To millionar dollar betalt til den ti år gamle dottera til ein styremedlem i FIFA skal ha vore blant det som skjedde då Qatar fekk tildelt meisterskapet, ifølgje den hemmelege Garcia-rapporten.
Det tyske magasinet Bild offentleggjer deler av rapporten i dag, truleg resten i morgon.
Bild har fått tilgang til Michael Garcias 400 sider store rapport om det som skal ha skjedd i samband med tildelingane av fotball-VM i 2018 til Russland og 2022 til Qatar.
Ingen bevis, men sterke indikasjonar
Journalist Peter Rossberg i Bild har jobba i to år med å få tak i rapporten. Han seier at det ikkje finst klare bevis for at VM i 2018 og 2022 var kjøpte.
– Men det er så mange sterke indikasjonar, spesielt i tilfellet Qatar, at ein annan konklusjon likevel neppe er mogeleg, meiner Rossberg.
Avgjerda om dei to meisterskapa fall i desember 2010. Men det har heile tida hefta sterke mistankar om korrupsjon og ureint spel ved tildelingane.
HEMMELEG: Framsida på det tyske magasinet Bild i dag. Bild har fått fatt i rapporten om spelet bak tildelingane av VM til Russland og Qatar, ein rapport FIFA har halde hemmeleg i tre år
Foto: BildDerfor bad FIFA den dåverande leiaren av den etiske komiteen, den amerikanske advokaten Michael Garcia, om å finne ut kva som eigentleg skjedde. Han la fram rapporten sin hausten 2014, men FIFA ville halde han hemmeleg.
I staden publiserte dei eit samandrag av rapporten, der Qatar blei frikjent frå korrupsjonsskuldingane.
Trekte seg i protest
Men Garcia meinte at dette samandraget gav eit feil bilete av hans rapport. Han ville at heile rapporten skulle offentleggjerast, og trekte seg frå alt samarbeid med FIFA i desember 2014. – FIFA manglar leiarskap, sa Garcia då.
Det er Garcias originale rapport Bild no har fått fatt i og vil offentleggjere.
I tillegg til dei to millionar dollarane til den ti år gamle jenta, nemner Bild fleire konkrete tilfelle:
- Qatars idrettsorganisasjon Aspire Academy var «involvert i avgjerande grad i manipulasjonen av FIFA-medlemmer med røysterett», går det fram av Bilds presentasjon av rapporten.
- Tre av FIFAs styremedlemmer reiste også til eit party i Rio før røystinga i 2010. Flyet var ein privat jet tilhøyrande Qatars fotballforbund, ifølgje rapporten. Og alle tre røysta for Qatar.
- Eit tidlegare styremedlem skal ha gratulert Qatar like etter tildelinga i 2010 og takka – på e-post – for «ei overføring av fleire hundre tusen euro», skriv Bild.
- Mannen til ein av dåverande FIFA-president Sepp Blatters nærmaste medarbeidarar skal ha fått kontrakt i Qatar for bygningsfirmaet sitt.
– Puslespel med enormt mange bitar
– Alt dette er eit einaste stort puslespel som berre gir svaret når alle bitane er sett saman. Og i tilfellet Qatar er det ekstremt mange bitar på bordet, skriv Rossberg på Facebook.
– Det ville også vere naivt å tru at Garcia eller Borbély hadde vore i stand til å finne klare bevis, legg Rossberg til.
Cornel Borbély og Hans Joachim-Eckert var leiarar i komiteen fram til mai i år. Men trass i at begge ønskte å halde fram, blei dei ikkje gjenvalde på FIFA-kongressen.
Truleg FIFA-svar i dag
Verken Qatar eller FIFA har kommentert lekkasjane enno. Ifølgje nettstaden sportskeeda.com kjem FIFA til å kome med eit svar i løpet av dagen i dag.