– Eg trur at dei må tenkje seg om før dei snakkar, seier den ukrainske skihopparen Vitalij Kalinitsjenko om IOC.
Onsdag delte Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) ei fråsegn der dei hevdar at «det store fleirtalet» av utøvarrepresentantane ønskjer at Russland og Belarus skal returnere til internasjonale konkurransar. Det har skapt sterke reaksjonar, og særleg ukrainske utøvarar steglar av nyheita.
– Det er umogleg, fordi dei drep folk i landet vårt, seier Kalinichenko, og får støtte av landsmannen Jevhen Marusiak:
– Det hadde vore utenkjeleg å delta saman med dei som angrip Ukraina.
Marusiak sette ny ukrainsk rekord i skiflyging søndag då han kvalifiserte seg til finaleomgangen for første gong.
– Dette handlar om liv
Heller ikkje ukrainske Hryhorij Vovtsjynskyj tek lett på IOCs uttale.
– Eg er ikkje samd i at dei bør sleppe inn igjen. Eg veit om mange utøvarar som støttar krigen. Når krigen er over og Russland har trekt seg tilbake, er dei velkommen tilbake. Ikkje før.
Vovtsjynskyj stilte i både langrenn og skiskyting under ski-VM for parautøvarar i Östersund, der han mellom anna tok sølv under fredagens 12,5-kilometer.
– Kva har du å seie til IOC-medlemmene som vurderer å sleppe tilbake dei russiske utøvarane?
– Eg har ein venn som døydde i krigen. Eg pleidde å spele fotball med han, vi gjekk på langrenn saman. No er han drepen av russiske soldatar. Ver så snill, dette handlar om liv, seier Vovtsjynskyj til NRK.
Varslar boikott
Skiskyttar Dmytro Pidrutsjnyj er også skaka over den ferske uttalen.
– Denne uttalen frå IOC er uakseptabel, skriv den tidlegare verdsmeisteren i ein e-post til NRK.
Pidrutsjnyj tenestegjorde i det ukrainske militæret dei første månadene av krigen, men til liks med ein del utøvarar fekk han permisjon for å konkurrere. Han gjorde comeback i verdscupen i Kontiolahti, men skadde seg og held no på med rehabilitering i Obertiliach i Austerrike sidan det ikkje er mogleg å gjere det i Ukraina.
– I dag kjenner eg ingen ukrainske idrettsutøvarar som ønskjer å konkurrere saman med representantar frå desse landa. Mange kollegaer frå andre land er heller ikkje klare til å konkurrere med russarar og belarusarar, skriv han.
31-åringen meiner det er meiningslaust å snakke om ein mogleg Russland-retur så lenge krigen går føre seg for fullt.
– Eg vil ikkje konkurrere med russiske og belarusiske idrettsutøvarar. Eg håpar at Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) har mot til å ikkje tillate det. Viss det blir slik at dei får lov, vil eg boikotte alle konkurransane der utøvarar frå desse landa skal delta.
Også den norske utøvarkomiteen var representert på det aktuelle IOC-møtet, der dei tok til orde for at utøvarar ikkje skal kunne diskriminerast på bakgrunn av pass.
Dette argumentet kjøper ikkje Pidrutsjnyj.
– Problemet er ikkje kva pass dei har. Faktum er at nesten alle russiske og belarusiske idrettsutøvarar støttar militære aksjonar i Ukraina, sjølv om det ikkje er offentleg. Russland bruker sport i politikken – det er ein arena for propaganda. Mange russiske idrettsutøvarar støttar krigen offentleg. Derfor meiner eg at argumentet om at ein ikkje kan «diskriminere på bakgrunn av idrettsutøvars pass» er meiningslaus, fordi idrett ikkje er skjerma frå politikken.