Hopp til innhold

Stöckl fornøgd med sluttavtalen: – Har fått fleire jobbtilbod

Alexander Stöckl fortel at han har fått fleire jobbtilbod både i og utanfor sporten. Fredag var han ferdig som landslagstrenar etter månadsvis med intern konflikt.

Hopp, take off før sesongstart

FERDIG: Landslagstrenar for hopplandslaget Alexander Stöckl og Noregs Skiforbund er einige om ei sluttavtale med den austerrikske trenaren.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Seinast i starten av mai varsla Alexander Stöckl eit søksmål mot sin arbeidsgjevar Noregs Skiforbund.

Tidlegare i vinter varsla utøvarane misnøye og at dei ville ha han fjerna som landslagstrenar.

Men no er altså konflikten løyst, slik NRK varsla i formiddag. Seinare i ettermiddag kom forbundet med ei pressemelding som stadfesta dette.

– Eg er veldig nøgd med avtalen. Det har vore krevjande, men vi har kome fram til ein avtale som vi begge er nøgde med, seier Stöckl til NRK.

Han fortel at han har fått fleire tilbod om jobb både i og utanom sporten, men vil ikkje gå i detalj på dette no.

– Eg har ikkje bestemt meg enda, legg han til.

Noregs Skiforbund skriv i ei pressemelding at dei ønsker å takke Stöckl for hans formidable innsats og for dei mange stolte stundene han har skapt saman med utøvarane og støtteapparatet i desse åra.

Arne Baumann

AVSLUTTA: Generalsekretær Arne Baumann i NSF takkar Stöckl for den innsatsen han har lagt ned for norsk hoppsport.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Alexander vil bli ståande som ein av dei store i norsk hoppsport, og vi er djupt takknemlege for jobben han har gjort, seier generalsekretær Arne Baumann i NSF.

Stöckl har vore landslagstrenar for hopplandslaget i 13 år, sidan mai 2011.

I pressemeldinga frå forbundet fortel han at han skulle ønske at misnøya som kom til uttrykk frå hopparane hadde blitt handsama annleis.

Det har vore viktig for meg å bidra til utvikling av både utøvarane, trenarar og støttespelarar. Vi har saman klart å lage mange fantastiske augneblikk i og utanom hoppbakken.

Forbundet vil ta lærdom

Han fortel vidare at han ser tilbake på tida som landslagstrenar som lærerik og at han er takknemleg for alle dei gode minna dei har skapt saman.

Hoppuka 2022 / 2023

KREVJANDE: Alexander Stöckl meiner det har vore ein krevjande prosess.

Foto: Geir Olsen / NTB

All suksess er eit resultat av eit utmerka samspel i trenarteamet og støtteapparatet, som til einkvar tid har vore oppteken av å stille utøvarane i sentrum.

Generalsekretæren vedgår at prosessen kunne vore betre og at forbundet skal ta lærdom av dette.

– Det synst eg er bra. Men det har vore ein god dialog mellom meg og Baumann heile vegen i prosessen, og eg har stolt på han, fortel han til NRK.

Partane er einige om at dei ikkje vil kommentere innhaldet i avtalen ytterlegare eller prosessen som har ført fram til avtalen.

Er det riktig å avslutte samarbeidet med Stöckl?

Ja 17%

Nei 65%

Veit ikkje/usikker 17%

Avstemningen er lukket. 9295 stemmer totalt

– På tide

NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen er glad for at partane no har kome til einigheit. Han meiner det var på tide med tanke på at VM i Trondheim ligg rett rundt hjørnet.

– Jo før jo betre, i mine auge. No handlar det om å få dei norske hopparane best mogleg før VM på heimebane, og der har dei dårleg tid. Så da er eg letta over at dei no kan kome seg vidare og sjå framover og ikkje krangle meir, seier Evensen.

– Kor mykje skade har denne konflikten gjort?

– Det har nok definitivt vore for mykje bråk rundt hopp og Skiforbundet den siste tida, som heilt sikkert gjer at dei ikkje er det mest attraktive sponsorobjektet akkurat no. Det tek tid å bygge opp att, og så spørst det om det faktisk let seg byggje opp att da. Det vil tida vise.

NRKs ekspert Johan Remen Evensen er hyller veteranen Noriaki Kasai.

PÅ TIDE: NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen er heilt klar på at det var på tide å få løyst konflikten mellom Stöckl og Skiforbundet.

Foto: NTB

Remen Evensen er tydeleg på at det no bør leitast innanfor Noregs grenser i jakta på ein ny landslagstrenar for hopplandslaget.

– Eg trur det er mange gode kandidatar i Noreg som kan ta dette vidare. Tidlegare så var ein heilt avhengig av å hente inn kompetanse frå utlandet, både når det kom til utstyr, det tekniske og tankane rundt kva eit godt teknisk skihopp skal vere. Men no tykkjer eg at vi har kome ein lang veg når det gjeld dei tinga her i Noreg.

Les også Prata ut med Stöckl på fest – avslørar nye detaljar om hoppbråket

VM på ski 20223: Hopp, pressetreff

Konflikt sidan januar

Det var etter VM i skiflyging i Kulm i slutten av januar, at dei mannlege hopparane sende eit brev til Hoppkomiteen i Noregs Skiforbund der dei fortalde om si misnøye og kravde endringar i støtteapparatet med umiddelbar verknad.

Utøvarrepresentant Johann André Forfang skreiv i ein utsegn til NRK at det ikkje handla om resultat, men at dei ynskte å sette saman eit nytt team inn i VM-sesongen som ligg framfor dei.

Alexander Stöckl vart difor bedt om å slutte som landslagstrenar, men takka nei til forhandlingar om ei sluttavtale.

Alexander Stöckl

FERDIG: Alexander Stöckl her i Dagsnytt 18-studio der han prata om at han var sett på sidelinja.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Etter dette var ikkje Alexander Stöckl å sjå på eit einaste hopprenn med det norske landslaget, som trenar.

Stöckl har sagt at han i praksis har oppfatta seg som oppsagt av Skiforbundet – sjølv om han har teke imot løn.

Utover våren kom fleire detaljar om bråket fram, og utøvarrepresentant Forfang sa mellom anna at hopparane har kjend på at støtteapparatet ikkje lenger drog lasset saman.

Det var ikkje Stöckl einig i, da NRK prata med han om det i slutten av mars.

I starten av mai viste det seg at Stöckl hadde varsla eit søksmål mot sin arbeidsgjevar Noregs Skiforbund. Båe partar hadde skaffa seg advokatar for å jobbe med problemstillinga.

Men no skal konflikten altså ha løyst seg, og Alexander Stöckl er ferdig som landslagstrenar for dei norske hopparane. Austerrikaren hadde kontrakt til etter OL i Milano og Cortina i 2026.

Les også Monsterhoppet skaper full splid: – Er ikke i henhold til reglene

Ryoyo Kobayashi setter ny verdensrekord på Island

13 år

Austerrikaren kom inn som landslagssjef for dei norske hopparane tilbake i mai 2011. Da tok han over for finske Mika Kojonkoski.

NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen meiner at Stöckl også har gjort veldig mykje bra for norsk hoppsport.

– Han kom inn som eit friskt pust etter Mika Kojonkoski. Ut ifrå det eg veit, så er han den lengstsittande landslagstrenaren i hopphistoria. Eg har ikkje funne nokon i nyare tid som har vore landslagstrenar lenger enn det han har vore.

JWrRIQ6C15Y

HOPPVEKEVINNAR: Halvor Egner Granerud vann hoppveka sesongen 2022/23 med Stöckl som trenar.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Han har gjort mykje bra, og hatt mykje gode resultat. Vi har i fleire år sakna einaren, men etter kvart fekk vi Halvor Egner Granerud, så det klarte han. Han klarte å vinne hoppveka. Han klarte å «checke» av fleire av dei boksane som vi har sakna i norsk hoppsport. Så det fortener han all ære for.

null
Spiller nå
Stjernen forklarer den mystiske målfeiringen 00:36
Neste

Siste nytt

  • Slik starter England

    Det var knyttet stor forventning til hvilke elleve utvalgte Gareth Southgate ville stille til EM-åpningen mot Serbia søndag kveld.

    Nå har England-sjefen landet på følgende lag:
    Jordan Pickford – Kyle Walker, Marc Guehi, John Stones, Kieran Trippier – Declan Rice, Trent Alexander-Arnold, Jude Bellingham – Bukayo Saka, Harry Kane, Phil Foden.

    Mest oppsiktsvekkende er det at Alexander-Arnold, som spiller høyreback på klubbnivå for Liverpool, er midtbanespiller for landslaget.

    Kampstart mellom England og Serbia er klokken 21:00, og den følger du direkte på NRK Sport radio,

  • TV 2 gikk i svart: – Trolig forårsaket av et lynnedslag

    Midt i 1. omgang mellom Danmark og Slovenia gikk TV 2 i svart.

    Nesten 25 minutter var spilt da bildene ble borte. Etter 50 sekunder ble det sorte bildet erstattet med en plakat med påskriften «straks tilbake».

    – Vi har hatt et strømbrudd i Bergen. Trolig forårsaket av et lynnedslag. Det gjorde at strømmen gikk på Media City som gjorde at vi var nede. I øyeblikket vi fikk tilbake strømmen fikk vi kampen opp, og nå skal visst alt være i orden igjen. Det skal ha vært et lynnedslag som forårsaket det, sier TV 2s kommunikasjonssjef Jan Petter Dahl til NRK.

    Etter drøyt to minutter uten TV-bilder kom kampbildene opp igjen. Danmark ledet 1-0 både før og etter at kanalen gikk i svart, og TV-seerne ble ikke snytt for noen høydepunkter.

    Slik så kampen ut for TV-seeren etter 25 minutter.
    Foto: SKJERMDUMP TV 2
  • Wærenskjold vant Belgia rundt

    Uno X-rytter Søren Wærenskjold hang med helt inn på søndagens siste etappe og tok sammenlagtseieren i Belgia rundt.

    Han endte fire sekunder foran Mathias Vacek i sammendraget.

    – Det har ikke vært lett, hverken i går eller i dag. Dette gir selvtillit, men jeg har gitt alt og kjempet for hvert sekund, sier Wærenskjold i et intervju med arrangøren.

    Nordmannen takket også laget, og sa dette ikke hadde gått uten dem.

    – Det er Uno X' største sammenlagtseier. En perfekt løst sisteetappe, meldte Eurosports kommentator Theis Magelssen da sammenlagtseieren var sikret.

    Nordmannen åpnet rittet med seier på onsdagens tempoetappe. Siden har han beholdt ledertrøya, og han viser form to og en halv uke før Tour de France.

    Tim Merlier vant etappen som hadde både start og mål i Brussel.

    Tour de France 2023
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal