Hopp til innhold

Reagerer på nedrykket frå 3. divisjon: – Vil kalle det absurd

4 av 14 lag i 3.-divisjonsavdelingane rykkjer ned. Det reagerer klubbane sterkt på.

Nedrykk for 2.-lag

ANDRELAGSNEDRYKK: Ikkje mindre enn fem eliteserieklubbar må sjå at andrelaga gjekk ned. Det gir dårlegare konkurranse for rekruttane i desse klubbane

Foto: Torstein Bøe

Første året med den nye seriestrukturen for 2., 3. og 4. divisjon er unnagjort. Det har gitt klubbane ulike erfaringar, men ein ting er det berre ei meining om: At ein nedrykksprosent på 28,5 frå 3. til 4. divisjon er altfor høg.

– Det er heilt meiningslaust, er karakteristikken til assisterande trenar Erik Holtan i Sarpsborg 08. Klubbens andrelag sanka 35 poeng på sine 26 kampar, men det hjelpte ikkje. Laget blei fjerde sist i 3. divisjon avdeling 1 og rykte ned.

Det omfattande nedrykket skriv seg frå fotballtinget i fjor. Eit benkeframlegg om 24 i staden for 18 avdelingar i 4. divisjon blei vedteke. Konsekvensen var eitt ekstra lag ned frå kvar avdeling i 3. divisjon, i tillegg til dei tre som opphavleg var foreslått.

Det vil seie at nesten tredjekvart lag rykkjer ned. Øyvind Jacobsen i Stavanger-klubben Brodd rister på hovudet.

– Her gjorde fotballtinget eit vedtak som eg vil kalle absurd, seier Øyvind Jacobsen. – Vi ser at lag som er nokre få poeng frå 3.-4.-plass i gruppa, rykkjer ned. Derfor blir det også veldig tøft for dei laga som kjem opp.

Spår lågare kvalitet neste år

– Det er heilt uforståeleg at det skal fire lag ned. Når så mange går ned, vil kvaliteten neste år bli dårlegare, seier Tom Sigurd Hagen i Funnefoss/Vormsund.

Også hans klubb fekk 35 poeng og rykte ned som fjerde siste lag, berre sju poeng bak laget som blei nummer fire.

– Laga på 11.-12.-plass i år er lag som truleg er langt betre enn 75 prosent av laga som rykkjer opp frå 4. divisjon.

Fotballpresident Terje Svendsen fortel til NRK at dei så langt har eit positivt inntrykk av omlegginga.

– Vi skal ha ei grundig evaluering. Men eg synest det har vore ei god spissing, og så må vi sjå om målsettinga har funka. Ettersom dette berre har vart i eit år synest eg det er for kort tid å trekkje bastante konklusjonar, seier Svendsen.

Fjøra Bjelde-skoring

TØFT: Sportsleg høgt nivå, men til dels stor slitasje på spelarar og klubbøkonomi. Det er hovudkonklusjonane etter første sesong med den nye og spissa 3. divisjon

Foto: Fotograf Christian Blom

Fem eliteserielag mister 2.-laga i 3. divisjon

Fem av rekrutteringslaga til eliteserieklubbane var blant nedrykkslaga frå 3. til 4. divisjon etter årets serie. Det betyr fem lag som gir rekruttane dårlegare sportsleg tilbod neste år.

– For oss har det heilt klart større verdi å spele i 3. divisjon, seier Svein Morten Johansen i Tromsø IL. – Det er stor skilnad på nivået i 3. og 4. divisjon etter spissinga av seriesystemet.

Før årets sesong vart det gjort store endringar i divisjonssystemet i Norge. Nivået skulle hevast, blant anna ved å ha færre lag i 3. divisjon.

Omlegginga har nemleg gått hardt utover mange av eliteserielagas andrelag, som også fungerer som rekruttlag. Fire av desse rykker rett ned til fjerdedivisjon – ein divisjon med mykje lågare sportsleg nivå.

Totalt sett rykka fire andrelag og eitt tredjelag i eliteserieklubbar ned frå 3. til 4. divisjon. Også andrelaga til tre klubbar i 1. divisjon og eitt i 2. divisjon går ned.

På den andre sida går sju andrelag opp frå 4. til 3. divisjon. Tre av desse er andrelag i eliteserieklubbar. Og i tillegg går Stabæk 2 opp frå 3. til 2. divisjon.

– 3. divisjon hadde vore perfekt

Tromsø 2 er eit av laga som rykkjer ned. Dei er uroa for kva det vil bety for rekrutteringa til førstelaget å ha andrelaget på eit såpass lågt nivå.

– Det hadde vore perfekt for dei å vere i 3. divisjon. Det betyr at dei unge og lovande ikkje får den same matchinga, seier Johansen.

2000-generasjonen har vore sentral i andrelaget for TIL i år. Halvparten av laget i kvar kamp har vore spelarar på 16 og 17 år.

På grunn av andrelagets nedrykk må også tredjelaget ned ein divisjon, trass i at dei kjempe i toppen av 4. divisjon i år.

– Truleg kjem vi til å trekkje tredjelaget, og stille berre med andrelag og U18. Alternativt blir tredjelaget ein del av breiddeavdelinga vår. Men det er vurderingar vi hadde gjort uavhengig av nedrykket, seier Johnsen.

Han trur at på sikt vil andrelaga til klubbane i eliteserien finne eit naturleg nivå i 3. divisjon.

– Vi ser det på at det var mange andrelag i 2. divisjon før serieomlegginga. Dei vil nok stort sett finne seg til rette i den nye 3. divisjon. Det er meir og meir seriøst arbeid med talentutvikling og rekruttering i toppklubbane, og det vil nok også vise seg på nivået.

– Fin arena

– 3. divisjon var ein fin arena for våre juniorar og reservar. Men vi var ikkje gode nok. Då må vi ta den divisjonen vi er gode nok til, seier Erik Holtan i Sarpsborg 08.

Reglane for andrelaga tilseier maks tre spelarar over 23 år.

– Vi har ikkje hatt så mange under 23. Vi har berre stilt med maks fem spelarar frå A-stallen vi i år. Det betyr at det er seks juniorar som til kvar tid har fått sjansen til å vere med. Det er sjølvsagt kjedeleg å rykke ned, men ingen krise.

Fotballpresident Terje Svendsen vil ikkje no seie noko om kva det betyr for eliteserielaga og deira rekruttering. Men det er noko forbundet stadig følgjer med på.

– Heile diskusjonen rundt toarlaga er noko vi diskuterer kvart år. Då snakkar vi både om struktur, deltaking og slike ting, fortel han til NRK.

– Er det meir aktuelt no med ein eigen serie for toarlaga?

– Eg skal ikkje føregripe noko som helst der, men diskusjonen rundt desse laga kjem til å leve vidare.

3. divisjon avd. 3 2017

– Ei openberring

Ein ting er alle samde om: omlegginga har ført til eit mykje høgare nivå. No er det høgare sportslege krav til alle lag som vil kjempe i 3. og 2. divisjon i Norge.

– Sportsleg har den nye ordninga vore ei openberring, seier dagleg leiar Øyvind Jacobsen i Stavanger-klubben Brodd.

– Færre mål og jamnare kampar fortel om betre sportsleg nivå. Tidlegare har kanskje berre 6–7 lag halde godt nivå, no gjer dei fleste det.

Les: Lange reiser – skrekkblanda fryd

Konsekvensen ville bli stor belastning på spelarane – som stort sett jobbar eller studerer på heiltid og driv fotball på amatørbasis – lydde dei mest negative spådomane på.

– Vanskeleg å få med familiefolk

– Vi ser at det er yngre spelargrupper både hos oss og andre lag. Vi ser at det er vanskeleg å få med familiefolk eller andre som har passert dei 25, seier Øyvind Jacobsen i Brodd.

Han nemner Tønsberg, som spela i same avdeling som Brodd. Tønsbergs tropp til bortekampen mot Lura var på 17,5 år i snitt. Lura vann 2–0 og sikra seg tre poeng i nedrykksstriden.

– Eg er absolutt ikkje negativ til ordninga. Men eg meiner det nesten utelukkande må vere geografi som må vere grunnlaget for inndeling av grupper, seier Jacobsen.

3. divisjon avd. 6 2017

Skjervøy om austlandsturane: – Heilt fantastisk

På Skjervøy i Troms har Jon-Ivar Johansen også gode erfaringar frå den første sesongen. Dette trass i at hans klubb var i avdelinga med dei lengste reisene med fem turar til Austlandet.

– For spelarane har turane til Austlandet vore heilt fantastisk. Reisemessing har det vore mykje lettare og billegare enn før når vi måtte reise på kryss og tvers i Troms og Finnmark. I år har det vore som ein leik, seier Johansen.

Sportsleg blei det også positivt for klubben. Skjervøy enda på sjuandeplass, men berre to poeng frå nedrykk i dan jamne avdelinga.

– Vi visste ingenting om nivået til laga frå Austlandet før seriestart, men hadde som mål å berge plassen. I vår hadde vi ein altfor tynn stall, og låg på nedrykksplass. Men vi fekk styrka stallen i sommar, og i haust har vi vore fullt på høgde med motstandarane. Vi tok nivået etter ferien, seier Johansen. Skjervøy vann seks av sine sju siste kampar.

Akershus-laget Funnefoss/Vormsund spela i same avdeling som Skjervøy. Dei enda fjerde sist og rykka ned med berre to måls margin, og berre sju poeng unna fjerdeplassen.

– Det har vore jamt og spennande, og eit godt nivå. Det ser vi på at det har vore mange jamne kampar, seier Tom Sigurd Hagen i FuVo.

Skjermar aldersbestemt fotball

Men reisebelastninga har klubben fått merke, med ni turar nordover. Totalt har laget reist nærmare ein halv million kilometer denne sesongen.

– Det har vore tøft. Det har gitt oss mykje ekstraarbeid for å få inn nok pengar. Men vi har greidd å skjerme all annan aktivitet i klubben. Det har vore klart heile tida, at ikkje noko aldersbestemt lag i FuVo skal lide for utgiftene til A-laget.

PS: Stabæk 2 rykka opp frå 3. til 2. divisjon. Dermed har Vålerenga, Odd og Stabæk andrelag på det nivået i 2018.

Sportsnyheter

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Grøvdal vraker 10.000 meter i EM – går for ny distanse

    Karoline Bjerkeli Grøvdal (33) endrer konkurranseplanen for sommerens europamesterskap i Roma.

    Hun dropper 10.000 meter og planlegger for å løpe halvmaraton.

    Det bekrefter hun overfor NRK.

    Nå satser hun på å løpe 5000 meter fredag 7. juni og halvmaraton 9. juni – og regnes som en sterk medaljekandidat på begge distansene.

    – Det kan være en morsom kombo det, sier Grøvdal, som presiserer at hun vil ta en endelig avgjørelse etter det første løpet.

    Hun vant nylig New York halvmaraton på tiden 1.09.09 minutter. Hun er rangert som den femte beste europeeren i kategoriene 5000 meter og gateløp.

    Grøvdal har vel å merke ikke tatt EM-kravet på 32 minutter på 10.000 meter, men det ville vært for en formalitet å regne. Hun har løpt minuttet raskere to ganger på asfalt, men måtte tatt på seg piggsko for å kvalifisere seg til europamesterskapet. Det ønsker hun ikke å prioritere i en viktig treningsperiode inn mot EM- og OL-sesongen.

    Den erfarne langdistanseprofilen har bronse på 10.000 meter og 3000 meter hinder fra tidligere europamesterskap, samt at hun har vunnet EM i terrengløp tre år på rad.

    Halvmaraton er ikke en tradisjonell mesterskapsøvelse, men arrangeres i EM i år som sammenfaller med OL.

    PS! EM i Roma og OL i Paris ser du på NRK.

    Friidretts-VM 2023: Pressetreff
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Storhamar sikret gullet etter «sliteseier»: – Ekstrem lettelse

    Storhamar vant den femte NM-finalen med 4-3 over Vålerenga i forlengning. Med 4-1 i kamper kunne vertene juble for tittelen.

    Eirik Salsten ble helten med scoring 50 sekunder ut i spilleforlengelsen. Da eksploderte det på Hamar – som hadde «mætt fjøs» med over 7100 tilskuere.

    For veteran Patrick Thoresen ble det ekstra spesielt å vinne foran familien på tribunen.

    – Det er helt magisk. Jeg har jo vært med på veldig mange finaler, dessverre tapt veldig mange de siste par åra, så det var en ekstrem lettelse å få være med å vinne. Jeg har drømt om dette. Dette har vært et stort, stort mål de siste åra mine, sier Thoresen til NRK.

    – Det er helt sykt at det er 7000 mennesker her som har fulgt oss i tykt og tynt mer eller mindre i hele år.

    Med tirsdagens triumf er Storhamars åttende kongepokal i boks. Vålerenga er fortsatt ledende i Norge med sine 26 «bøtter».

    Tross tapet, lar Storhamar-trener Petter Thoresen seg imponere av motstanden og kaller tirsdagens kamp for en «sliteseier».

    – Imponert av Vålerenga. De har mistet flere sentrale spillere og kriget mot Oilers i syv kamper. Jeg er faktisk imponert over det de leverer, skal jeg være helt ærlig, sier Thoresen til NRK.

    Og det var gjestene fra hovedstaden som kom best i gang i den femte kampen i NM-sluttspillet. Lagets storscorer Thomas Olsen satte 1-0 etter tre og ett halvt minutt. Da Storhamar fikk muligheten i overtall i midtperioden satte Peter Quenneville inn utligningen. Storhamar gikk så opp til 2-1, før Magnus Brekke Henriksen utlignet for Vålerenga.

    55 minutter og 25 sekunder ut i kampen sendte Jakob Berglund Storhamar nok en gang opp i ledelsen, men 12 sekunder før slutt sikret Vålerenga spilleforlengelse da Christopher Bengtson satte 3-3. I spilleforlengelsen sørget Saltsten for seier til Storhamar. (NRK/NTB)

    NM finale Ishockey Storhamar IL - Vålerenga IF i CC Amfi. SIL - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB
  • Sævik med ny scoring da Vålerenga beholdt tabelltoppen

    Både Karina Sævik og Iris Omarsdottir scoret sitt fjerde mål for sesongen da Vålerenga slo Stabæk 3-2 på hjemmebane i Toppserien tirsdag.

    Kampen skulle opprinnelig spilles i september, men ble framskyndet for å legge til rette for Vålerengas deltakelse i mesterligakvalifiseringen. Med tirsdagens seier ligger Vålerenga og Rosenborg på topp med tolv poeng, men VIF har bedre målforskjell. Deretter følger Røa med ni.

    Vålerengas hjemmeseier tirsdag kom etter scoringer av Olaug Tvedten, Ylinn Tennebø og Sævik, som scoret sitt fjerde mål for sesongen. For gjestene sto spisstalentet Omarsdottir for begge nettkjenningene – den siste fem minutter før slutt. 20-åringen har i likhet med Sævik scoret fire ganger denne sesongen.

    Stabæk står med seks poeng etter to seirer og tre tap hittil. Vålerenga har byderby mot Lyn til helgen, mens Stabæk får besøk av Brann. (NTB)

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal