Hopp til innhold

Tabben som kunne ha øydelagt alt for Norge

NORGE - UNGARN (3-2): Det som var ein tabbe i laguttaket til EM-kvalifiseringa, kan ha vist seg å ha vore heldig for det norske landslaget i volleyball.

Kristian Bjelland i mottak med Bjarne Nikolai Huus i bakgrunnen

MOTTAK: Kristian Bjelland i mottak med libero Bjarne Nikolai Huus (raud trøye). I bakgrunnen sit mannen som vart vraka frå troppen, Øystein Bergum, på tribunen som tilskodar (grå genser).

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er sjølvsagt ei utfordring for oss, men i dag viste det seg å fungere bra taktisk, seier landslagstrenar Scott Olsen.

Han har nettopp sett Norge slå Ungarn 3-2 (20-25, 21-25, 25-20, 25-17, 15-13) i ein høgdramatisk kamp i Sotra Arena. Fem sett måtte til for å kåre ein vinnar - og det var uhyre jamt og spennande.

Med sigeren heng Norge framleis med i kampen om å gå vidare frå den første kvalikrunden til EM. Med tap hadde det sett mørkt ut. Og det kunne det fort ha gjort.

Kunne ha fått spelte, men...

For Norge kunne ha hatt med seg 14 spelarar i troppen - men har berre 12. Og då libero Yngve Sundfjord måtte kaste inn handkledet med skade, stod landslaget utan ein libero i troppen.

Då var gode råd dyre. Landslagsleiinga valde å flytte kantspelar Bjarne Nikolai Huus inn på libero-plassen. Kristian Bjelland tok over på kanten.

På tribunen sat Øystein Bergum - mannen som kunne ha vore libero om Norge faktisk hadde hatt full tropp tilgjengeleg. Han vart vraka frå 12-mannstroppen rett før fristen.

– Det er skuffande at dei som har ansvaret ikkje har kontroll på reglane. Vi hadde hatt betre moglegheiter med 14 spelarar, for det er alltid ein fordel å ha fleire strengar å spele på, seier Bergum.

Landslagstrenar Scott Olsen i timeout med Norge

HELDIG: Norge kunen ha hatt med to spelarar til i EM-kvalifiseringa. Landslagstrenar Scott Olsen var glad Bjarne Nikolai Huus spelte bra - men ventar med laguttaket mot Israel til i morgon.

Foto: Rune Fossum / NRK

Meiner fleire misforsto reglane

I staden spelte altså Huus. Og det kan ha vist seg å ha vore genialt. For Huus vart bombardert med servar - og løyste oppgåva betre og betre utover i kampen.

– Eg vil av taktiske grunnar ikkje gå inn på detaljar, men det var ein tabbe som slo positivt ut. Når det er sagt, så skal ikkje slike ting skje, vedgår Olsen.

Han understrekar at han forstår reaksjonen til Øystein Bergum.

– Men også Israel og Ungarn må ha mistolka regelverket. Då meiner eg det har meir med reglane enn oss å gjere, seier landslagstrenaren.

Berre England deltek i EM-kvaliken på Sotra med full tropp. NRK får hos turneringsleiaren stadfesta at det er lov med 14 spelarar.

Debuterte i eliten som 15-åring

Uansett regelverk: Bjarne Nikolai Huus spelte ein solid kamp som libero. Ungarn valde å serve konsekvent på sunnfjordingen, som fekk heile 51 servar mot seg i mottak.

– Det er lenge sidan eg har fått så mange ballar på meg. Og det kom seg vel utover i kampen, for det tok litt tid å venne seg til ballen vi brukar her i Europa, seier liberovikaren som til vanleg spelar i USA.

– Kva tenkjer du om at de kunne ha vore fleire i troppen?

– Det tek eg med ro. For meg er det ikkje noko stress å spele libero. Eg debuterte som libero for Førde som 15-åring, smiler Huus.

Mathias Loftesnes i angrep for Norge mot Ungarn

GOD KAMP: Mathias Loftesnes og Norge spelte seg opp utover i kampen, og varta opp med tidvis strålande spel dei to siste setta.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kan slå kven som helst

Norge verka nervøse og usikre frå start i kampen, og tapte dei to første setta relativt klart. Så losna det skikkeleg, og spesielt i dei to siste setta var det trøkk over nordmennene.

– Eg har lenge hatt ei kjensle av at det skulle losne snart. Og utover i kampen slo vi oss meir laus, og då kom det gode spelet også. Til slutt var det heilt fantastisk, seier Scott Olsen.

Søndag ventar den siste kampen i kvalikrunden. Då står Israel på den andre banehalvdelen. Det kan bli den tøffaste utfordringa på vegen til andre runde.

– Israel er eit rutinert lag med fleire toppspelarar. Men spelar vi som i dei to siste setta i dag, kan vi ta kven som helst, seier landslagstrenaren.

Siste nytt

  • Hoppkvinnene får utvidet skiflygingsrenn i Vikersund neste sesong: – Et veldig stort skritt

    Neste sesong skal for første gang 25 kvinnelige hoppere få delta i et skiflygningsrenn i Vikersund. Det blir også renn i Holmenkollen, tross VM i Trondheim.

    Det ble klart da hoppkomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS) hadde møte i slovenske Portoroz onsdag.

    – Vi er stolte over at vi får til en Raw Air-turnering også i VM-året i Trondheim, og vi gleder oss ekstra til å vise fram VM-heltene i Holmenkollen og Vikersund bare noen dager etter mesterskapet, forteller prosjektleder for turneringen, Ståle Villumstad.

    Til tross for at det skal arrangeres ski-VM i Trondheim mellom 28. februar og 9. mars, har også Holmenkollen fått hopprenn bare fire dager etter mesterskapet, på en torsdag.

    Forrige sesong satte Silje Opseth verdensrekord i Vikersund, og hun gleder seg nå over at 25 kvinner skal få delta i 2025. Denne sesongen var det 17. (NTB)

    Silje Opseth
    Foto: NTB
  • Kollaps for J17-landslaget i EM – åttemålstap mot Frankrike

    Norges J17-landslag har fått tøff medfart i EM-sluttspillet. Etter 0-3-tap for England i åpningskampen ble det en fryktelig 0-8-smell mot Frankrike onsdag.

    Frankrike er tittelforsvarer i J17-EM, men årets utgave virket ikke uoverkommelig sterk da det ble bare 3-2-seier over det svenske vertslaget som Norge slo i EM-kvalifiseringen i mars.

    Norge holdt 0-0 i en halv omgang på Malmö idrottspark, men så raknet det. To ganger i første omgang scoret motstanderen to ganger med to minutters mellomrom, og ved pause sto det 4-0.

    Så ble det ikke flere mål før det siste kvarteret, da innbytterne Rachael Adedini og Djenna-Léna Tene scoret fire ganger til. Adedini gjorde hattrick med mål i det 77. og 88. minutt og på overtid. (NTB)

  • Bruddseier i Giroen etter at Foss gikk i bakken: – For en skrell

    Franske Benjamin Thomas tok en overraskende seier på den 5. etappen av Giro d'Italia etter å ha sittet i brudd store deler av dagen.

    Onsdagens 178 kilometer lange etappe gikk fra Genova, over den 3.-kategoriserte stigningen Passo del Bracco, og inn til Lucca. Der ble det hele avgjort mellom de fire rytterne som hadde sittet i brudd.

    Thomas tok seieren foran danske Kasper Valgren, som ble nummer to. Italienske Andrea Pietrobon kompletterte pallen.

    – For et bruddkupp, for en skrell. Thomas vinner og tar Cofidis' første seier i årets sesong, sa Discovery-kommentator Theis Magelssen.

    77 kilometer fra mål ble det etablert et firemannsbrudd med blant andre Valgren. 50 kilometer senere gikk Tobias Foss og seks andre løpere i bakken, noe som sinket hovedfeltet betraktelig.

    – Han har det okey. Han var liutt opprørt i starten, men jeg er sikker på at det vil gå bra med ham. Enn så lenge er alt bra, sier Zak Dempster, sportsdirektør i Ineos-Grenadiers, om Foss i en video på X.

    Benjamin Thomas
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal