Hopp til innhold

NRK mottar anonyme brev: – Det har blitt eit skittent spel

Skjulte krefter jobbar for å velte dei som vil ta over etter korrupsjonsmistenkte Anders Besseberg. Og no blir kampen om presidentvervet i Det internasjonale skiskyttarforbundet kraftig kritisert av Norge.

Anonymt brev fra Østerrike

ANONYMT BREV: NRK mottar stadig anonyme brev med påstandar retta mot presidentkandidatane i Det internasjonale skiskyttarforbundet.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

«Kjære Herr Løken.

Vi har møttest ofte dei seinaste åra og no har eg også tatt steg i gradene som følge av den lite gloriøse avgangen til Anders Besseberg og Nicole Resch».

Slik startar det anonyme brevet, postlagt i Salzburg, som for litt sidan dukka opp i posthylla i NRK Sporten. I skrivet er det nye skuldingar om regelbrot og andre umoralske handlingar i internasjonal skiskyting.

Etter eit år med politirazzia både i Norge og i Austerrike, utøvaropprør blant skiskyttarane og mistankar om dopingmanipulasjon betalt av Russland, har dei gjenverande styremedlemane i det internasjonale skiskyttarforbundet lova ei ny tid med openheit.

Men i staden for opne kjelder som vil snakke, får vi i NRK berre ei rekke anonyme brev. På tre ulike språk. Nokre av dei har vi passande nok fått like før det denne veka skal veljast ny internasjonal skiskyttarpresident. Og om nokon skulle lure: det er ikkje vanleg at vi i NRK mottek slike anonyme brev, i alle fall ikkje i fleirtal.

Brevet vi siterte i starten av denne artikkelen, er på tysk.

Her blir det peika på at den svenske presidentkandidaten Olle Dahlin har tilbode økonomisk støtte til små nasjonar. Påstanden er at dette blei gjort i forsøk på å kjøpe godvilje før det kommande presidentvalet no på fredag.

Sverige avviser skuldingar

Fredag, i den kroatiske badebyen Porec, kan nettopp svenske Dahlin bli ny skiskyttarpresident. I så fall tar han over for den norske, korrupsjonsmistenkte Anders Besseberg, og blir leiar i det pengesterke, internasjonale skiskyttarforbundet.

– Har du brukt små nasjonar som ikkje er kvalifisert for VM til å kjøpe stemmer?

– Nei, kjem det raskt frå Dahlin før det blir heilt stille på telefonlinja.

– Det er det enkle svaret?

– Det er det enkle svaret.

I det tyske brevet hevdar avsendaren at Dahlin og det svenske forbundet har finansiert reise og opphald for dei minste skiskyttarnasjonane.

olle dahlin

PRESIDENTKANDIDAT: Svenske Olle Dahlin.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

At dei har sendt invitasjon til blant anna India og Serbia og lova økonomisk støtte om dei kjem på seminar i Østersund. Dette er nasjonar som ikkje får stille til start når VM kjem til Østersund i 2019. Men dei kan stemme når det er val.

Vedlagt i brevet på tysk er ein e-post frå forbundet som bekreftar at Sverige har invitert.

«Kven har godkjent, korrumpert og akseptert dette korrupte budsjettet?,» står det i brevet.

Dahlin bekreftar at dei nasjonane som har deltatt på seminar har fått reisestøtte. Delvis av det svenske forbundet, delvis av Østersund kommune og delvis av IBU. Men han avviser også at det er ulovleg spel.

invitasjon

Slik såg invitasjonen ut.

Norge: – Feil å betale for at nasjonar skal komme

Norges skiskyttarforbunds president Erlend Slokvik vil heller ikkje kalle dette for korrupsjon, men meiner at det kan vere problematisk for ein presidentkandidat.

– Når nokon betaler kostnadane dine føler du lettare at du er forplikta til å gje noko tilbake, seier Slokvik.

– Det er forskjell på å ta imot folk eller betale for at dei skal komme. Nove Mesto inviterte alle presidentane på rulleskimeisterskap i sommar, men vi måtte betale reise og opphald sjølve. Om eit anna forbund betaler alt, så blir det litt mykje, legg Slokvik til.

Erlend Slokvik

SKUFFA: Presidenten i Norges Skiskyttarforbund, Erlend Slokvik, synst det er synd at det verserer mange negative rykte i valkampen.

Foto: NRK

Nordmannen har lenge høyrt rykte om at det skal ha blitt arrangert seminar i Østersund.

– Den saka med Sverige kan jo sjå litt rar ut.

– Fekk Norge invitasjon?

– Nei. Det har eg sjekka.

Dahlin blir oppgitt når han høyrer Slokviks resonnement.

– Det må vere mogleg å sette seg ned og prate med folk utan at ein blir skulda for valfusk.

– Forventar du at dei små nasjonane som besøkte Østersund skal stemme på deg?

– Nei. Som mangeårig leiar for utvikling i IBU er eg opptatt av å gjere sporten større. Derfor inviterte vi mellom anna fleire små nasjonar til Østersund for å høyre korleis vi kan bli større. Vi kom mellom anna fram til at vi under VM neste år skal ha eit renn for ungdom under 16 år der nasjonane som ikkje er kvalifiserte for VM kan delta, seier Dahlin.

– Det er trist om det er dette folk skal henge seg opp i. At det skal gå politikk i dette. Denne saka er eg er fullstendig open om, seier ein frustrert Dahlin.

Skuffa over valkampen: – Det har blitt eit skittent spel

«Dritpakkane» som blir dumpa i NRKs posthylle kjem frå ulike leirar, og er ikkje berre retta mot svensken. Også hans einaste motkandidat, den latviske politikaren Baiba Broka, får gjennomgå i eit anna anonymt brev vi har fått.

– Dette har utvikla seg til eit skittent spel. Det er beklageleg, seier Erlend Slokvik.

Telefonsamtalen med Norges skiskyttarpresident er av den dystre sorten.

– Eg synst det er beklageleg at vi ikkje har fleire presidentkandidatar. For rykta om kandidatane er mange og det blir reist sterke skuldingar mot begge. Kanskje det hadde blitt mindre hets om det var fleire enn to, seier Slokvik.

Baiba Broka

PRESIDENTKANDIDAT: Latviske Baiba Broka.

Foto: Nasjonal Allianse

Den andre kandidaten, latviske Broka, blei nekta sikkerheitsklarering då ho var justisminister i heimlandet i 2014. Dette betyr at det ikkje blei sett på som trygt å gje ho tilgang til statshemmelegheiter.

Dette sørgar ein av dei anonyme avsendarane for å påpeike ettertrykkeleg i eit brev til oss. I tillegg har latviske medium tatt saka opp igjen no som politikaren og juristen skal stille til val.

Broka skal vere Bessebergs favorittkandidat i presidentvalet.

Ho blir også skulda for å vere høgreekstrem og ha sterke band til russisk skiskyting. Russland får som kjent ikkje lenger vere fullverdig medlem av IBU, etter ei endelaus rekke skandalar og dopingsaker.

Når NRK tar kontakt nektar ho for koplinga til Russland, som ho også har kommentert i latviske medium.

– Eg har ingenting å skjule, seier Broka.

Anders Besseberg

KAN DUKKE OPP PÅ VALET: Tidlegare IBU-president Anders Besseberg blir etterforska for korrupsjon. Likevel vurderer han å oververe kongressen i IBU.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Forsvarer russar som byta nasjon før valet

Samtidig forsvarer ho at russaren Viktor Maigurov skal få stille til attval i styret etter å byta nasjonalitet til Kviterussland.

Forsvaret kjem trass i at Russland er nekta verv dei fire neste åra.

– Han har vore veldig profesjonell og gjort det beste for sporten. Vi må ikkje dømme folk ut frå nasjonalitet. Han har også stilt seg inhabil når det gjeld spørsmål om Russland, seier Broka.

Om at ho ikkje fekk sikkerheitsklarering seier ho:

– Eg fekk ingen grunn. Om eg ikkje får nokon grunn så kan eg ikkje forsvare meg. Dette har vore ei frustrerande sak, seier Broka.

Sjef for sikkerheitsbyrået i Latvia, Janis Maizītis, har uttala til landets medium at det var alvorlege grunnar til at Broka ikkje blei klarert.

Broka reagerer også sterkt på å bli kalla høgreekstrem, og seier at partiet hennar «Nasjonal Allianse» er eit parti som representerer den moderate høgresida i Latvia.

42-åringen hevdar også at Dahlin kjem med personangrep mot henne, og at han har planta dårlege rykte. Dahlin svarer til NRK at han ikkje kjenner seg igjen i det.

Vil avlyse valet: – Ingen av kandidatane er verdige

Mange meiner at aktørane rundt kongressen er i ferd med å lage tidenes såpeopera.

Og på sida av presidentkampen har ein gammal Besseberg-konkurrent tatt steget ut av mørket og ropt på avlysing av valet.

Aleksandr Tikhonov seier ifølgje Inside The Games at ingen av kandidatane er verdige presidentvervet.

Han har sjølv prøvd å bli skiskyttarpresident fleire gongar, men tapt mot norske Besseberg, som var president i over 20 år fram til han i vår vart anklaga for korrupsjon. Den saka er under etterforsking.

Russland er som kjent utestengt frå internasjonal skiskyting. Russiske Tikonov møter denne veka til kongress som representant for Georgia, noko som i seg sjølv har vakt oppsikt.

Der kan han igjen treffe sin gamle konkurrent Anders Besseberg, som hamna i fullt munnhoggeri med sitt eige styre då IBU sa at han var fraråda å oververe presidentvalet. Seinare avviste dei å ha fråråda Besseberg å komme.

Tikhonov

VIL AVLYSE VALET: Aleksandr Tikhonov meiner at verken kandidat Olle Dahlin eller Baiba Broka er verdige presidentvervet i IBU.

Foto: Lee Jin-man / AP

Vil stenge media ute

Styret frykta i utgangspunktet ytterlegare dårleg omdømme om den politietterforska Besseberg reiser på kongress. IBU seier at dei er opptatt av å sjå framover og starte med blanke ark.

Samtidig nektar dei media tilgang til kongressalen. Avgjerda om pressenekt blir langt på veg støtta av den latviske presidentkandidaten.

– Å vere transparent betyr ikkje alt må vere opent. Eg trur starten på denne kongressen vil bli veldig spent på grunn av det som har skjedd i år. Og der vil det vere behov for tilståingar og prat om sensitiv informasjon, seier Broka.

Verken spørsmålet om Russland skal tilbake som fullverdig medlem eller kampen om å bli Bessebergs etterfølgar toler dagens lys, ifølge IBU.

I forbundet som har lova nye tider blir dørene stengt når dei skal velja den mange håpar blir redningsmann for den kriseramma sporten.

Spørsmålet er om NRK får andre ting å opne enn anonyme brev.

Sportsnyheter

grøvdal

Grøvdal holdt graviditeten skjult: – Kan ikke sitte og lyve

Karoline Bjerkeli Grøvdal trente seg opp til å løpe maraton og sette norsk rekord i høst. Så ble hun gravid like før start.

to menn i sportsuniformer som klemmer

Norge-suksessen vekker oppsikt i utlandet: – En joker i VM

Utenlandske medier og eksperter har lagt sin elsk på Norge. Flere trekker frem Ståle Solbakkens mannskap som en utfordrer i VM.

Alexander Isak og Jon Dahl Tomassen går av banen.

Krever sjefens avgang: – Kommer ikke til å gå av

Reaksjonene hagler etter Sveriges tap mot fotballminiputt. Nå vil både supportere og eksperter kvitte seg med sjefen.

Siste nytt

  • Nora Mørk tilbake etter landslagspause og fødsel: – Har gledet meg

    Morgendagens kamp mot Romania blir Nora Mørks første landskamp på godt over ett år.

    – Det er veldig hyggelig. Det er lenge siden jeg var med sist, og jeg har gledet meg og hatt lyst til å få muligheten igjen, sier Mørk til NRK.

    Etter OL-finalen i 2024 tok Nora Mørk en pause fra landslaget - for å unngå overbelastning med spill på både klubb- og landslag.

    Noen måneder senere annonserte hun at hun var gravid og i mai fikk hun en datter.

    – Det er veldig hyggelig. Jeg har en søt og snill jente der hjemme. Det er veldig veldig bra. Jeg føler litt at man jobber døgnet rundt, men det går veldig bra, smiler Mørk.

    Mørk sier at hun setter pris på råd fra andre mødre på landslaget, og at hun merker effekten av å være borte fra barnet.

    – Det føles veldig bra og trygt at man kan sammenligne og dele erfaringer. Nå skal jeg være på samling i fire dager og det merker jeg på kroppen. Jeg blir jo ikke mindre borte hvis jeg skal fortsette på landslaget. Det lengste jeg har vært borte før er fire dager, så vi holder oss til det, smiler Mørk.

    Nora Mørk
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Ingebrigtsen og Nordås fortsetter sammen på friidrettslandslaget – her er uttaket

    Jakob Ingebrigtsen (25) og Narve Gilje Nordås (27) er begge del av friidrettslandslaget for 2026-sesongen. Det er imidlertid ikke juvelen Håkon Moe Berg.

    Satsingslagene for de kommende sesongene ble presentert av sportssjef Erlend Slokvik i Norges Friidrettsforbund på Ullevaal stadion i Oslo tirsdag.

    De uttatte utøverne er delt inn to grupper. Den første gruppen har fått navnet «VM 2027-laget», og den andre gruppen under «OL/Paralympics 2028-laget».

    VM 2027-laget:

    Jakob Asserson Ingebrigtsen (Sandnes), Narve Gilje Nordås (Sandnes), Karsten Warholm (Dimna), Sondre Mogens Guttormsen (Vidar), Eivind Prestegård Henriksen (Tjalve), Thomas Mardal (Gloppen), Markus Rooth (Tjalve), Sander Aae Skotheim (Tjalve), Marcus Thomsen (Norna-Salhus), Salum Ageze Kashafali (Norna-Salhus), Vegard Dragsund Sverd (Norna-Salhus), Henriette Jæger (Aremark), Amalie Hammild Iuel (Tjalve), Karoline Bjerkeli Grøvdal (Tjalve), Marie-Therese Obst (Tjalve), Sigrid Borge (Tjalve).

    OL/PL 2028-laget:

    Håvard Bentdal Ingvaldsen (Moelven), Magnus Tuv Myhre (Tjalve), Jacob Boutera (Ullensaker/Kisa), Henrik Flåtnes (Vidar), Tobias Grønstad (Tjalve), Simen Guttormsen (Vidar), Pål Haugen Lillefosse (Fana), Ole Jakob Høsteland Solbu (Ås), Skjalg Kongssund (Moelven), Ida-Louise Øverland (BUL), Ida Nesse (Tyrving), Lovise Skarbøvik Andresen (Dimna), Line Kloster (Vidar), Kitty Augusta Friele Faye (Fana), Andrea Rooth (Lambertseter), Beatrice Nedberge Llano (Laksevåg), Lene Onsrud Retzius (Fana), Amalie Sæten (Vidar). (NTB)

    en person med armene hevet
    Foto: JEWEL SAMAD / AFP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal