– Han må tenke at det han gir inn i laget av energi vil han få tilbake i støtte og nyttige tips, meiner Lars Elton Myhre, NRKs alpinekspert, med ti år bak seg som alpinist på landslaget.
– Og så rådar eg han til å vere litt meir saman med resten av gutta. Der har han litt å gå på, seier Elton Myhre vidare.
– Skape latter
For Kristoffersen har av naturlege årsakar brukt lite tid med resten av gutta på landslaget denne sommaren. Grunnen er utestenginga, men i dag blei det kjent at Kristoffersen har underteikna landslagsavtalen til Norges Skiforbund.
Det betyr at han får konkurrere for Norge i verdscupen og i OL.
Men 22-åringen må framleis trene aleine fram til 1. oktober. Årsaken skal vere brot på landslagets interne spelereglar sist sesong, som NRK avslørte 14. juni.
Kristoffersen skal ha brote disiplinær- og sponsorreglar ved fleire høve, og han skal ha fått flere åtvaringar sidan november i fjor.
– Han må komme inn i laget med eit smil, vere positiv, og vise at han er innstilt på å bidra saman med dei andre gutta på laget for å få til eit godt miljø. Han må vere med på få til gode treningar, skape latter, og vise at han bryr seg om dei andre på laget, seier Lars Elton Myhre.
Sterk lagkjensle
NRK-eksperten understrekar at sjølv om alpint er ein individuell idrett, er laget likevel viktig.
– Du køyrer sjølv frå topp til mål. Men alt rundt skjer i fellesskap med andre. Du trenar, et og bur saman med resten av laget. Du er nøydd til å trivast saman med gjengen. Det kan gi deg energi på dårlege dagar, og du kan gi energi til andre som slit på laget, meiner Elton Myhre.
– Alle dreg fordel av eit godt miljø, held han fram.
Det norske alpinlandslaget er kjent for å ha ei sterk lagkjensle. Under VM i St. Moritz i februar hjalp Kjetil Jansrud lagkompis Aleksander Aamodt Kilde med informasjon i kampen om VM-gullet.
– Vise mine beste sider
Henrik Kristoffersen seier i ei pressemelding at han skal bidra meir i laget etter at støyen no dempar seg.
– Oppslaga i media om usemja mellom Skiforbundet og meg har ikkje vore positiv for nokon. Eg har ingen problem med å innsjå at eg sjølv har bidrege til mange av dei litt mindre flatterande beskrivelsane som er kome fram i media. Heldigvis er verkelegheita betydeleg meir samansatt og nyansert, og eg skal gjere mitt for endå betre å vise fram mine beste sider, seier Henrik Kristoffersen.