Hopp til innhold

Ellevilt rekordforsøk: Tissa blod, vart rana og jaga til skogs av machete-gjeng

Britiske Russ Cook ville ta eit oppgjer med eit liv med drikking, gambling og mentale problem. No er han i ferd med å bli den første som spring Afrika på langs.

Russ Cook forsøker å kjøle seg ned i Afrika.

BLIR KJØLT NED: Russ Cook prøver å kjøle seg ned etter ein varm dag i jungelen.

Foto: Stan Gaskell / @cameramanstan_

Ruta er om lag 14.500 kilometer lang. Cook hadde eigentleg sett for seg å vere i mål til jul.

Men problema på reisa nordover har hopa seg opp:

  • Cook tissa blod og fått konstatert nyrestein.
  • Cook og medhjelparane vart rana av ei væpna gruppe.
  • Turen vart sett på vent i to veker på grunn av byråkratiske problem i Angola.
  • Han har vorte matforgifta fleire gonger.

Likevel held han fram turen. Han er no i Kamerun. I går sprang han 60,5 kilometer.

Russ Cook jubler på vei nordover i Afrika

OPPTUR: Humøret varierer på løpeturen nordover i Afrika. Her jublar han for éin av fotografane som følgjer han nordover.

Foto: Stan Gaskell / @cameramanstan_

Omringa av machete-gjeng

NRK har snakka med Stan Gaskell, som jobbar som fotograf på reisa. Han fortel at ekspedisjonen er prøvd rana fleire gonger, og at det i august såg ut til å gå heilt gale.

Dei sleit med å passere ei grense i Kongo, og Cook sprang åleine i jungelen medan støtteapparatet var ein heilt annan stad. Til Good Morning Britain skildrar Cook dette som «den farlegaste dagen i mitt liv».

– Eg kava meg gjennom smale jungelstiar som var fullstendig gjengrodd. Det var heilt kaos, og plutseleg kom eg til ein landsby som openbert ikkje får besøk så ofte, seier Cook.

Då vart det fort veldig oppheta stemning.

– Sjefen for landsbyen kom mot meg og snakka på eit lokalt språk. Han spurde openbert om pengar og vart meir og meir aggressiv. Eg prøvde å overtyde han om at eg ikkje hadde pengar, men etter kvart kom det berre fleire og fleire menneske.

Han følte at heile landsbyen omringa han.

– Det kom fleire med machete, så eg berre rømde til jungelen. Eg har høyrt tilsvarande historier om korleis slikt endar. Korleis skulle eg komme meg ut av dette?

Men Russ Cook rømde til skogs, og fekk til slutt kontakt med støtteapparatet. Tumultane i Kongo føydde seg til i rekkja av nær-døden-opplevingar.

Rana i Angola

Etter to månader på reise og fleire tusen kilometer i beina sat Cook i varebilen og åt lunsj då ei væpna gruppe dukka opp utanfor bilen.

– Ingenting er som å få ein pistol retta mot ansiktet ditt, skriv Cook på Twitter.

– Ingen av oss vart drepne eller såra, dei fekk oss ikkje ut av varebilen. Men vi vart stole frå mykje av utstyret vårt. Eit par kamera, to telefonar, alt vi har av pengar, pass og noko anna, samanfattar Cook på sin eigen Twitter/X-profil.

Russ Cook fortviler under et legebesøk i Afrika

FORTVILT: Russ Cook avbilda etter hendinga i Angola.

Foto: Stan Gaskell / @cameramanstan_

Men sidan den skjeggete briten vil springe heile kontinentet på langs, er det ikkje berre å rømme av garde.

– Vanlegvis når ein reiser inn i utrygge område, kan ein forlate staden på flekken. Vi kan berre bevege oss 60 kilometer om dagen, og stoppar kvar 20 kilometer. Det gjer oss sårbare, seier fotograf Stan Gaskell til NRK.

Draumar om is

Reisa starta i Sør-Afrika i april. Då hadde Cook allereie tenkt på prosjektet i fleire år. Med seg på reisa har han tre medhjelparar, som følgjer han i ein spesialbygd bubil.

– Han hadde ideen for cirka fire år sidan, og har jobba med det sidan, seier fotograf Stan Gaskell til NRK. Han har vore tilsett sidan september i fjor.

Han prøver å springe 60 kilometer om dagen, men stoppar kvar 20 kilometer.

Gaskell og resten av teamet bak legg ut videoar i sosiale medium undervegs. Der blir sjåaren oppdatert på alt frå løpsdistanse, det afrikanske kjøkkenet, dyreliv, tvilsam løpsmote og diverse skavankar.

Akkurat no, i Kamerun, spring han gjennom regnskog i opptil 37 varmegrader.

Varmt vêr pleidde å vere draumen, men alt eg drøymer om no er å sitje i eit isbad i Antarktis og ete iskrem, seier Cook i ein av videoane.

Russ Cook på vei gjennom Afrika

MILSLUKAR: Russ Cook spring rundt 60 kilometer om dagen, og siktar på å komme i mål i mars.

Foto: Stan Gaskell / @cameramanstan_

Matforgifta: Løp 40 kilometer

Så langt har han trassa det meste. Kvar dag blir unnagjort kilometer i ørken, på asfalt, grus og i jungel. Men eit par gonger har den gjennomtrente kroppen protestert.

Etter 26 dagar fekk han magetrøbbel og klarte ikkje å ta til seg næring. Likevel la han bak seg 43,5 kilometer.

– Eg kjende meg som ein zombie, samanfatta han sjølv.

Så vart det gradvis meir alvorleg. Etter å ha tissa blod i fleire dagar måtte han oppsøkje lege.

Då fekk han konstatert nyrestein og fekk streng beskjed om ikkje å springe.

Forbodet vart overhalde i éin dag.

I juli vart ekspedisjonen forseinka i éi veke på grunn av byråkratiske problem. I tillegg har den spesialbygde bilen hatt ei rekkje problem.

I utgangspunktet hadde Cook planlagt målgang i Tunisia i desember.

Han er snart halvvegs, og spring straks inn i Nigeria. Deretter held ferda fram mot Vest-Afrika før han svingar nordaustover til Tunisia. Han skal gjennom fleire usikre område.

– Det har vore fleire hinder på vegen. Det har vore ran, sjukdom og nær-døden-opplevingar som gjer at vi no siktar på målgang i mars 2024, seier fotograf Stan Gaskell til NRK.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal