– Vi spelte velk sånn nokolunde, men korkje vi eller England var på vårt beste. Men då vi fekk det til å sitje, var vi betre enn dei, seier Kvalen.
Han har nettopp takka publikum for støtte i kampen mot England i Sotra Arena. Norge tok heim den første kampen i EM-kvalifiseringa med 3-1 (25-19, 22-25, 29-19, 25-11).
Utan at laget fyrte på alle stempel.
England tok det andre settet, og yppa seg mot heimefavorittane. Først i det siste settet viste Norge kva som bur i laget. Settet enda 25-11, mellom anna etter ei fantastisk serverekke av Sigurd van Dijk Festøy.
– Då var det overkøyring, og vi fekk fram noko av vårt beste, seier Kvalen.
– Er ein krigar
Den tidlegare Førde-spelaren var kampens store spelar med sine 21 poeng. Han var mellom anna særs viktig då Norge ikkje kom skikkeleg i gang i dei første setta. Då var det viktige poeng frå sunnmøringen som sytte for at Norge heldt seg i føringa.
– Jonas er ein krigar, og han er så involvert i spelet. Han jobbar godt med feltforsvar, servar tøft og skapar vanskar for motstandaren - og han pushar dei andre spelarane på bana, seier landslagstrenar Scott Olsen.
- Les også:
Vil til større liga
Kvalen har dei siste åra vore proff i Belgia, der han sist sesong fekk mykje speletid og tok tredjeplass både i serien og europacupen med Prefaxis Menen.
No er han ute etter ny arbeidsgivar. Og helst på høgare nivå.
– Eg har lyst til å prøve meg i ein annan liga, og siktar meg inn mot Tyskland, Frankrike og kanske Italia. Eg har ein agent som jobbar for meg, og eg veit at det er nokre klubbar som vurderer meg, seier Kvalen.
– Eg håpar på ei avgjerd om kort tid. Målet er å komme på høgare nivå og få speletid der også, seier diagonalspelaren.
- Les også:
Ungarn og Israel neste
Men før han kjem så langt som til kontrakt med ein ny klubb, har han fokus på det som skal skje med det norske landslaget i EM-kvalifisering.
– Vi må opp eit par hakk om vi skal slå Ungarn og Israel. I dag hadde vi nok litt nervar før vi kom skikkeleg i gang, men det kan ikkje svinge slik. Skjerpar vi oss litt, er det mogleg å ta både Ungarn og Israel, seier 23-åringen.
– Vi må ha som mål å komme til andre runde. Og vi bør helst vinne pulja, seier han.
– Vi har mykje å gå på, og det svingar for mykje i denne kampen. Vi må utnytte våpna vi har - og det gjer vi til tider ikkje i dag, seier landslagstrenar Scott Olsen.
- Les også: