NRK Meny
Normal

FIFA nektar offentleggjering igjen

FIFAs ankeutval held fast på at granskingsrapporten om korrupsjonsskuldingane for tildelinga av fotball-VM 2018 og 2022 ikkje skal offentleggjerast.

Michael Garcia

Granskar Michael Garcia og FIFAs komitéleiar Hans-Joachim Eckert når FIFA offentleggjer samandraget

Foto: Walter Bieri / Ap

Dermed får ikkje granskingsleiar Michael Garcia medhald i kravet om at hans 430 sider lange rapport skal bli kjend.

Ankeutvalets konklusjon skal diskuterast i styret i FIFA torsdag. Då blir det også votering der om rapporten skal offentleggjerast.

FIFA avgjorde i haust at rapporten ikkje skulle bli offentleg kjend. I staden la leiaren i FIFAs etiske komité, Hans-Joachim Eckert, fram eit 42 sider langt samandrag, der konklusjonen var at det ikkje kom fram noko som var alvorleg nok til å føre til reaksjonar .

2. desember 2010 fekk Russland tildelt fotball-VM 2018 og Qatar VM i 2022. Omstenda rundt desse tildelingane har ført til påstandar og mistankar om korrupsjon praktisk talt heile tida etter tildelinga.

– Datamaskinenen er øydelagde

Mellom anna skal Garcia ha hatt store vanskar med å få opplysningar rundt Russlands 2018-søknad. – Vi hadde lånt datamaskinene. Deretter vart dei leverte tilbake og øydelagde , var den russiske forklaringa.

Michael Garcia

Granskingsleiar Michael Garcia

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Sidan 2012 har ein FIFA-oppnemnd komité, med Garcia som leiar, granska påstandane, og la fram granskingsrapporten i sommar .

Les også: FIFA går til politiet med hemmelig rapport

Men berre timar etter at Eckert tidlegare i haust la fram sitt samandrag av rapporten, kravde Garcia at heile rapporten måtte offentleggjerast . Han meinte at samandraget ikkje gav det rette biletet av rapporten. – Det er ufullstendig og fullt av feil, sa Garcia.

Storm rundt FIFA

Garcia sende kravet til FIFAs ankeutval, som i dag avslo kravet.

«Rapporten inneheld ingen konklusjon, derfor er han heller ikkje bindande eller mogeleg å anke», skriv utvalet i grunngjevinga.

Heilt sidan Eckert la fram sitt samandrag, har FIFA vore under eit aukande press for å offentleggjere heile rapporten.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.