«Beklagar. Dette dreier seg om ein feil i internkommunikasjonen i Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU)».
Dagen etter at Anders Besseberg freste mot sitt eige forbund, og IBU og nordmannen hamna i open konflikt, kjem unnskyldninga frå IBU.
«Fraråda aldri Besseberg å komme»
Både styremedlem Olle Dahlin og forbundets pressesjef uttala i går til NRK at Besseberg ikkje var velkommen til IBU-kongress fordi dei frykta for ytterlegare omdømmetap så lenge Besseberg er under politietterforsking.
Sentrale personar i organisasjonen hadde i staden sagt til Besseberg at han kunne skrive eit brev til kongressen i kroatiske Porec, der den nye presidenten i forbundet skal veljast fredag.
Ein overraska Besseberg svarte at han aldri hadde blitt fraråda noko som helst, og at han hadde invitasjon til å komme på kongress.
No skriv IBU det stikk motsette av det dei sa i til NRK i går. I dagens melding seier dei at det var Besseberg sjølv om tok kontakt med IBU-styret. Ikkje at IBU-styret tok kontakt med Besseberg.
Dette blir altså den korrekte gangen i saka, ifølge IBU:
«Anders Besseberg ringde leiaren i IBUs juridiske komité og foreslo å sende ei skriftleg uttale i tillegg til å droppe å dra på IBU-congress, som han var invitert til».
Dermed tilbakeviser dei å ha fråråda Besseberg å komme.
– Dette er korrekt, seier Besseberg i ein kort kommentar til NRK.
Ingen vil svare på om Besseberg dukkar opp
På spørsmål om Besseberg likevel kjem til kongressen svarer IBU:
– Ingen kommentar.
Når NRK spør Besseberg om han vil reise for å oververe valet av ny president er svaret:
– Ingen kommentar.
Besseberg var IBU-president i 25 år inntil april i år. Då sette han vervet sitt på pause fordi politiet i Austerrike starta etterforsking. Besseberg er mistenkt for å ha tatt pengar for å skjule russiske dopingprøvar.