Hopp til innhold

Norsk smørjesjef har snudd om omstridd forbod – Lægreid meiner det blir rart

Testapparatet fungerer ikkje og Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) utsette fluorforbodet for å verne utøvarane. Likevel foreslo Noregs smørjesjef å innføre forbodet allereie denne sesongen.

Fluorsmøring til skiskyttarlandslaget

STORE PROBLEM: Smørjesjefen for skiskyttarane, Tobias Dahl Fenre, meiner ein vil få store problem same når ein innfører forbodet.

Foto: Vidar Ruud / NTB

– Eg var ein av dei som nemnde at det kunne vere smart å setje i gang sjølv om vi ville fått store problem, fortel smørjesjefen for skiskyttarane, Tobias Dahl Fenre.

Smørjesjefen har dermed endra standpunkt sidan i sommar. Då gjekk han ut i NRK og meinte det vil vere for tidleg med eit totalforbod allereie denne sesongen.

Men sidan det har smørjesjefen endra meining, og ville helst sett at fluorforbodet var innført allereie denne sesongen. Det gav han beskjed om til IBU før årets sesong.

Men IBU valte å utsetje forbodet med eitt år for å verne utøvarane frå å oppleve falske positive og falske negative testar.

Det meiner Dahl Fenre er å gjere seg sjølv ein bjørneteneste.

– Omsynet til tryggleiken til løparane var det viktigaste, men eg trur framleis vi kjem til å få så store problem at det kan gå utover tryggleiken. Det er noko vi rett og slett må vere førebudde på, og vi må akseptere den risikoen til fordel for miljø og helse, og dei regelverka som finst frå EUs side, meiner smørjesjefen.

– Dei orda veg ikkje så tungt

Til verdscuprenna denne sesongen har han med seg testapparatet som IBU og Det internasjonale Skiforbundet (FIS) har valt for å avdekkje ski med fluorsmurning.

Men for tredje sesongen på rad er ikkje fluorforbodet innført.

Apparatet er ikkje godt nok, og har vore med som rein førebuing til neste sesong. Då seier nemleg IBU at forbodet vil bli sett til livs.

Tobias Dahl Fenre med fluorapparatet

TESTAPPARAT: Det er denne maskina som skal avdekkje ski med fluorsmurning.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

– Det er ingen annan utveg. Vi veit at neste år kan vi ikkje ha fluor meir, forsikrar renndirektør i IBU, Borut Nunar, til NRK.

– Akkurat det har dei sagt i ganske mange år no, så dei orda veg ikkje så tungt for meg, kontrar Dahl Fenre.

Les også Fullt fluorkaos – frykter utøvere vil jukse

Skiskyting: 10 km sprint for menn

– Litt rart

Utøvarane derimot ønsker ikkje å bli brukt som forsøkskaninar og at moglegheita for å jukse med ski er minimal. Dei meiner derfor at det er bra at IBU utsette fluorforbudet til neste sesong

– Eg håper at testmetodane skal vere klare. Det er visst vanskeleg å påvise fluor i skiene og gjere det med god nok nøyaktigheit til å innføre et forbod. Sånn sett blir det litt rart å gjennomføre et forbod viss man ikkje kan slå ned på det, seier Sturla Holm Lægreid til NRK.

Han fryktar at innføringa av et fluorforbod utan ein fullgod testmetode vil føre til ein svekte tillit mellom utøvarane.

– Viss man ser nokon utøvarar gli helt sykt ifrå, så vil man sikkert tenke at den personen har fluor under skiene. Det vil bidra til dårlegare stemning i leiren viss man skuldar andre for juks, utan bevis. Det er ikkje helt riktig veg å gå med tanke på sportsånd og fair play, meiner Lægreid.

Lægreid

HÅP: Lægreid ønsker at testmetodane skal vere klare når fluorforbudet innførast.

Foto: Anders Wiklund/TT / NTB

Han legger til at det er Dahl Fenre som er eksperten, og at de som utøvarar stoler på det smørjesjefen veljar å gjere.

– Hadde eg vore smørjesjef hadde eg sagt det same. Viss den testmaskinen aldri fungerer, kva skjer eigentleg da? Kanskje det berre må bli ein endring, seier Johannes Thingnes Bø og får støtte frå Vetle Sjåstad Christiansen.

– Ein må kanskje akseptere at det ikkje går an å ta alt i starten, men at nokon uskyldige kvart fall ikkje skal bli diskvalifisert er viktig. Ein må ikkje gjere noko gale viss nokon for eksempel har restar av gammal flour på skiene som slår ut positivt – da blir det for dumt viss man har gjort alt riktig og framleis testar positivt, seier Christiansen og poengterer at han støtter smørjesjefen.

Les også Meiner dette våpenet kan redde skiskyting – stjernene er skeptiske

Vetle Sjåstad Christiansen

– Vi må stole på systemet

Apparatet Fenre pakka ut då NRK kom innom den norske smørjetraileren i Kontiolahti, er eit anerkjent analyseapparat som blir brukt i mange samanhengar for å avdekkje ulike typar stoff. Ifølgje smørjesjefen var prislappen rundt den same som «ein billig bil».

Utfordringa er at apparatet aldri tidlegare har vorte brukt til å avdekkje fluor, og kvar gang det kjem eit nytt stoff må ein lære maskina å avdekkje stoffet.

– Det er ei utfordring kvar gang det kjem nye produkt inn, noko det vil gjere i veldig stor grad når vi blir tvinga til å bruke berre fluorfritt. Då vil det komme veldig mange nye stoff inn i biletet. Ein har mange moglegheiter for å løyse det, men utfordringa akkurat no er at ein ikkje har bestemt seg for korleis ein skal gjere det, fortel Dahl Fenre.

Borut Nunar

STOR OPPGÅVE: Renndirektør i IBU, Borut Nunar, må stole på systemet før forbodet blir innført.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Renndirektøren i IBU forklarer at apparatet var 90 prosent klart før sesongen i år, men at ein ikkje ville innføre forbodet før testinga er 100 prosent sikker.

– Systemet var ikkje 100 prosent sikkert, så no blir oppgåva vår å få den heilt ferdig i løpet av vinteren og sommaren, forklarer Nunar.

Derfor vil IBU halde fram med tilfeldige kontrollar av smørjebussane for å oppdage den ulovlege C8-smurningen, samtidig som ein utviklar testapparatet.

– Eg må bli overtydd om at apparatet er klart, for det finst ingen annan utveg. Vi veit kvar i systemet dei svake punkta er, korleis vi testar, og korleis ein kan jukse. Vi må kunne stole på systemet, seier renndirektøren.

Tobias Dahl Fenre og smørerne

TESTAR: Denne vinteren skal dei norske smørjarane bruke på å bli kjende med testapparatet.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Og det er årsaka til at Noregs Skiskytterforbund har skaffa seg apparatet allereie no. Målet er at ein har vorte god venn med det dyre apparatet til neste sesong startar.

– For oss er det verd prisen å betale for å sørgje for at vi er best mogleg førebudd, og at vi ikkje kjem i ein situasjon der vi blir nekta start fordi det er for mykje fluor under skia. For vår del er det ekstremt dyrt å hamne i sånne situasjonar, og då blir den prisen grei å forsvare, avsluttar smørjesjefen.

Les også Frykter våpenglade amerikanere tar livet av norsk skiskyting

Våpenglade amerikanere truer norsk skiskyting

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal