Hopp til innhold

Kom rett frå USA og inn på EM-laget

SOTRA (NRK): Bjarne Nikolai Huus trengde berre to treningar for å overtyde landslagsleiinga. No er USA-fararen klar for EM-kvalifisering med Norge.

Bjarne Nikolai Huus i mottak på trening

FOKUS PÅ EM: Bjarne Nikolai Huus tek imot ein serve på trening med det norske landslaget i volleyball. Til venstre Yngve Sundfjord.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dei følte dei hadde bruk for meg. Så det er veldig kjekt, seier Bjarne Nikolai Huus.

Han rakk så vidt å få norsk jord under føtene, før han spelte seg rett inn på det norske landslaget til kampane i EM-kvalifiseringa. Då kom han frå spel med Long Beach State i den amerikanske collegeserien.

– Eg har trent bra i USA, og det er eit godt nivå der. Så eg er ikkje overraska, seier den tidlegare Førde-spelaren.

Har sjansen til å slå alle i EM-kvaliken

Norge har dei siste dagane lada opp i Sotra Arena utanfor Bergen. Landslaget har også vore på treningssamling i Italia, der dei møtte sterk motstand mot Australia – der åtte av spelarane deltok i VM for to år sidan.

Laget tapte kampane, men vann fleire sett – og fekk det dei meiner er verdifull trening framfor EM-kvalifiseringa på heimebane. No ventar tøffe kampar mot England, Ungarn og Israel.

– Viss vi har den rette innstillinga, så har vi sjansen til å vinne mot alle laga. Men volleyball er eit mentalt spel, og det er fort gjort å tape mot lag ein eigentleg skal slå, seier Bjarne Nikolai Huus.

Bjarne Nikolai Huus

SATSAR I USA: Bjarne Nikolai Huus vil gjerne vinne den amerikanske collegeserien. Men først skal han spele EM-kvalik for Norge.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har veldig lyst til å kopiere legende i USA

Sjølv kombinerer 20-åringen studiar med full satsing på volleyball. Saman med Long State Beach vart det ein tredjeplass i den amerikanske collegeserien i år. I semifinalen i sluttspelet tapte laget 3–1 mot eit lag dei slo 3–0 i grunnserien.

– Det var veldig nære, og det ikkje kjekt å tape den kampen. Men Asbjørn Vølstad er vel einaste nordmann som har vunne serien der borte, og eg håpar eg skal klare å vinne ein gong eg også, seier Huus og legg til:

– Vi har eit veldig ungt lag, og blir nesten dei same spelarane i to år til, så eg trur nok vi skal klare å vinne eitt av dei to åra. Det hadde vore stas å kopiere Vølstad, seier han.

Landslagstrenaren har følgt med lenge

Landslagstrenaren er glad førdianaren kom seg til Norge i tide til dei viktige kampane i første runde i EM-kvalifiseringa. Men han er ikkje med på at Huus spelte seg inn i troppen med berre to treningar.

– Vi har følgt han lenge, både som junior og med Førde før han reiste til USA. Vi såg også semifinalen med Førde mot Randaberg i vinter. Så eg veit om eigenskapane hans, seier Scott Olsen.

– Han kjem inn med mykje guts og tæl?

– Eg må innrømme at eg som canadiar likar at han snakkar mykje, viser guts og har litt av den amerikanske mentaliteten. Vi treng typar som han. Han pushar folk på trening og kamp, seier trenaren.

Landslagstrenar Scott Olsen

LIKAR TYPEN: Landslagstrenar Scott Olsen meiner Norge har bruk for ein type som kan pushe dei andre på trening og i kamp.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ofrar mykje tid og pengar på landslaget

Også Førde-spelaren Mathias Loftesnes er med det norske laget i EM-kvalifiseringa. Øystein Bergum kom akkurat ikkje med i 12-mannstroppen, men er likevel med landslaget vidare gjennom helga.

– Det blir tøffe kampar, men eg trur vi skal slå godt frå oss, seier Bergum.

Norge gjekk for to år sidan til andre runden i EM-kvalifiseringa for første gong. Loftesnes trur landslaget kan klare å kopiere den prestasjonen. Og vel så det.

–Kva er sjansane for å gå heilt til EM?

– Dei er der. Alle her drøymer om å få spele EM. Det er difor vi ofrar så mykje tid og pengar på landslaget, seier Loftesnes.