– Det er helt jævlig, rett og slett, skriv Skolbekken på si facebook-side.
22-åringen frå Nes i Akershus blei alvorleg skadd i jordskjelvet på Kos seint om kvelden onsdag 20. juli. No er det klart at han må amputere begge beina opp til knea.
Det var Romerikes Blad som først siterte Skolbekkens Facebook-melding.
NRK har vore i kontakt med familien, som har gitt løyve til å gjengi Facebook-meldinga.
Jordskjelvet i det øyrike området mellom Hellas og Tyrkia gjekk verst ut over ferieøya Kos. Ei tsunamibølgje skylte innover land og øydela restaurantar og andre hus.
Dette skjedde rundt klokka halv elleve om kvelden, på eit tidspunkt med mykje folk ute. To menneske omkom og meir enn hundre blei skadde, og dei materielle skadene var enorme. Mange måtte overnate ute i kaoset som oppstod.
Har fått stor støtte
Skolbekken skriv at fotballen har vore ein del av han i 22 år, og det kjem det framleis til å vere.
– Berre ikkje på same måte som før, skriv han.
Han spela fast på Funnefoss/Vormsunds lag i 3. divisjon.
Må gjennom ny operasjon
– Vi er imponerte over korleis Martin taklar dette. Han kjem til å gå gjennom både gode og dårlege stunder, og det er eit langt løp igjen. Men så langt ser det bra ut, seier Martins onkel Frode Engebretsen, familiens kontaktperson, til NRK.
Engebretsen fortel at Martin skal gjennom ein operasjon til. Det eine beinet hans er lengre enn det andre, og dette skal rettast opp.
Tida det tek før han er ferdig, er det vanskeleg å seie noko om.
– Martin har respondert bra på den første operasjonen. Han er sengeliggande, men prøver seg på enkle overkroppsøvingar med jamne mellomrom. Han er i ferd med å kome seg etter narkosen frå den første operasjonen, seier Engebretsen.
– Bygge meg opp til å bli en enda bedre person
Skolbekken takkar for den store støtta han har fått etter det som skjedde, og vil bruke den til å byggje seg opp igjen. Og han ser ikkje svart på livet framover.
«Det første som kommer til å skje, er at jeg skal bruke all den støtten jeg har fått som motivasjon til å bygge meg opp til å bli en enda bedre person enn det jeg var. Jeg kommer til å få proteser, slik at jeg kan gå, løpe, sykle, svømme og så videre, så det er ingen fare med det», skriv han i meldinga.
Han avsluttar med å fortelje at han kjem til å få protesar slik at han kan gå, springe og sykle.
– Så det er ingen fare med det. Dette kjem til å bli bra.