Men det er altså eit seriøst alternative skiskyttarverda har byrja å sjå på.
For EU-direktivet om blyforbod på grunn av forureining og forgifting, og ein pågåande Ukraina-krig, har ført til ammunisjonsmangel og uvisse for skiskyting slik vi kjenner han i dag. Dermed har altså laservåpen segla opp som eit reelt alternativ.
– For min del kan dei vente til eg legg opp, seier Sturla Holm Lægreid til NRK.
KRITISK: Sturla Holm Lægreid meiner laservåpen har ein lang veg å gå.
Foto: Vesa Moilanen / NTBHan er blant utøvarane som stiller seg negative til forslaget som har vorte meir og meir aktuelt.
I dag blir det skote med finkaliber, nærare bestemt kaliber 0.22. Ved innføring av eit eventuelt EU-direktiv, vil sporten slik vi kjenner han i dag endre seg drastisk.
Når ein skyt med laser, mistar ein rekylen (rørsla) bakover som eit vanleg skiskyttargevær får. Utøvarane påpeikar også at vindforholda kjem til å ha mindre innverknad viss ein innfører laservåpen.
– Eg har prøvd laserskyting litt, men faren er at sisteskotet plutseleg er 10 centimeter bortanfor. Eg trur ikkje ein kan stole hundre prosent på det kvar gong, seier Johannes Thingnes Bø, som samtidig er tydeleg på at dette er framtida.
VÅPEN: Slik kan eit laservåpen sjå ut. Her er laservåpenet plassert på ein vanleg våpenstokk.
Foto: Privat– Kjempeproblem med rekruttering
Björn Ferry, den olympiske meisteren på jaktstart i 2010, er derimot positiv til forslaget.
– Tidlegare skaut ein levande duer, det gjer ein ikkje lengre. Alt som lever blir forandra, det må også idretten gjere, seier Ferry, som også viser til at dei fleste var negative til innføringa av V-stil i hoppsporten.
Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) stadfestar at dei har byrja å sjå på alternativet, men seier laser neppe er løysinga for skiskyting på kort sikt.
– Vi ønskjer å tilgjengeleggjere sporten vår og at unge skal ha eit fint og trygt alternativ i laservåpen, men for eliten så ser eg dagens våpen som det beste alternativet, seier Daniel Böhm til NRK.
FRAMTIDA: NRKs skiskyttarekspert Harri Luchsinger meiner laservåpen er framtida til skiskyting.
Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRKNRKs skiskyttarekspert, Harri Luchsinger, meiner det kan bidra til å løyse eit stort problem for norsk skiskyting.
Som NRK skreiv om 1. nyttårsdag har nemleg talet på aktive skiskyttarar i Noreg sokke med heile 30 prosent dei siste åtte åra.
– Vi har eit kjempeproblem med rekruttering til sporten. Eg trur det har vorte for komplisert å dra på skiskyttartrening. Det er så mykje logistikk og å kjøpe skot har etter kvart vorte veldig dyrt. Det slepper ein med laser, ein kan byggje ein laserarena kvar som helst og pakke ned dagen etter, meiner den tidlegare utviklingssjefen i Noregs Skiskytterforbund (NSSF).
Stor utfordring
For ein kan korte ned dei gigantiske standplassane med laservåpen og ein treng heller ikkje ta forholdsreglar med å sikre standplassane på sidene og over blinkane. I prinsippet kan ein då arrangere konkurransar midt på Karl Johan.
Ei anna positiv side ved overgang til laser er innsikta i sporten, og spesielt skytinga.
– No ser det ut som at dei står og skyt og bommar. Viss du ser korleis ein opplever skytinga så blir ein overraska over at dei i det heile tatt treffer, seier Ferry som no er ekspert for SVT.
FORANDRING: Tidlegare OL-meister og noverande ekspert i SVT, Björn Ferry meiner skiskyting må endrast.
Foto: STEFAN WERMUTH / ReutersMed lasersikte har ein betre høve til å sjå korleis skiskyttarane faktisk siktar, og korleis dei bevegar seg frå blink til blink.
Men ei stor utfordring for laservåpen er rekylen frå våpenet.
– Ein må nesten forfalske rekylen, for han har såpass stor innverknad på kor god ein er til å skyte. Det handlar om kor flink ein er til å finne blinken igjen etter rekylen, for han er ganske kraftig på eit kaliber 0.22 våpen som vi skyt med no, fortel Sjåstad Christiansen.
Same argument som på 70-talet
Og det er på dette feltet Luchsinger meiner det må meir utviklingsarbeid til.
– Det er ein lang veg å gå før laservåpena som er i dag kan brukast i verdscupen. Eg meiner IBU må ta veldig mykje meir eigarskap til utviklinga av desse laserbørsane til dømes sånn at dei får ein motorisert rekyl når du trekkjer av. Viss ikkje blir det veldig enkelt å skyte, for det er rekylen som får deg ut av siktebilete, forklarer NRK-eksperten.
Derfor etterlyser han at IBU set i gang med eit større utviklingsarbeid.
ENKELT: Dette er kva ein treng for å skyte med laser.
Foto: Privat– Eg meiner vi står der vi gjorde på 70-talet der det var nokon som sa at grovkaliber var «ekte skyting» og at finkaliber som dei gjekk over til i 1978 vart karakteriserte som leiketøy. Det er akkurat same argument dei bruker i dag, laser er berre eit leiketøy, det er ikkje ordentleg skyting. Men ein må tenkje nytt, meiner Luchsinger.
– Kva meiner du om at dei ikkje gjer meir?
– Det tenkjer eg er passivt. Det er litt svakt med tanke på så mykje ressursar dei har. La oss seie at om fem år så finn ein ut at laser ikkje fungerte heilt optimalt likevel. Det er null risiko, det kostar ikkje så mange millionar å prøve, følgjer eksperten opp.
Allereie i 2007 foreslo dåverande generalsekretær i Noregs Skiskytterforbund, Alf Koksvik, laservåpen som framtida, men over 15 år seinare er det framleis eit stykke unna.
– I kombinasjon med større miljøutfordringar og diskusjonar knytt til bly og reiserestriksjonar, så er vi tvinga som eit internasjonalt forbund å sjå på moglegheitene våre, men på toppnivået ser vi kaliber 0.22 som det vi ønskjer å bruke, fortel Böhm, sportsdirektøren i IBU.