– Vi har kanskje sove litt i timen, erkjenner Lise Klaveness til NRK.
Uttalen kjem i etterkant av ein debatt med høg temperatur under Arendalsuka. Der delte mellom anna fotballforeldra Egil Østenstad, Ørjan Berg og Gerd Stolsmo erfaringane sine om kvifor norsk fotball slit internasjonalt.
Dei har alle fotballkarrierar bak seg og eigne barn på toppnivå.
FOTBALLMAMMA: Gerd Stolsmo (i midten) med stjernedøtrene Ada Hegerberg (til venstre) og Andrine Hegerberg. Her er dei avbilda etter Gullballen-utdelinga i 2018, då yngstedotter Ada vann.
Foto: Christophe Ena / APStolsmo, som er mor til Gullballen-vinnar Ada Hegerberg, meiner at Noreg kan sjå langt etter «ei ny Ada».
– Satsinga som vi ser på jentesida, ho er eit hav bak det gutane får i dag. Det er eit skikkeleg gap, seier Stolsmo til NRK.
– Jentene må bli tekne på alvor med ein gong dei kjem, som 6-7-åringar. Dei må ha eit skikkeleg profesjonelt opplegg. Dei må få lov til å konkurrere, og det må bli slutt på at alt jenter skal gjere, skal vere sosialt, hyggjeleg og at det skal vere så rettferdig, utdjupar ho.
Vil ha vekk silkehanskane
Fotballmammaen meiner jentene blir behandla med silkehanskar heilt utan grunn:
– Jentene kjem dit med forventningar. Du må gi dei akkurat det same som gutane får, meiner Stolsmo.
Ho får støtte av ei rykande fersk undersøking blant fotballspelarar, foreldre og trenere i Vestland. Den er utført av professor Siv Skard ved Noregs handelshøgskole. Resultata vart presenterte tysdag kveld, og nokre av hovudfunna lyder som følgjer:
- Trenarane undervurderer identiteten til spelarane som fotballspelarar – og i størst grad jentenes.
- Gutane har fleire organiserte treningar i veka enn jentene, sjølv om det ikkje er nokon forskjell på kor mange treningar jenter og gutar ønskjer seg.
- Både foreldre og trenarar ønskjer høgare tal på treningar for gutar enn jenter.
- Jentetrenarane trur at den viktigaste motivasjonen til jentene er det sosiale, og at den viktigaste motivasjonen til gutane er å ha det gøy. Undersøkinga viser likevel at det ikkje er nokon forskjell mellom kva jenter og gutar blir motiverte av.
- Det er ein tendens til at foreldre undervurderer interessene til jentene for fotball og overvurderer det sosiale.
- 30 prosent av spelarane svarer at gutane har betre tilgang til treningsleirar, 26 prosent av spelarane i utvalet meiner gutane har betre tilgang til utstyr og 25 prosent svarer at gutane har betre tilgang til cupar.
BLIR STØTTA AV FERSKE TAL: Stolsmos bekymringar blir støtta av ei heilt ny undersøking. Her er ho med døtrene på treningsfeltet.
Foto: Berit Roald / NTBLeikar «Bjørnen søv»
Denne veka blir evalueringa ferdigstilt etter Noregs mislykka VM-innsats i sommar. Hege Riises utvalde klarte ikkje målsetjinga om å vinne gruppa si, og rauk seinare ut i åttedelsfinalen mot Japan.
Resultata er ein del av ein negativ trend ein har sett hos kvinnelandslaget sidan OL-gullet i 2000.
Årsaka til det kan kanskje henge saman med forskjellane i barne- og ungdomsfotballen. Stolsmo peikar på eit kultur- og haldningsproblem.
– Dei leikar «Bjørnen søv», seier Gerd Stolsmo om treningsmodellen som møter unge fotballjenter.
På herresida har spelarar som Martin Ødegaard og Erling Braut Haaland vorte internasjonale superstjerner dei siste åra, og det gror godt bak dei.
På kvinnesida kan det bli annleis, meiner Stolsmo.
– Eg er veldig bekymra for dei nye Ada-eine som skal komme opp, seier ho og forklarer:
– Grunnen er at jentene blir eit dårleg resultat av breidde og grasrot. På jentesida blir det køyrt breidde i rik monn. Det er vel og bra for å samle mange jenter, men derfrå og opp stoppar det, meiner ho.
– Er det snakk om ein tapt generasjon?
– Det skal eg ikkje seie, men det kan nesten likne på det. Vi ser ikkje den store etterveksten. Vi har ingen store profilar som står og bankar på døra, seier ho.
TETT PÅ: Gerd Stolsmo gratulerer dotter Ada Hegerberg med pris under Idrettsgallaen i 2017.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTBKlaveness lovar betring
Fotballpresident Lise Klaveness er med på kva Stolsmo meiner.
– Eg er absolutt samd i at vi framleis har ein veg å gå når det gjeld kultur og haldningar, seier Klaveness.
Ho er glad for at Stolsmo er brennande engasjert for jente- og kvinnefotball.
ENGASJERT: Klaveness er glad for Stolsmos engasjement.
Foto: Per Sveinung Larsen / NRK– Erfaringa mi etter mange år med norsk toppfotball er nettopp at hovudbiletet er det motsette: Dei aller, aller fleste som jobbar profesjonelt med spelarutvikling og toppfotball jobbar med gute- og herresida. Dei som skal jobbe med både jente- og gutesida har referansane sine frå gutesida. Slagsida blir deretter, seier Klaveness.
Stolsmo presiserer at ho ikkje forventar at Klaveness åleine kan få til dei nødvendige endringane.
– Lise er tøff, men ho klarer ikkje alt åleine. Det er ein kultur som sit i veggene som må endrast. Det er ikkje alt som er avhengig av økonomi. Eg føler at historia som kjem, uansett kva avgjerd som skal takast på jentenes vegner, så er det dei som blir taparen, seier Stolsmo.
Fotballpresidenten lovar betring i åra som kjem.
– Vi skal komme oss skikkeleg på offensiven med jente- og kvinnesida framover. Vi kan ikkje halde fram med å forsvare VM- og OL-gull frå 20 år tilbake då verda så annleis ut, seier Klaveness.