– Eg, Henrik og ein kompis reiser til Kypros på laurdag. Vi kjem til å vere der i ti dagar og trene ein del saman der, seier Adrian Smiseth Sejersted til NRK.
Landslagsløparen er god venn med Kristoffersen og vedgår at han har sakna den utestengte kompisen.
– Det har vore litt rart så klart. Eg er ein god venn av Henrik. Og det er litt synd at han ikkje har fått vere med å trene den siste tida. Men det har han takla ganske bra, trur eg, seier Smiseth Sejersted til NRK, som fortsatt er under opptrening etter kneoperasjonen for fire månader sidan - ein skade som satte han ute av alpin-VM i St. Moritz i februar.
I tillegg til å reise på ferie og treningsleir saman, har Bærum-løparen og Kristoffersen hatt fleire økter ilag, blant anna på Crossfit Gjøvik, viser bilete frå Kristoffersens Instagram-konto.
– Ikkje optimalt
Kristoffersen underteikna landslagssavtala til Norges Skiforbund mandag denne veka. Og får dermed konkurrere for Norge i verdscupen og i OL.
Men Rælingen-karen får fortsatt ikkje trene med resten av landslaget før 1. oktober grunna brot på disiplinær- og sponsorreglar.
Etter det NRK forstår har landslagssutøvarane lagt ned ein indre justis om ikkje å uttale seg om konflikta mellom Kristoffersen og alpinleiinga, og Smiseth Sejersted vil heller ikkje kommentere sjølve saka overfor NRK.
– Han får nok trent greit også fram til 1. oktober, men det hadde sikkert vore optimalt for han å vere med oss frå starten av sesongoppkøyringa, seier likevel Bærum-løparen.
– Ønskjer dei god ferie
Smiseth Sejersted opplyser til NRK at dei har mottatt råd og tips frå landslagets fysiske trenar Lars Mæland før avreise til sol og varme i sydlegare strøk.
Sportssjef Claus Ryste meiner det er uproblematisk at Kristoffersen reiser på samling saman med ein lagkamerat - trass i at han framleis er utestengt.
– No er det ferietid for utøvarane og ingen aktivitet i landslagets regi, og soleis treng det ingen avklaring. Ønskjer dei ein god ferie på Kypros, skriv Ryste i ei tekstmelding til NRK.
Henriks pappa, Lars Kristoffersen har ikkje svart på NRKs førespurnad om saka.
Men Smiseth Sejersted stadfestar at turen er ein kombinasjon av ferie og trening.
– Personleg kan eg ikkje ta så mykje fri. Eg har ingen tid å miste i forhold til opptrening av kneet. Men det blir også litt enklare dagar med sol, varme og bading i tillegg, seier Adrian Smiseth Sejersted.