NRK Meny
Normal

Flyplassen på Kos: Folk deler på mat og drikke

KOS/OSLO (NRK): Kø, kaos og manglande informasjon pregar flyplassen på Kos etter jordskjelvet. – Det er berre å smørje seg med tolmod, seier norsk familie.

Folk samla utanfor flyplassen på Kos

KAOS: Reisande på flyplassen på Kos ventar på å få reise heim. Folk har fått beskjed om å vente utanfor flyplassen til dei vert ropt opp av personalet.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Kos internasjonale lufthamn er den einaste flyplassen på ferieøya Kos i Hellas, som i natt vart råka av jordskjelv.

NRK er til stade på flyplassen der hundrevis av turistar ventar på å få reise heim. Flya har byrja å gå igjen, men mange flygingar er kansellert eller utsett mange timar.

Flyplassen er ikkje veldig stor og dei fleste reisande må opphalde seg utandørs til dei vert ropt opp av personalet på flyplassen. Mange er uroa over manglande informasjon.

– Dei tilsette deler ut vatn, men det byrjar å bli få varer igjen i kiosken her. Folk deler på det dei har av mat og drikke, seier Lokman Ghorbani, NRK sin reporter på staden.

Han fortel vidare at folk stort sett held seg oppdatert gjennom telefonane sine, at det er lite informasjon som kjem frå personalet på flyplassen.

Norsk familie på Kos

HAR VENTA LENGE: Familien Aase har vore på ferie på Kos og skulle reise heim i dag. Dei har venta i mange timar på flyet dei skulle ta til Oslo. Folk er trøytte, uroa, men også rolege.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Har venta på flyplassen i mange timar

Irene Kalse Aase og familien er på flyplassen saman med to andre familiar frå Ålesund og Sykkylven. Dei budde seks kilometer utanfor byen, og skulle reise heim i natt klokka halv seks lokal tid.

Familien vakna av at hotellet bevega seg. Det var mørkt og kaotisk, men dei fekk kontroll på ungane og kom seg ut. Der var nokre rolege, medan andre reagerte kraftig

– Folk stod i trusa. Ein mann ropte etter hjelp og hadde eit panikkanfall, men mannen min var med på å roe han ned.

Familiane skulle reise med Norwegian og fekk tatt buss til flyplassen like etter skjelvet.

– Då vi kom fram fekk vi beskjed om å opphalde oss på andre sida av vegen for flyplassen. Sidan då har vi eigentleg venta og venta, fortel Aase.

Kø utanfor flyplassen

KØ: Reisande må vente utanfor flyplassen til dei vert ropt opp og får reise. Mange flygingar er forseinka eller kansellert.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Nokon er slitne, andre festar

Familien fortel om folk som sit rundt om kring flyplassen, dei fleste i skuggen og under tak. Reisande slepp ikkje inn på flyplassen før dei vert ropt opp.

– Folk er slitne, trøytte og småskjelvne etter det dei har opplevd. Nokon søv, nokon snakkar og det er til og med nokon som festar like ved her. Så folk oppfører seg stort sett normalt, seier Aase.

– Det er lang dokø her da, legg sonen Sverre Skudal Aase til.

Familiane er nøgd med informasjonen dei har fått frå flyselskapet Norwegian, sjølv om det er lite informasjon å få på sjølve flyplassen. Det første flyet som gjekk etter skjelvet var eit fly til Athen i formiddag, nordmennene har fått beskjed om at Norwegian-flyet til Oslo vil gå rundt halv åtte.

– Flyet er nok ganske fullt. Eg håper det går no til ny planlagt tid, og så er eg glad for at det har gått veldig fint med mange.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt