Hopp til innhold

Heimeverande Svindal om pappalivet : – Bra vi ikkje har det heilt slik nå

I eit eksklusivt intervju opnar Aksel Lund Svindal opp om pappalivet mens kjærasten Amalie Iuel har fokusert på trening og reist verda rundt i jakta på OL-comeback.

aksel-amalie-02-270524

HEIMEVERANDE: Aksel Lund Svindal fortel om vanskelege situasjonar da han var åleine heime med nyfødd unge og skulle kombinere det med jobb.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

– Jo mindre han kunne vere med Amalie på trening, jo meir var han saman med meg. Og det betyr jo at jo meir måtte eg også vere heime.

Det fortel Aksel Lund Svindal.

Saman med kjærasten Amalie Iuel møter han NRK i forkant av Bislett Games.

Der skal Amalie Iuel halde fram med det knallharde køyret med konkurransar, i håp om å til slutt greie å kvalifisere seg til 400 meter hekk i OL.

Og la det ikkje vere nokon som helst tvil, det har vore eit hardkøyr i familien Svindal-Iuel sidan dei fekk sonen Storm 1. september i fjor etter ein dramatisk fødsel.

– Det var litt kaotisk, seier Aksel Lund Svindal om tida da Iuel starta treninga og gradvis gjekk frå å vere «berre» mamma, til å tenkje på toppidrett igjen.

Iuel og Svindal fortel at dette skjedde allereie på seinhausten, halvanna til to månader etter fødselen.

Amalie Iuel og Aksel Lund Svindal er forlovet

FORLOVA: Ein månads tid etter fødselen gjekk Svindal ned på kne og spurte Iuel om dei skulle gifte seg.

Foto: Amalie Iuel / Instagram

– Eg merka det på den måten at eg plutseleg var veldig mykje heimeverande, fordi ho ikkje var det, seier Svindal.

– Da hadde eg plutseleg veldig mykje heimekontor og videosamtalar med baby på fanget.

Og nettopp det å kombinere det å ha ansvaret for ein to-tre månader gamal baby i tillegg til å arbeide, var ikkje enkelt.

– Du får ikkje nokon god kjensle heller, viss du blir sittande på ein videosamtale og du har ein baby ved sidan av som eigentleg har lyst på meir merksemd. Du har ikkje så lyst til å ha så mange av dei gjennom dagen, seier Svindal.

aksel-amalie-07-270524

UTFORDRANDE: Iuel og Svindal fortel om balansegangen mellom småbarnsliv, arbeid og toppidrettssatsinga til Iuel.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Funkar ikkje i lengda

Amalie Iuel har heilt sidan i fjor haust vore tydeleg på at ho ville raskt tilbake på løpebanen og konkurrere. Det store målet for 2024 er OL i Paris i månadsskifte juli/august.

Kjem Amalie Iuel seg til OL på 400 meter hekk?

Ja, det får ho til. 70%

Ja, ho greier det på rankingpoeng. 17%

Nei, ho har ikkje ein sjanse. 14%

Avstemningen er lukket. 9587 stemmer totalt

Med ein nyfødd baby i hus, så kan nok mange tenkje seg kor travelt og utfordrande den logistikken kan vere. Svindal, som sjølv har vore toppidrettsutøvar, har difor måtte brukt enda meir tid heime enn han tenkte.

Etter at Aksel Lund Svindal la opp som alpinisten tilbake i 2019, så har han hatt fleire jern i elden. Fyrst var han deltakar i Mesternes Mester, før han tok over som programleiar. Han driv investeringsselskapet sitt, og er også engasjert i fleire prosjekt i NRK-samanheng.

Dei to fortel at i starten av treninga til Iuel, så kunne vesle Storm vere med. Enten om det var på trilletur eller berre ein lett springetur på treningsmølla. Men utover vinteren så gjekk treninga over frå å vere det dei kallar «tilvenning» til å vere toppidrett.

– Da er det ikkje så bra å ha med eit barn heile tida. For da er det nokre tidspunkt ein må halde seg til da, med tanke på kor lange pausane skal vere og slik, seier Svindal og held fram:

Les også Iuel misset igjen – røper OL-plan

Friidrett, EM i München

– Særleg i november, desember og januar var eg mykje heime. Da hadde eg plutseleg veldig mykje heimekontor og videosamtalar med baby på fanget, seier han.

– Og litt «babygråt» i bakgrunnen, skyt Amalie Iuel inn, før Svindal held fram:

– Nokre gonger var det ting som gjorde at eg ikkje hadde så lett for å vere heime da. Akkurat den logistikken vi hadde til tider der med å levere på Bislett for å køyre på eit møte der, plukke opp i Valhall etterpå...

Svindal tek ei pause mens han tenkjer seg litt om. Så held han fram:

– Det er bra vi ikkje har det heilt slik nå. Nå er det litt meir tydelege rutinar. For den der dag til dag-saka vi køyrde i november/desember kunne vi ikkje køyrd i lengda.

– Vi vart gode på å finne ein plan, supplerer Iuel.

Les også Vart overraska på fødestova: – Eg vart ganske lei meg

Aksel Lund Svindal Amalie Iuel

– Står der og hulkar

At Amalie Iuel skal til OL er det ingen tvil om. For ho er allereie kvalifisert saman med stafettlaget på 4 x 400 meter. Men ho har framleis til gode å kvalifisere seg til si individuelle hovuddistanse: 400 meter hekk.

På torsdag får ho nok ei moglegheit under Bislett Games.

– Er du i så god form at OL-kravet på 54,85 er innan rekkjevidde?

– Det står att å sjå. Alt skal jo klaffe, da. Eg tenkjer at eg må gå for det, seier Amalie Iuel.

Denne våren har ho hatt eit skikkeleg hardkøyr med trening og reiser for å få inn flest mogleg konkurransar. For det er mogleg å kome seg til OL sjølv om ein ikkje greier tidskravet på 54,85. Da må ho springe nok konkurransar med tider på 55-talet, slik at ho kan kome til OL på rankingpoeng.

Difor har reisene vore mange den siste månaden:

  • 20. april reiste Amalie Iuel til Nairobi i Kenya for si fyrste konkurranse. Der sprang ho på 54,89 sekund.
  • I starten av mai gjekk turen over Atlanterhavet til Bahamas for å kvalifisere seg til 4 x 400 meter stafett.
  • 18. mai sprang Iuel nordisk meisterskap i Malmø. Der sprang ho på 55,78 sekund.
  • 24. mai deltok Iuel i eit stemne i Slovakia. Der sprang ho på 55,47 sekund.

Les også Amalie Iuel rystet seg selv i comebacket: – Sjukt å se hva kvinnekroppen er kapabel til

– Korleis er det å vere borte frå barnet?

– Den fyrste gongen – det var det tøffaste. Da var eg borte ganske lenge også, da vi drog til Bahamas. Det var skikkeleg kjipt å reise. For han veit jo ikkje kva som skjer når eg står der og hulkar. Men eg trur det var verre forverre som mor enn for han, for eg visste jo at han var i gode hender heime hjå faren sin, seier Iuel og held fram:

– Samtidig så er det jo tøft. Sjølv om det blir litt lettare å reise for kvar gong, så er det utruleg godt å kome heim att og veldig hyggeleg å kunne vere heime mest mogleg da. Eg kjenner at eg har mykje meir lyst til å hoppe på eit seinare fly viss eg kan.

Bislett Games ser du i NRK TV torsdag kveld klokka 19:55.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal