Hopp til innhold

Noreg-komet imponerer: – Ei gudegåve

RIGA/OSLO (NRK): Det er berre éin landslagsspelar som kan utfordre stjerneskotet Marcus Holmgren Pedersen (21) på fart, ifølgje Ståle Solbakken.

Holmgren Pedersen

FOR KJAPP: Latvias Raivis Jurovskis kastar seg forgjeves ned for å blokkere innlegget frå Marcus Holmgren Pedersen.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Høgrebacken har vorte endå eit bevis på at det kan gå usedvanleg raskt i fotball, både på og utanfor bana.

Der Pedersen sat på benken i Molde for tre månadar sidan, har han festa grepet om plassen i Feyenoord.

«Berre» åtte teljande kampar til trass: Ståle Solbakken hadde sett nok til å gi han landslagsdebuten mot Nederland på Ullevaal.

Og det er særleg éin eigenskap som har bana veg for 21-åringen.

– Guds gåve

Solbakken påpeikar at 21-åringen framleis har ein del å gå på når det gjeld posisjonsspel og val med ball.

Men med farten som ein «kraftig spisskompetanse», har han alle føresetnader for å bli ein god, internasjonal back, vurderer landslagssjefen.

Ikkje minst har Pedersen kapasiteten til å springe raskt ofte i løpet av ein kamp.

– Det er gåva til gud det han har der. Det er ein enorm «speed», seier Solbakken til NRK.

– Kor raskt snakkar vi?

– Eg snakkar at han er topp tre her.

– Berre slått av?

– Eg trur vel han blir slått ut av heatet mot Erling (Braut Haaland), men eg trur ikkje det er så mange andre. Så rask er han, seier Solbakken.

Råsterk måling

Det går mildt sagt unna når Haaland krummar nakken. Førre sesong vart Haalands toppfart målt til 36,04 kilometer i timen i Bundesliga.

Ingen andre var raskare.

Holmgren Pedersen

MARKERT SEG: Her er Marcus Holmgren Pedersen i aksjon mot Luzern i serieligaen i august.

Foto: PIETER STAM DE JONGE / AFP

Men Pedersen er ikkje nødvendigvis så langt bak. Når NRK vidareformidlar at Solbakken kallar farten hans ei gudegåve, svarer Pedersen smilande at han rett nok «kjenner seg ganske rask».

Så delar han tal frå eigne målingar.

– Det raskaste eg er målt på i Nederland er litt over 35 kilometer i timen. Men det høgaste eg er målt på nokon gong, er 36 kilometer i timen, seier Pedersen.

– Solbakken nemner at berre Erling kan ta deg i ein spurt her. Kva tenkjer du om den vurderinga?

– Vi har enno ikkje prøvd ein spurtduell mellom meg og Haaland. Så det er vanskeleg å svare på, seier backen og smiler.

Til liks med Haaland trur Pedersen at mykje av eksplosiviteten har komme frå naturens side.

Samtidig har begge drive med friidrett i ung alder.

Stadig viktigare

Solbakken er ikkje berre oppteken av toppfart i seg sjølv, men kor ofte spelarane når han i løpet av ein kamp.

Han har fleire gonger trekt fram talet på høgintensitetsløp, eller enklare sagt spurtar, som den viktigaste målestokken.

Og det er det gode grunnar til. Ulrik Wisløff er professor i fysiologi ved Institutt for sirkulasjon og biletdiagnostikk ved NTNU.

Frå 2005 til i dag har talet på sprintmeter i løpet av ein kamp auka med 40 prosent, ifølgje Wisløff. Talet på sprintar har auka med 70–90 prosent, medan talet på meter generelt ikkje har forandra seg.

– Her har det skjedd noko, og det som har skjedd, handlar om fart, seier Wisløff til NRK.

Xx-KFGNtQ4k

PROFESSOR: Ulrik Wisløff.

Foto: Leikny Havik Skjærseth/ Nasjonalforeningen for folkehelsen / NTB

Wisløff er òg tilknytt Rosenborg som fysiolog, og han har derfor eit godt innblikk i målingar og statistikk.

– I norsk fotball ligg spelarane på 31–34 kilometer i timen, og så er det nokre unntak. Men éin ting er at du klarer det éin gong, men dei du legg merke til, er dei som repeterer det, seier Wisløff.

– Då vi spelte mot Rennes, kjem vi utover i kampen fordi vi har minst like god kondisjon. Hovudforskjellen på dei og oss var at alle var veldig raske, meiner fysiologen.

«Tre lunger»

Truls Jenssen, som no er trenarutviklar i Tromsø, var utviklingsansvarleg då Pedersen kom frå Hammerfest i 2016.

Det første han la merke til, var ikkje overraskande hurtigheita. Samtidig noterte Pedersen seg allereie då med god teknikk og skotfot.

Men Jenssen trur først og fremst det er Pedersens hovud og innstilling som har teke han så langt på så kort tid.

– Det er ofte sånn at når du jobbar med spelarar som vil bli gode, er det nokon som orkar å jobbe mykje. Det gjer han. Han er dønn seriøs.

Sjølv synest Pedersen at det er «surrealistisk» at det har gått så fort. Men at han orkar å jobbe mykje, både på graset og utanfor, er det ikkje særleg tvil om.

Arbeidskapasiteten har faktisk gitt han tilnamnet «mannen med tre lunger» i Nederland.

– Dei seier det der nede. Dei har lagt merke til at eg spring mykje i kampane, både defensivt og offensivt. Dei har ikkje heilt skjønt korleis eg klarer å gjere det så ofte, så dei seier at eg har tre lunger, seier Pedersen og smiler.

Sportsnyheter

Narve Gilje Nordås og Per Svela hentes av Gjert Ingebrigtsen etter løpet i Huelva

Nordås hentet av Gjert Ingebrigtsen etter seieren: – En trist sak for alle parter

Narve Gilje Nordås sier han kan fortsette trenersamarbeidet med Gjert Ingebrigtsen selv om det har blitt ut tiltale mot treneren. Tirsdag kveld forlot de stadion sammen.

Siste nytt

  • Astrid Uhrenholdt Jacobsen venter sitt første barn

    Astrid Uhrenholdt Jacobsen (37) avslører på Instagram at hun er gravid. På flere bilder viser hun synlig fram babymagen.

    «Vi utvider flokken», skriver den tidligere langrennsstjernen i innlegget.

    Hun har lagt ved flere bilder der hun er ute på tur med kjæresten Ingeborg Djupnes. På det ene peker samboeren mot Jacobsens voksende mage.

    Under innlegget strømmer gratulasjonene inn. Den tidligere golfstjernen Suzann Pettersen er blant dem som har sendt sine lykkønskninger.

    Jacobsen slo gjennom for fullt med VM-gullet i sprint i Sapporo i 2007. Bare uker tidligere hadde hun tatt sin første pallplass i verdenscupen. Det skjedde i sprint i Otepää i Estland.

    Hennes siste verdenscuprenn ble på hjemmebane i Holmenkollen i mars 2020.

    I 2018 var hun med på det norske laget som tok OL-gull i stafett i Pyeongchang. To stafettgull har det også blitt i VM-sammenheng.

    Individuelt har hun to VM-sølv og fem VM-bronser på merittlisten. Jacobsen har også vært på pallen i verdenscupen 56 ganger.

    Etter den aktive karrieren har Jacobsen vært langrennsekspert for NRK og sittet som leder av utøverkomiteen i Norges idrettsforbund. (NTB)

    Astrid Uhrenholdt Jacobsen
    Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Red Bull bekrefter: Newey forlater laget

    Det skriver Formel 1-laget på sine nettsider.

    Adrian Newey er sjeftekniker på laget, og er av mange regnet som hjernen bak en av de mest dominante bilene i Formel 1-historien.

    Red Bull har knust resten av Formel 1-sirkuset de siste sesongene, og er på vei til å vinne både førermesterskapet og kontruktørmesterskapet denne sesongen også. Newey har vært i Red Bull i nesten 20 år.

    – Hans visjon og briljans har hjulpet oss til 13 titler på 20 sesonger, sier Red Bull-sjef Christian Horner.

    Flere medier, blant annet BBC og tyske AMuS meldte i forrige uke at Newey slutter i Formel 1-laget grunnet misnøye med håndteringen av trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters
  • Elverum klar for sluttspillfinale i håndball

    Elverum tok seg videre til finalen i sluttspillet i håndball etter at de vant 41-30 borte mot Arendal tirsdag kveld.

    Elverum møter Kolstad, som slo ut Drammen i sine semifinalekamper med 2-0. Første finalekamp i best av tre spilles mellom de to lagene 22. mai i Trondheim.

Sendeplan

Kl. Program Kanal