Hopp til innhold

Mol og Sørum med nytt OL-våpen – håpar konkurrentane ikkje oppdagar det

TOKYO/OSLO (NRK): Stjerneduoen Anders Mol og Christian Sørum har eit ess i ermet før OL.

Sommer-OL i Tokyo 2021

AVGJERANDE: At ballen ikkje sklir av armen i mottak eller forsvar, er viktig for dei norske gullhåpa.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Eg lurer på kva dei andre tenkjer. Dei må jo tru at vi har smurt noko jæklig med solkrem på armane.

Det seier ein sveitt Anders Mol til NRK etter at media fekk møte stjerneduoen midt i OL-oppladinga i slutten av juni. For i Tokyo er dei blant Noregs store medaljefavorittar når det heile brakar laus på laurdag.

Med seg i bagasjen til Japan har dei òg med seg noko heilt spesielt.

– Det blir spennande å sjå, det fungerer iallfall. Det var ikkje noko spørsmål om kva det var, seier Christian Sørum til NRK.

For duoen har brukt det hemmelege trikset fleire gongar i dei siste turneringane der det har vore høg luftfukt. Det er det venta at det blir også i Tokyo.

Magnesium er nemleg det hemmelege trikset dei har drege ut av hatten, eller frå sanden i dette tilfellet. Første gongen dei nytta seg av magnesiumtrikset var i prøve-OL i 2019. Etter det har dei brukt det kvite pudderet flittig.

– I prøve-OL var det veldig fuktig. Vi klinte på litt magnesium på armane. Det ser jo ikkje bra ut sidan du blir kritkvit, men ballen glir ikkje like mykje av. Vi har stor tru at det òg kjem til å fungere i OL, seier Sørum.

  • Sjå Anders Mol forklare magnesiumløyndommen lenger nede i saka.
Anders Mol og Christian Sørum

KVIT ARM: Ein kan så vidt sjå det, men det kvite på armen til Christian Sørum er magnesium. Dette er frå prøve-OL i Tokyo i 2019.

Foto: TOSHIFUMI KITAMURA / AFP

Håpar konkurrentane ikkje oppdagar det

Det var TV 2 som omtala saka først.

Magnesium er eit grunnstoff og eit mineral som er viktig for funksjonen til kroppen. Mineralet er essensielt for å halde oppe ein normal muskel- og nervefunksjon og for kroppen sin eigne energiproduksjon.

Til vanleg i idrett høyrer ein ofte om å ta magnesium for å hindre leggkrampar, men no har altså stjerneduoen funne eit heilt anna bruksområde.

– Etter at vi har påført magnesiumet så gjer det at ein ikkje sveittar like mykje på hendene. Når eg gjer mottak sklir ikkje ballen like mykje av. Det blir gull verd å ha, seier Mol.

  • Sandvolleyballturneringa startar laurdag med Mol og Sørum som spelar mot Australia klokka 15:00. Dei spelar tre kampar den første veka.
Mol/Sørum

SENSASJONELLE SIFFER: Anders Mol (t.v.) og Christian Sørum (t.h.) har herja i internasjonale turneringar dei siste tre åra og står med utrulege 16 turneringssigrar, inkludert tre EM-gull.

Foto: Heiko Junge / NTB

Magnesium blir òg brukt i hendene for å tørke dei ut. I til dømes styrkeløft og klatring blir det brukt for å ha eit ekstra solid grep.

Stjerneduoen har ikkje sett nokon av dei andre konkurrentane bruke magnesium endå. Dei håpar òg at ingen av dei andre sandvolleyballspelarane oppdagar trikset før OL som byrjar 23. juli.

– Det blir spennande å sjå om andre dreg det opp – og då for første gong, seier Sørum.

Anders Mol forklarer hvordan deres magnesiumshemmelighet fungerer.

Første streken i rekninga påverkar dei ikkje

Duoen har likevel møtt motgang for første gong på tre år. I dei tre siste turneringane vart dei slått ut før kvartfinalane. Dette har ikkje skjedd sidan 2018.

– Det var kanskje på tide at vi fekk litt motgang, seier Mol.

Anders Mol (t.h.) og Christian Sørum (t.v) tar seg en pust i bakken underveis i treningen

PUST I BAKKEN: Men kvile har dei ikkje gjort så altfor mykje det siste året, det må trening til for å halde seg på toppen. Her med Anders Mol (t.h.) og Christian Sørum (t.v.)

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

For dei har vore nummer ein i verda i tre strake år og duoen lèt ikkje sjølvtilliten forsvinne av den litt ustabile OL-inngangen.

– Vi går inn i kvar turnering som favorittar, men likevel klarer vi å spele bra volleyball, seier Mol.

– Vi ønskjer å vinne kvar kamp vi stiller opp i, og det gjer vi ikkje no. No har vi vore heime og trena litt på nytt. Motivasjonen har vore på topp for å trene hardare og gjere det bra her, seier Sørum.

Konkurrentane siktar på Mol

Det skal seiast at Mol har slite med hofteskade ein liten periode. Det har ført til at motstandarane har sikta mot han på servane.

Det bekymrar han ikkje nemneverdig, for no kjennest hofta fin igjen.

– Dei har serva meir på meg dei siste turneringane. Dei har gjort det mange gonger før også, og ikkje lykkast med det. No har det vore nokre dårlege kampar frå meg der eg ikkje har den beste statistikken. No har eg tenkt å motbevise dei, seier Mol.

Kåre Mol (t.v.), Anders Mol (i midten) og Christian Sørum (t.h.) på trening på Kringsjå

GULLTRIO?: Kåre Mol (t.v.) er far til Anders Mol (i midten) og landslagstrenar for mellom anna makkeren til sonen Christian Sørum (t.h.).

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Sjølv om dei har ein solid CV har Mol og Sørum aldri delteke i nokon olympiske leikar tidlegare. Bobla som ventar i Tokyo blir nok ei utfordring for gullkandidatane.

– No er det eit OL med ein litt annan setting enn til vanleg, men det blir gøy å komme ned der og sjå kva denne OL-hypen eigentleg er, seier Mol.

Siste nytt

  • Jönsson utestengt i to kamper - Stabæk aksepterer straffen

    Stabæk-trener Jan Jönsson får to kampers karantene for hendelsen mot Vålerenga mandag. Det melder Dagbladet.

    Sportsjef Kim André Pedersen i Stabæk gjør det klart overfor NRK at klubben og Jan Jönsson aksepterer straffen.

    – Jada, vi må forholde oss til de reglene som er. Når forbundet sier det blir konsekvenser i forhold til regelverket så må vi akseptere det, sier Pedersen til NRK.

    Det var på overtid i kampen mot Vålerenga at det ble kaos med Jönsson i hovedrollen.

    Kaoset startet med at Karina Sævik løp langs streken med ballen og en motspiller etter seg. TV-bildene viste at ballen på et tidspunkt var ute, og da skjedde det noe uvanlig.

    Sævik løp videre, men på samme tid løp Stabæk-trener Jan Jönsson ut på banen og stoppet Vålerenga-spilleren med kroppen.

    Da eksploderte det på benken og Jönsson ble vist det røde kortet.

    Like etter så det ut til at han forsøkte å klemme fjerdedommeren.

    – Det var på overtid og jeg forsøker å få tak i ballen for å få tatt et kjapt innkast. Ballen hadde vært klart ute og jeg gikk en meter ut på banen for å ta den. Jeg ville få spillet i gang. Det var på overtid og Vålerenga sparket bort ballen for at tiden skulle gå ut, sa Jönsson til NRK etter kampen.

    Nå er Stabæk-treneren straffet for episoden.

    Pedersen sier klubben hadde en god prat med Jönsson etter kampen og senere i etterkant av det, for å reflekere over episoden. De er klare på at de bare må akseptere reglene og ser at Jönssons inngripen ble overivrig.

    Jönsson blir fullt delaktig i treningsuken og de strategiske valgene frem mot neste kamp, før han deretter ikke kan lede laget sitt i kamp. Jönsson får ikke lede Stabæk i kampene mot Brann og Lyn.

    Ifølge Dagbladet er begrunnelsen for straffen fra disiplinærutvalget slik:

    «Disiplinærutvalget har ved sin beslutning lagt til grunn at Jönsson, ved sin inntreden på spillebanen, forstyrrer spillet og motstanderlagets spiller. I henhold til forbundsstyrets retningslinjer for sanksjoner tilsier dette en karantene på to kamper. Disiplinærutvalget har på den bakgrunn kommet til at en karantene på to kamper er en passende reaksjon på den aktuelle overtredelsen.I henhold til reaksjonsreglementet § 4-15 skal karantenen sones i de to neste seriekampene for samme lag treneren ble utvist for»

    NRK oppdaterer saken.

    Jan Jönsson
  • Haaland avbildet på City-trening etter skadetrøbbel

    City har publisert bildene fra dagens trening på X.

    Haaland var ikke med i sist helgs FA-cupsemifinale som endte med 1-0-seier over Chelsea. I kampen i forveien, Champions League-nederlaget mot Real Madrid, måtte nordmannen ut med en skade. Også mot Brighton torsdag var han ute av troppen.

    City-manager Pep Guardiola opplyste i forkant at jærbuen hadde slitt med et «muskulært problem».

    Haaland er delt toppscorer i ligaen med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål.

    City er ett poeng bak serieleder Arsenal, men de lyseblå har én kamp mindre spilt. Dermed har de alt i egne hender i sesonginnspurten. Haaland og co. møter Nottingham Forest borte søndag. (NTB)

    I9VZqC6O-Pk
    Foto: AP
  • Bytyqi terminerte kontrakten i Tyrkia - trener mot Viking

    Zymer Bytyqi bekrefter overfor Stavanger Aftenblad at han har terminert kontrakten sin med den tyrkiske toppklubben Antalyaspor.

    – Det har vært litt av en prosess og mye stress de siste dagene. Jeg har ikke tenkt så mye på framtiden nå. Akkurat nå ser jeg fram til ro, sier 27-åringen til Aftenbladet.

    Bytyqi gjorde i 2021 overgang fra Viking til Konyaspor, før reisen gikk videre til Olympiakos to år senere. I fjor sommer reiste han tilbake til Tyrkia og signerte for Antalyaspor, hvor han endte med to mål og fire målgivende på 33 kamper.

    Kantspilleren ønsker imidlertid ikke å oppgi noen årsak for hvorfor kontrakten er terminert. Hans opprinnelige kontrakt varte til sommeren 2026.

    Etter bruddet med Antalyaspor, snakket Bytyqi med Viking-trenerne og fikk lov å trene med gamleklubben.

    – Det er veldig hyggelig at jeg får være med. Jeg har ikke hastverk med å finne en ny klubb, sier Bytyqi.

    Han legger til at han har gode kort på hånden, og at han skal trene med Viking så lenge han er velkommen. (NTB)

    Eliteserien 2020: Viking - Vålerenga (2-2)
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal