kristoff

Sykling

Oppsummert

10.00: VM sykling landevei i Harrogate, Storbritannia, fellesstart for menn. NRK Sport følger rittet på radio fra kl 14.00.

  • Kristoff best på tung norsk dag

    Det vart ein tung dag for dei norske under VM på sykkel i uværet i Harrogate i Storbritannia. Alexander Kristoff var beste norske på ein 7.-plass. Danske Mads Pedersen overraska alle dåg han spurta inn til VM-gull føre Matteo Trentin frå Italia.

    Grøndahl Jansen og Alexander Kristoff
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
  • Kristoff beste norske på tung dag

    Det vart ein tung dag for dei norske under VM på sykkel i uværet i Harrogate i Storbritannia. Alexander Kristoff var beste norske på ein 7.-plass.

    – Eg er nøgd med å vere ferdig med sesongen, men håpa sjølvsagt å vinne. Tok ut alt eg hadde og kunne ikkje gjort så mykje meir i dag, sa Kristoff til NRK etter målgang.

    Han lét seg derimot imponere over dansken Mads Pedersen som overraska alle, då han spurta inn til VM-gull.

    – Han slår (Matteo) Trentin i spurten. Kult for han. Kom liksom litt frå ingenting. Det var ingen som hadde nemnd han i forkant, så at han tar dette er utruleg kult for Danmark.

    Grøndahl Jansen og Alexander Kristoff
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
  • Dansk VM-gull i regnet: – Uverkeleg

    Dansken Mads Pedersen overraska alle og sykla inn til VM-gull i eit regnfullt Harrogate i Storbritannia. Han såg ut til å slite få kilometer før mål, men i spurten slo han italienske Matteo Trentin og Stefan Küng som tok bronse.

    – Det er uverkeleg. Eg trudde ikkje dette då vi starta i dag. Eg skulle gå tidleg i finalen og la Valgren og Fuglsang kome bakfrå. Men dei kom ikkje opp med van der Poel. Då handla det berre om å overleve. Overleve til spurten, sa dansken til TV 2 etter målgang.

    Alexander Kristoff vart beste norske på ein 7.-plass. Amund Grøndahl Jansen tok 17-plassen.

    – Det er imponerande. Han var vel ikkje nemnd av nokon, så at han tar Trentin på slutten, det er klasse, sa Alexander Kristoff til TV2 om dansken sitt VM-gull.

    Edvald Boasson Hagen, Sven Erik Bystrøm, Vegar Stake Leangen og Carl Fredrik Hagen braut.

    Britain Road Cycling Worlds
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Dansk VM-gull

    Mads Pedersen tek VM-gull i sykling etter å ha slått italienske Trentin og Stefan Kung i spurten. Få kilometer før mål var han i ferd med å sleppe, men det heldt til gull for dansken.

  • Mot dansk VM-medalje

    Ein kilometer igjen. Danske Mads Pedersen kjem til å sikre seg medalje, men kan det halde til gull? Eller blir Matteo Trentin for tøff i spurten?

Siste nytt

  • Sarpsborg reddet poeng mot Brann

    Sarpsborg 08 lå under nesten hele kampen, men skåret minuttet før full tid og sikret 1-1 hjemme mot Brann i eliteserien søndag kveld.

    Dermed ligger laget på kvalikplass med 24 poeng. Både laget under (Strømsgodset) og over (Ranheim) Sarpsborg har like mange poeng.

    Det skiller kun syv poeng fra niendeplassen til sisteplass på tabellen i det det gjenstår fem kamper av sesongen.

    Elitserien i fotball 2019 Sarpsborg 08 og Stabæk
    Foto: Christoffer Andersen / NTB scanpix
  • Strømsgodset ned på nedrykksplass

    Strømsgodset ledet mot Lillestrøm, men slapp inn mål med 20 minutter igjen å spille i eliteserien søndag kveld.

    Dermed ligger de under nedrykksstreken. De har like mange poeng som Ranheim på kvalifiseringsplassen, og kun fem poeng opp til niendeplass.

    Eliteserien fotball: Strømsgodset-LSK
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
  • Gulljagende Odd tapte mot Ranheim

    Ranheim knuste Odd i eliteserien søndag. Bortelaget måtte i praksis vinne for å henge med i kampen om seriegullet, men med tap er de nå ni poeng bak Molde med fem kamper igjen å spille. Ranheim klatret med seieren opp på kvalifiseringsplass.

    Eliteserien i fotball 2019. Ranheim møter Odd.
    Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal