Hopp til innhold

Prata ut med Stöckl på fest – avslørar nye detaljar om hoppbråket

Johann André Forfang hevdar at hopparane har prøvd å ta opp misnøya med landslagsleiinga i fleire år utan hell. I helga prata han ut med landslagstrenar Alexander Stöckl på fest i Planica.

VM på ski 20223: Hopp, pressetreff

PRATA UT: Johann André Forfang og Alexander Stöckl fortel at dei prata saman i ein time på fest i Planica. Her er dei avbilda ved eit tidlegare høve.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Det blir litt som å møte eksen.

Slik beskriv landslagshoppar Johann André Forfang samtalen med landslagstrenaren denne helga.

Dei to møttest nemleg på ein utøvarfest i Planica laurdag, etter bråket som har prega landslaget og media denne vinteren.

Alexander Stöckl

PÅ FEST: NRK fekk løyve til å filme på utøvarfesten i Planica. Her er Stöckl avbilda.

Foto: Brede Bleikelie Thomassen / NRK

Alexander Stöckl er uønskt som landslagstrenar av hopparane. Store delar av vinteren har landslagstrenaren vore heime, mens hopparane har konkurrert rundt i verda. Det blei òg ein skarp tone gjennom media denne vinteren.

Forfang meiner den lange praten laurdag var god og viktig for både han sjølv og Stöckl.

Det er jo eit kjærleiksforhold som har tatt slutt på mange måtar. Så har det blitt litt stygt undervegs utan at det har vore intensjonen frå nokons side, seier Forfang.

I Planica var Stöckl på plass på tribunen i Slovenia:

Nye detaljar

Forfang, som har fronta konflikten med landslagstrenaren frå hopparanes side, avslutta den turbulente sesongen med 8. plass i skiflygingsbakken i Planica søndag.

Etter rennet kom han med nye detaljar om hoppkonflikten.

Det kom etter spørsmål om korleis det var å treffe landslagstrenaren, som Forfang har fronta ei kollektiv misnøye mot.

Forfang 3

FERDIG MED SESONGEN: Johan André Forfang avslutta sesongen med 8. plass i Planica.

Foto: Geir Olsen / NTB

Eg trur og håpar at Alex forstår at det ikkje er meg mot han. Det er klart eg er blant utøvarane og alle utøvarane har vore misfornøgde med ein eller fleire ting slik støtteapparatet har fungert dei siste åra, seier Forfang og fortset:

Så var ikkje dette noko som oppstod plutseleg. Det er noko som har gått føre seg over lengre tid. Over fleire år faktisk.

Kvifor sa de frå først nå?

Vi begynte å føle at vi har litt dårleg tid. Det kjem ein veldig viktig sesong med VM på heimebane. Så blei situasjonen slik han var tidleg på vinterenog spesielt etter hoppveka. Vi kjente at det er veldig mange ting som kunne bli betre på kort sikt, dersom ein berre får røska opp i ting, seier Forfang.

Han fortel at hopparane opplevde eit støtteapparat «som ikkje drog lasset saman lenger».

Det var fleire av utøvarane og i støtteapparatet som kjente at det lugga litt. Så da blei løysinga på kort sikt slik ho blei. Det kan ein seie mykje om. Men det har til sjuande og sist gjort at vi har prestert betre i hoppbakken.

Les også Landslagshopperne ønsker forandring: – Vi mener dette ikke kan vente

8Qqjlc-clp4

Når det har vore misnøye i fleire år, kvifor har de ikkje sagt frå før?

Å jo, da, vi har sagt frå før, seier Forfang

Kva har skjedd da?

Det får du spørje andre om tenkar eg.

De kjenner ikkje at de har blitt høyrde før?

Det er absolutt der skoen har trykt i mange årat vi har prøvd og ikkje nådd heilt fram av ulike grunnar, seier Forfang.

28-åringen fortel at hopparane ennå ikkje ønsker å fortelje heilt konkret kva misnøya med Stöckl har gått ut på.

Les også Hoppbråket: Skiforbundet og hoppkomiteen ber om ro rundt Forfang og utøverne

Johann Andre Forfang

– Set pris på at Johann kom bort til meg

Etter rennet i Planica stilte Alexander Stöckl til intervju med NRK. Trenaren reknar med at han og Forfang snakka saman i ein time på festen og fortel at forholdet deira nå er mykje betre.

– Det var litt meir gjensidig forståing for situasjonen. Sånn sett kjenner eg det var viktig å ha den samtalen. Og det var han som kom bort til meg, og det set eg veldig pris på, seier Stöckl.

Konfrontert med Forfangs utsegner om at støtteapparatet ikkje lenger drog lasset saman lenger, svarar Stöckl:

– Nei, det kan eg ikkje seie at eg har opplevd. Eg følte at vi eigentleg hadde eit ganske bra samarbeid. Ting fungerte som det skulle.

Han legg til at trøbbel med resultata i bakken og økonomien gjorde at fleire blei nervøse for jobbane sine.

– Eg trur det førte til at stressnivået blei høgare, som igjen førte til nokre gnissingar, dessverre, seier Stöckl til NRK.

Hopp, take off før sesongstart

TRENAR: Alexander Stöckl.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Han sa at dei har prøvd å uttrykke misnøye eller få fram ting dei ikkje har vore fornøgd med i fleire år, men ikkje har lykkast. Kva tenker du om det?

– Det synest eg er litt rart fordi eg har eigentleg ikkje opplevd det eller ikkje fått den informasjonen. Vi har hatt evalueringar og det har komme nokre små ting vi har prøvd å ta tak i, men det har alltid vore ei utfordring spesielt dei siste åra med tanke på at vi har veldig avgrensa ressursar og avgrensa med folk. Men sånn elles har eg ikkje fått nokon store ting på bordet.

Bråthen svarar på kritikken

Clas Brede Bråthen trekte seg som sportssjef på dagen tidlegare i vinter. Da reagerte han på behandlinga av Stöckl. Denne helga var Bråthen på tribunen i Planica saman med Stöckl.

I eit skriftleg svar til NRK skriv Bråthen:

«Eg har alltid vore opptatt av våre utøvarars ve og vel – og er vel kjent for å ikkje vere redd for å ta tak i vanskelege situasjonar. Eg opplever ikkje at dette har vore eit tema i verken skriftlege eller munnlege tilbakemeldingar. Eg hadde sett pris på at Johan hadde tatt opp telefonen eller komme bort til meg – og fortalt meg kva han refererer til, utover det ønsker eg å vere lojal til ønsket til utøvarane om å ta dette internt».

Pressekonferanse med sportssjef for hopplandslaget, Clas Brede Bråthen

GJEKK AV: Clas Brede Bråthen gjekk av omgåande tidlegare i vinter. Nå svarar han på kritikken frå Johann André Forfang.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ståle Villumstad, den nye sportssjefen i hopp, fortel til NRK at dei skal sette seg ned etter sesongen og evaluere korleis dei skal organisere seg framover.

– Har utøvarane snakka med deg om at dei har prøvd å seie frå tidlegare, men ikkje blitt høyrt?

– Nå har ikkje eg vore fullt inni den problemstillinga ennå fordi vi har køyrt renn her. Men vi kjem til å adressere det når vi er ferdige med sesongen. Neste sesong startar allereie i morgon. Det å få alt på bordet kjem til å vere høgt på dagsordenen.

– Kva tenker du om at utøvarane seier dei har hatt det sånn i fleire år?

– Viss dei har hatt ei utfordring, er det vanskeleg. Det er det vi må finne ut av framover, seier Villumstad.

null
Spiller nå
Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28
Neste

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal