.

Hodet i klemme

GJENG: Her er årets brytegruppe.

Foto: Ragnar Molstad