– Eg har aldri gjort noko så risikabelt, seier Simen Holvik.
NRK snakkar med han dagen før avreise til USA. Fredag 17. november går ultraløpet utanfor byen Goodyear i Arizona.
46-åringen har sett seg eit klart mål: Å slå verdsrekorden på 48-timarsløp.
Rekorden blei sett i 1996 og er på 473,495 km, altså litt over 47 mil. Det er eit snitt på 9,86 kilometer kvar time – i 48 timar.
Rekorden tilhøyrer ein av ultraløpingas største legender, Yiannis Kouros frå Hellas.
Det betyr at Holvik nærast må springe minst ei mil i timen i to døgn. Mildt sagt eit umenneskeleg prosjekt
– Det er ein vanskeleg rekord å ta. Og det er difor den har stått såpass lenge, seier Holvik.
Filosofi og løp
Løypa er på ei engelsk mil der løparane skal springe rundt og rundt.
Konkurransen legg også opp til 6-, 12- og 24-timarsløp, i tillegg til 48 timar - så Holvik blir ikkje einsam i sin kamp mot kilometerane.
NRK-kommentator Jann Post er klar på at Holvik skal ut på ei ekstrem reise.
– Dei fleste av oss har problem berre med å kome oss opp av sofaen og springe to-tre timar. Så dette er skremmande greier, seier Post.
46-åringen starta å springe i slutten av 30-åra og har blant anna noregsrekorden i å løpe Noreg på langs. I haust blei han nummer to i det 246 kilometer lange Spartathlon i Hellas.
Men dette blir den ultimate testen.
– Det er dette som er den umenneskelege distansen. Og det er veldig stort rom for at du feilar. Men det er det som er fascinerande. Det er dette som dreg meg mot dette, seier han.
Han spring for å bryte rekordar, men har også ei filosofisk tilnærming til lidinga.
Han reknar med å vere både i helvete og i himmelen i løpet av rekordforsøket. Som han også elles har opplevd i det lange løp.
– Når du er ferdig med å tenke på kvardagen, kan eg etter kvart oppleve ei religiøs stemning. Men eg dukkar også ned i mørke rom og det blir som ei indre reise. Det er min narkotika utan å ta narkotika.
– Det er mange sterke kjensler, mange hormon og mykje kjemi som snurrar oppe i topplokket, seier Holvik.
Viser til Dante
For Holvik blei springinga redninga då kona døde av kreft. Han blei aleinepappa for to barn som i dag er 12 og 14 år gamle, og bur i Stavanger.
Her om dagen sa han opp jobben som IT-konsulent for å satse på ultraløp på heiltid. Neste år kjem han med bok om ultraløpinga.
Han samanliknar ultraløpet med middelalderforfattaren Dantes guddommelege reise.
– Først er du i helvete og ser på alle dødssyndene, så går du gjennom skjærselden der sjela blir reinsa, og deretter hamnar du i paradis.
– Men eg kan skjønne at det «filosofiske pjattet» kan bli for mykje for mange. Det er klart at eg også er interessert i setje rekordar, seier han.
I løpet av rekordforsøket får han med seg to amerikanske hjelparar som skal fore han med veske og mat. Han har også fått råd om å sove undervegs. Små «power naps» på 5-15 minutt skal vere bra.
– Har gjort ekstreme ting
Jann Post meiner han må treffe på alle frontar i løpsopplegget.
– Det kjem til å gå fint i 10-12 timar, og så byrjar hardslitet. Snittfarten er ganske høg så han må treffe både fysisk og ikkje minst mentalt.
– Ernæringsoplegget må også fungere optimalt. Han må håpe at han ikkje blir kvalm og at kroppen tek opp næring. Det er krevjande og har felt mange før. To døgn er lenge og det er ekstremt å orke og stå i det mentalt, meiner Post.
– Det eg fryktar mest er å få trøbbel med ledd og kne slik at eg til slutt ikkje klarar å bevege meg, seier Holvik sjølv.
– Men eg har trua på at eg kan klare det. Eg har eit ønskje om å setje rekordar, i tillegg til å oppsøke frykt og farar i kontrollerte former, seier Simen Holvik.
Jann Post gir også ultramannen ein sjanse.
– Det er ein tøff rekord. Men han har gjort ekstreme ting tidlegare. Så han er ein i verda som har ein moglegheit. Men mykje skal stemme over lang tid. Det blir spanande å følgje med, seier Jann Post.