Hopp til innhold

Her er det omdiskuterte innlegget til Astrid Uhrenholdt Jacobsen

Reaksjonane har ikkje late vente på seg etter at NRK torsdag kveld melde at Astrid Uhrenholdt Jacobsen skal ha teke til orde for Russland-retur. Her er heile det omdiskuterte innlegget.

Astrid Uhrenholdt Jacobsen, VM 2019

I HARDT VÊR: Astrid Uhrenholdt Jacobsen har fått kritikk for innlegget ho heldt. Her avbilda under eit tidlegare høve.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Tidlegare i veka offentleggjorde Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) at «det store fleirtalet» av utøvarrepresentantane ønskjer at Russland og Belarus skal returnere til internasjonale konkurransar.

NRKs opplysningar tilsa at Astrid Uhrenholdt Jacobsen, som snakka som leiar av den norske utøvarkomiteen, hadde same bodskap som det fleirtalet landa på, noko ho sjølv ikkje har vore samd i.

– Det eg har gjort, er å ta til orde for ein diskusjon, har den tidlegare langrennsløparen forklart.

Nokre timar etter at NRK publiserte saka torsdag, reagerte Jacobsen på framstillinga overfor VG og hevda attgjevinga var upresis. Sidan då har fleire stilt spørsmål om kva Jacobsen faktisk sa.

Laurdag beklaga utøvarkomiteen handteringa av saka overfor medlemmene sine.

«Ein veldig kompleks og utfordrande situasjon»

NRK kan no presentere transkripsjonen av Jacobsens omdiskuterte innlegg.

Jacobsen har sjølv sendt transkripsjonen til NRK. Innlegget vart gitt i det IOC omtaler som eit konsultasjonsmøte som gjaldt Russland, Belarus og Ukraina.

NRK har omsett innlegget frå engelsk til norsk, og du kan lese den originale, engelske versjonen i faktaboksen under avsnitta.

«Takk. Kjære ordstyrar, kjære president, kjære alle representantar. Det er hyggjeleg å samle seg i denne typen møte. Eg har snakka på vegner av den norske utøvarkomiteen, som inkluderer olympiske, paralympiske og ikkje-olympiske idrettar og ønskjer å dele eit samandrag av dei nylege diskusjonane våre om det veldig vanskelege temaet som er nemnt tidlegare.

Det er ein veldig kompleks og utfordrande situasjon. Og, som eit naboland av Russland, er vi veldig klar over intensiteten og brutaliteten i den pågåande konflikten. Dei nasjonale media våre, og dei fleste av folket, har teke eit klart standpunkt om at dei ikkje ønskjer å sleppe russarane tilbake i idretten utan å vere i stand til å skilje det frå sanksjonane og dei vernande tiltaka som vart sett i verk i februar i fjor. Og, med det bakteppet, bestemde vi i utøvarkomiteen at vi hovudsakleg ville halde diskusjonane basert på verdiane og etikken som den olympiske rørsla byggjer på, fordi det er den einaste vegen framover.

Etter vårt syn er ikkje-diskriminering ufråvikeleg. Oppdraget vårt er å halde fram med å vere ei samlande kraft, og det bør framleis vere fokuset vårt. Det betyr at ingen utøvarar burde ekskluderast på bakgrunn av passet sitt. Og vi ønskjer at dei felles utøvarkomiteane våre samlar seg rundt verdiane våre. Dernest kan vi diskutere kva for nokre praktiske omsyn som må takast og vere på plass for potensielt å sleppe alle utøvarar til på idrettsarenaen. Takk».

Slik lydde altså innlegget som har skapt rabalder dei siste dagane. Dette var eitt av innspela som vart tekne i betraktning då IOC publiserte uttalen om at eit stort fleirtal av utøvarrepresentantane ønskjer at Russland og Belarus skal returnere til internasjonale konkurransar.

Jacobsen ønskjer ikkje å utdjupe innhaldet eller formuleringane.

NRK har søkt Den internasjonale olympiske komiteen om innsyn i alle opptak og tekstutskrifter frå møtet der Astrid Uhrenholdt Jacobsen deltok. Pressekontoret opplyser at dei ikkje kan gjere det, men at deltakarane sjølv kan dele eigne innlegg.

Les også Borch hardt ut mot Jacobsen etter NRK-avsløring: – Bommet så grovt som det går an

AUJ / Borch

Meiner Jacobsen må velje

Mangeårig idrettsjurist Gunnar-Martin Kjenner har lese innlegget til Jacobsen.

Han meiner problemet er Jacobsens roller: Ho er både leiar av utøvarkomiteen i NIF og medlem av IOCs utøvarkommisjon.

Eg tviler ikkje eit sekund på Astrids ideelle motiv for å ta ein prinsipiell diskusjon om rettane til utøvarane. Problemet er at ho har to hattar, og at ho i denne diskusjonen ikkje kan vere talskvinne for begge samtidig, seier Kjenner.

Gunnar-Martin Kjenner

IDRETTSJURIST: Gunnar-Martin Kjenner.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Som representant for IOC må ho tale IOCs bodskap, medan mandatet hennar som representant for norske utøvarar må ta til orde for det motsette standpunktet. Mi oppfatning er at Astrid må velje kva for ein av dei to organisasjonane ho vil vere talskvinne for. Ho kan ikkje representere to organisasjonar som har så motstridande interesser samtidig, seier han.

Kva bodskap meiner du ho tek til orde for i innlegget?

Som IOC-representant meiner ho etter mi oppfatning at idretten skal vere upolitisk og følgjeleg ikkje sjå bort frå utøvarar av politiske grunnar.

Jacobsen har ingen kommentar til Kjenners meiningar.

Reagerer på argumenta

Etter at meiningsinnhaldet i Jacobsens innlegg vart offentleg kjent, sende ho ein e-post til norske utøvarar for å forklare, men ho møtte raskt motbør.

Heller ikkje jussprofessor Trond Solvang er særleg imponert over Jacobsens argumentasjon.

Utsegna er fint i idealiteten sin, men merkeleg, seier han til NRK.

Det er særleg dette utdraget i Jacobsens e-post han reagerer på:

«Idretten har nulltoleranse mot diskriminering. Dette inkluderer også kollektiv avstraffing av ei gruppe menneske basert på etnisitet eller pass. Dette er i tråd med FNs menneskerettar. Det kan vi ikkje gløyme i denne saka».

Solvang synest det blir heilt fei å bruke ordet «avstraffing» i denne samanhengen.

Den idrettslege utestenginga som no er i kraft, er nettopp ikkje meint som avstraffing etter disiplinærreglane i idretten, men som tiltak for å vareta integriteten til idretten, ved ikkje å risikere å bli teken til inntekt for russisk politikk og aggresjon, forklarer han.

Professoren utfordrar Jacobsen på om ho meiner at IOCs prinsippvedtak frå februar 2022 var menneskerettsstridig, eller om norsk idretts standpunkt om å stengje russiske utøvarar frå Holmenkollen i mars 2022, også var brot på menneskerettane.

Les også Jacobsen sendte e-post til utøverne etter NRK-sak – fikk klart svar fra Golberg

Astrid Uhrenholdt Jacobsen

Meiner argumentasjonen har logiske brester

I fjor stemna Det russiske fotballforbundet FIFA inn for valdgiftsdomstolen til idretten (CAS), på grunn av utestenginga frå VM. Russarane påkalla i den saka både likebehandlingsprinsipp og menneskerettar, men dei tapte saka.

Det dreidde seg her ikkje om diskriminering, og ikkje om «avstraffing» slik Uhrenholdt Jacobsen bruker uttrykket. Det dreidde seg om ei avveging i ein ekstraordinær situasjon, der dei styrande organa til idretten måtte ha tilgang til å vedta dei tiltaka som vart funne nødvendige, av omsyn til integriteten og omdømmet til idretten – og der IOCs prinsippvedtak frå februar 2022 spelte inn, forklarer Solvang, som meiner at desse døma viser at Jacobsens argumentasjon har logiske brester:

Når Uhrenholdt Jacobsen bringar inn juss og menneskerettar i dette temaet, bør desse ting bli forklarte, elles gir bruken av juss og tilvising til menneskerettar eit misvisande bilete, slår han fast.

NRK har lagt fram for Jacobsen døma og meiningane til Solvang, men ho ønskjer ikkje å kommentere.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal