Hopp til innhold

Endeleg torer dei å snakke om EM-sjansar

SOTRA (NRK): For første gong på 30 år er det norske landslaget så godt at dei har reelle sjansar til å spele seg fram til EM-sluttspelet i volleyball.

Andreas Takvam på trening med landslaget

SIKTAR MOT EM: Andreas Takvam og lagkameratane Ørjan Siljander (t.v.) og Kristian Bjelland har ambisjonar om å spele i EM. Då må dei første gå vidare frå første kvalikrunde på heimebane i helga.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Dette er ein sjanse til å ta nye steg med landslaget, seier Andreas Takvam.

– Alle her drøymer om å spele i EM. Det er difor vi ofrar så mykje tid og pengar på dette, seier Mathias Loftesnes.

Duoen førebur seg saman med det norske landslaget på EM-kvalifisering på heimebane. I storstova Sotra Arena utanfor Bergen er målet å gå vidare frå den første runden - slik dei gjorde det for aller første gong for to år sidan.

Må tilbake til 80-talet

Det er lenge sidan Norge har hatt eit så godt herrelandslag i volleyball. Vi må faktisk heile 30 år tilbake i tid - til den gongen Asbjørn Vølstad og Jan Kvalheim var dei store profilane.

– Vi har aldri hatt ein så jamn og stor stall. Kanskje har enkeltspelarar vore betre, men så mange og så gode på éin gong kan eg ikkje hugse, seier Ivar Bakken.

Han er assistenttrenar på landslaget, og kjenner norsk volleyball på toppnivå betre enn dei aller fleste.

– Vi har hatt nokre stjerner, men ikkje nok gode spelarar rundt dei til at laget var godt nok, seier han.

Geir Opseth (t.v.), Ivar Bakken og Scott Olsen

LYSANDE UTSIKTER: Ivar Bakken (midten) meiner det norske landslaget kan vere det beste nokon gong. Her er volleyballkjennaren saman med teammanager Geir Opseth (t.v.) og landslagssjef Scott Olsen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trur på EM-deltaking

Norge har aldri hatt eit landslag med i europameisterskapen i volleyball. Laget har aldri eigentleg vore i nærleiken, heller. Men for to år sidan gjekk landslaget vidare til den andre kvalifiseringsrunden - steget før sjølve EM-sluttspelet. Der vart det stopp.

No meiner mange at det er lov å håpe på EM-deltaking.

– Då vi starta med dette for tre år sidan, sa eg til spelarane at generasjonen deira kan skrive historie i norsk volleyball. Og vi var nære på for to år sidan. No skal vi klare å ta det neste steget, seier landslagstrenar Scott Olsen.

– Om ikkje i år, så iallfall innan 2019, seier Ivar Bakken.

Bjarne Nikolai Huus

TREDJEPLASS I USA: Bjarne Nikolai Huus enda på tredjeplass med Long Beach State i den amerikanske collegeserien i år.

Foto: Rune Fossum / NRK

Seks har vore profesjonelle

Mykje av forklaringa bak optimismen ligg i det faktum at Norge har og har hatt mange utanlandsproffar dei siste åra. Av dei tolv spelarane som utgjer troppen i EM-kvaliken, har seks av dei erfaring som proffar i utanlandske seriar som Polen, Belgia og USA.

Bjarne Nikolai Huus frå Førde spelar for Long Beach State i den amerikanske collegeserien. Han meiner det har positiv effekt på det norske landslaget.

– Eg trur det er viktig å ta med seg kulturen og mentaliteten frå land der dei verkeleg veit kva som krevst for å spele på høgt nivå, seier Huus.

Andreas Takvam har den siste sesongen vore ein av bærebjelkane på Effector Kielce i Polen. Han ser for seg eit norsk landslag i eit framtidig EM..

– Klarer vi å få ein rein førsteseksar med berre proffar blir det bra. Då går vi til EM, seier han.

Mathias Loftesnes på trening med landslaget

TILBAKE I NORGE: Mathias Loftesnes har den siste sesongen vore tilbake i Norge etter proffeventyr i Tsjekkia. Han får mykje av æra for at Førde tok både cup- og seriegull.

Foto: Rune Fossum / NRK

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal