Hopp til innhold

Meiner Dale blir utsett for urettvis behandling: – Brutalt

Ekspert Synnøve Solemdal skjønnar lite av at skiskyttar Johannes Dale har blitt vraka på elitelaget etter berre ein sesong. Ho meiner leiinga må gå i seg sjølv. Dale meiner det er «brutalt».

Sesongstart Skiskyting

VRAKA: Då uttaket for skiskyttarlandslaga blei gjort, fekk Dale den knusande beskjeden om at han må tilbake på rekruttlaget kommande sesong.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Eg tykkjer det er å dra teppet vekk under føtene på han som har hatt ein dårleg sesong, og som tydeleg har eit veldig, veldig stort potensial. Når du har prestert så godt som Johannes gjorde i fjor, tykkjer eg du skal få meir enn ein moglegheit til å «drite deg ut», seier Synnøve Solemdal til NRK.

Utsegna kjem etter at Johannes Dale og Erlend Bjøntegaard mista plassen på elitelaget kommande sesong. Inn kjem rekruttløparane Sivert Guttorm Bakken og Filip Fjeld Andersen, som presterte ekstremt godt i årets sesong.

Solemdal understrekar at det ikkje er feil å ta inn Bakken og Andersen, men tykkjer behandlinga av Dale ikkje er noko grei.

Sjølv kjenner hovudpersonen på ein enorm «kjærleikssorg».

Må gå i seg sjølv

Solemdal meiner landslagsleiinga må tenkje over kva signal dei gir, når dei no vel å vrake Dale etter sitt første år på elitelaget.

– Eg tykkjer både leiinga og trenarane må ta litt ansvar for korleis situasjonen har blitt. Eg trur det er veldig dumt av dei å vrake Dale. Eg skjønar at det er tøft å kome med, men dei burde i alle fall ta ansvar for den situasjonen han har hamna i, og hjelpe han på veg opp, seier Solemdal.

Synnøve Solemdal

KRITISK: Synnøve Solemdal.

Foto: NRK

Du tykkjer han har blitt behandla dårleg?

Ja, det tykkjer eg.

Solemdal stussar over at han ikkje får fleire sjansar.

– Det er ein veldig tøff runde han har vore gjennom. Han har på ein måte falle fort gjennom systemet. Frå VM-sølv i fjor, til å vere heilt med der oppe og prestere jamt blant topp ti, til å bli heilt borte og sett ut av landslaget etter ein dårleg sesong. Eg tykkjer ikkje at dei tenkjer langsiktig, seier ho.

Eksperten tykkjer det rett og slett er feil å ta Dale ut av elitelaget.

– Eg meiner det er rett å gi han ein sjanse til. Det er viktig å ta vare på utøvaren og personen, og det signalet det gir ut. Det er ikkje slik at med ein gong det går litt trått, så er du ute. Det er eit felles ansvar frå utøvar, sportssjef og trenarar, seier Solemdal.

– Brutalt

Det er ein ganske så skuffa Johannes Dale som tek opp telefonen når NRK ringer. Han innleiar med at han har god forståing for at Bakken og Andersen har fått plass, men kjenner seg knust av beskjeden.

Johannes Dale

KJIP BESKJED: Johannes Dale.

Foto: Berit Roald

– Det har ingenting med at eg ikkje tykkjer Filip og Sivert fortener ein plass, for det tykkjer eg verkeleg, men samstundes kjennest det veldig brutalt ut å bli tatt ned frå elitelaget etter ein sesong, med tanke på fjoråret, seier Dale til NRK.

Han trekk fram at han den gong tok to individuelle VM-medaljar, verdscupsiger og åtte pallplassar.

– Derfor kjennest det veldig brutalt ut, å bli tatt ned så fort. Det er ikkje meir enn eitt år sidan eg tok VM-medalje, seier han vidare.

Han erkjenner at han var innstilt på at plassen kunne ryke, men han håpa at leiinga kunne gjere eit unntak denne gongen og ta ut sju løparar, i det han kallar ein «ekstraordinær» situasjon.

– Det har vore i hovudet ei stund, men det er sjølvsagt aldri kjekt å få den beskjeden. Det kjennest ut som ein kjærleikssorg å bli kasta ut av laget. Det er eit system med gutar eg har blitt veldig glad i etter så mange år. Det er veldig kjedeleg, seier Dale.

Han er likevel klar på ein ting.

– Eg håpar ikkje det blir gløymt at eg er ein ganske så god skiskyttar. Flammen er tent og eg kjenner på ein slags uro som ikkje roar seg før eg får slå tilbake. Det har definitivt kasta bensin på bålet, seier Dale.

Les også: Tok sin første seier ett år etter omfattende hjerteoperasjon: – Veldig takknemlig

Avfeiar kritikken

Landslagssjef Per Arne Botnan har forståing for at ulike ekspertar har meiningar om vala skiskyttarforbundet tek, men sjølv kjenner han seg trygg i uttaket.

– Det er tøff kamp om plassane, og då vil det alltid vere nokon som ryk ut, sjølv om dei har gode resultat. Hadde vi berre tatt med Sivert, er det nok nokon som hadde tykt det var urettferdig òg, seier han til NRK.

Sportssjef Per Arne Botnan

TRYGG I VALET: Per Arne Botnan.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Botnan er ikkje samd i at forbundet har fråskrive Dale som eliteløpar.

– Det er ikkje slik at alle band er kutta til Dale. Vi følgjer opp han på lik linje som alle andre, han dett ikkje ut av systemet. Dialogen mellom trenarane og Johannes held fram, men akkurat no meiner vi dette var det riktige å gjere, seier Botnan.

Landslagssjefen seier at valet om seks utøvarar mellom anna har kome for å unngå å hamne i ei knipe når verdscupen rullar i gong. Noreg har ei kvote på seks utøvarar.

Vi har gjort nokre forsøk på det tidlegare og – å ha fleire på lag – men det er fleire grunnar til at vi har landa på seks. Det er det som har fungert optimalt over tid, med tanke på det treningsmessige, seier han.

Han har stor tru på at Dale kan halde fram og utvikle seg, sjølv om han har tatt eit steg ned.

– Vi trur at sjølv om Dale er nede på rekruttlaget, så er det alle moglegheiter for han å slå tilbake og kome inn i verdscupsirkuset allereie tidleg før jul, og vere på laget igjen neste år, seier han.

Les også: Dale knakk sammen da han så farens tårer etter VM-medaljen

Siste nytt

  • Mbappé utnevnt til ny kaptein for Frankrike

    Kylian Mbappé (24) er ny kaptein for Frankrikes landslag i fotball. Han overtar etter Hugo Lloris (36).

    Lloris ga seg på landslaget i januar bare en måned etter tapet i VM-finalen mot Argentina.

    Den 36 år gamle Tottenham-keeperen hadde vært Frankrikes kaptein i mer enn et tiår.

    Med den 24 år gamle PSG-spilleren som anfører starter en ny æra. Ny visekaptein blir Atletico Madrid-spissen Antoine Griezmann. Han overtar jobben etter Manchester Uniteds Raphaël Varane, som også har gitt seg med landslagsfotball. (NTB)

    FGSCW7dpJ0c
    Foto: Christophe Ena / AP
  • Klæbo om Skistads valg: – Ingen tvil om hvor jeg ville være

    Johannes Høsflot Klæbo (26) er ikke tvil om at landslaget er den beste utviklingsarenaen for sprintkometen Kristine Stavås Skistad (24).

    Skistad har vist stor form den siste tiden med tre seirer i sprintverdenscupen i langrenn i løpet av kort tid. Rett i forkant av VM i Planica ble det seier i franske Les Rousses, så ble det en ny klassiskseier på hjemmebane i Drammen og deretter seier i skøytesprinten i Falun i helgen.

    Det har Skistad klart med eget opplegg. Tiden hennes på landslaget ble ikke som hun hadde tenkt seg, og hun har selv satt spørsmål ved om landslagssystemet er noe som passer for henne.

    – Jeg kan bare snakke for meg selv. Da jeg var på rekruttlandslaget, var det ingen tvil om hvor jeg ville være. Dette handler om hva det er best at jeg holder på med, hva som skaper utvikling og hva som skal til for å bli bedre, sier Klæbo. (NTB)

    Verdenscup langrenn, sprint prolog og finaler i World Cup Drammen
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Normann om returen til russisk fotball: – Ser ikke et problem med det

    – Jeg vil aldri forstå hvorfor folk er overrasket over det, sier Mathias Normann på spørsmål fra Sport Express om hvorfor han valgte å returnere til Russland.

    Etter et låneopphold i engelske Norwich endte nordmannens videre klubbjakt opp med en retur til russisk fotball og Dinamo Moskva forrige sommer. Kort tid etter Russlands invasjon av Ukraina.

    Normann får spørsmål om hvorfor han, i motsetning til de fleste andre spillere, dro til og ikke fra Russland etter krigens utbrudd.

    Han begrunner valget med at «fotball er fotball» overalt i verden, og at han ønsket et sted han kunne fortsette å spille.

    – Jeg ser ikke et problem med det, sier han.

    Normanns gamle russiske klubb, Rostov, holder til like ved den ukrainske grensen, hvor flyplassen har vært stengt siden februar i fjor. Da virket hovedstadsklubben Dinamo mer forlokkende.

    Gjennom intervjuet med det russiske nettstedet avstår Normann fra å svare på en rekke spørsmål om Norge og det norske landslaget, siden han ikke lenger er en del av det.

    Satåle Solbakken valgte å utestenge Normann fra landslagsspill etter det kontroversielle valget.

    – Det er veldig vanskelig for meg å snakke om det. Jeg elsker og respekterer landet mitt og landslaget, treneren og spillerne, og vil alltid gjøre det, sier 26-åringen.

    Normann har slitt med en skade siden overgangen til Dinamo, men har spilt i klubbens tre siste kamper.

    Mathias Normann
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Femmilas historie: Brekker seg av gammelt smøretriks 02:59
Neste