Hopp til innhold

Vart overraska på fødestova: – Eg vart ganske lei meg

Då Amalie Iuel skulle føde sitt og Aksel Lund Svindals første barn, vart det meir dramatisk enn ho hadde sett for seg.

Aksel Lund Svindal Amalie Iuel

NYBAKTE FORELDRE: Aksel Lund Svindal og Amalie Iuel før vesle Storm kom til verda. Fødselen gjekk ikkje heilt som planlagt for mor.

Foto: Geir Olsen / NTB

Fødselen vart litt meir komplisert enn først anteken, fortel Amalie Iuel til NRK under ein trilletur med hennar og Aksel Lund Svindals nyfødde son, Storm.

1. september kom parets første barn til verda, men fødselen gjekk ikkje heilt som Iuel hadde førestilt seg.

Det vart hastekeisarsnitt etter ganske mange timar på fødestova.

Kva tenkte du då dei sa det vart keisarsnitt?

Eg vart ganske lei meg, for eg hadde håpa eg skulle få gjere det på gamlemåten eller den vanlege måten. Men vi måtte ta nødutgangen. Eg var lei meg akkurat akkurat då dei sa det, men eg skjønte veldig fort at for at han skulle ha det bra og komme ut frisk så måtte han ut den vegen, fortel friidrettsstjerna.

Amalie Iuel med barnevogn

TRILLETUR: NRK vart med Amalie Iuel på tur saman med sonen Storm.

Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRK

Iuel fortel at ho kjende seg godt vareteken på sjukehuset under heile fødsel og sender ein takk til det norske helsevesenet.

Masar på Alnes

29-åringen var førebudd på ein krevjande veg tilbake til friidrettsbanen etter fødselen, men med keisarsnitt vart vegen endå lengre enn først tenkt.

Ho har fått beskjed av legane at ho kan byrje å gjere litt småting, og håpar å snøre på skoa for ein lett joggetur neste veke.

Eg kjenner meg lett i beina og klar for å komme tilbake rett og slett. Det kriblar. Eg gler meg. Eg føler at eg har visna bort litt dei siste vekene her no, seier Iuel.

Jpoj3UmdN5U

TRENAR: Leif Olav Alnes følgjer Iuel tett opp.

Foto: NTB

Ho trur derimot at trenar Leif Olav Alnes er bekymra for at ho skal ta i for mykje, for tidleg.

Eg prøver å mase litt på Leif Olav. «La meg gjere litt meir». Kanskje tøye grensa litt heile tida. Han er jo flink på å halde meg igjen sånn at eg ikkje gjer noko dumt.

Eg byrjar å bli ekstremt rastlaus, legg hekkeløparen til.

– Hårete mål

Iuel er vand til eit knallhardt treningsliv, med store meisterskap som målsetjing. Ei gulrot i det fjerne når kvar dag blir fylt med lange økter saman med Karsten Warholm og co. i Valhall.

Neste år står både EM i juni og OL i juli og august på programmet. Allereie byrjar det å haste med tanke på leikane i Paris kommande sommar.

Men dit vil Iuel.

Eg veit jo at det er eit hårete mål, men eg likar jo ei god utfordring då. Det er vanskeleg å seie om eg er litt for optimistisk eller kva.

Amalie Iuel

STRÅLAR: Iuel nyt det nye tilværet som mor.

Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRK

Det kan vere eg er det, men om ikkje OL skulle gå så er det mange andre meisterskap som kjem på rekkje og rad i åra etter òg. Det er ikkje sånn at viss eg ikkje kjem til OL så er det ein stor fiasko. Eg tenkjer jo å halde fram uansett, fortel ho.

Fire år seinare, i 2028, er det Los Angeles - staden der ho studerte - som er OL-vert.

Det hadde vore skikkeleg gøy å komme seg dit. Som eit fint, kanskje punktum for karrieren, smiler ho.

Les også «Hårete mål» etter fødselen: – Høyrer ikkje mykje om dei det ikkje går bra med

Amalie Iuel

Forlova seg

No handlar det meste om å gi Storm ein fin start på livet. Men etter tre år i forhold med Lund Svindal, har høgdepunkta komme på rekkje og rad den siste tida.

Amalie Iuel og Aksel Lund Svindal er forlovet

FORLOVA: Iuel og Lund Svindal har førebels ikkje sett bryllaupsdatoen.

Foto: Amalie Iuel / Instagram

Førre veke sleppte paret nyheita om at dei er forlova.

Det var ein fin augneblink i naturen. Oss to, ungen og bikkja. Det kunne ikkje vorte betre enn det.

Når står bryllaupet?

Det har vi ikkje snakka om. Vi er litt dårlege på å planleggje, så det kan ta si tid. Men no er vi i alle fall i gang.

Spilles av
Nusa med drømmescoring - bilder fra TV 2 Direkte
Neste

Siste nytt

  • Uheldig Diggins pådro seg brudd: – Jeg sparket borti sofaen

    Den amerikanske langrennsstjernen har pådratt seg et brudd i lilletåa. Nyheten deler hun selv på Instagram.

    – Jeg sparket borti et sofahjørne og så brakk den, forteller Diggins.

    34-åringen virker å vært ved godt mot tross skaden, og hun virker ikke nevneverdig bekymret med tanke på den kommende sesongen.

    – Jeg har aldri brukket en tå før, men det er ikke en svær greie. Det er bare en hump i veien og en interessant historie på veien til OL, fortsatte Diggins.

    Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
  • Ny Rosenborg-nedtur – mistet seieren på overtid

    Rosenborg har slitt den siste tiden, men borte mot Bryne så de lenge ut til å få med seg en svært etterlengtet opptur.

    Slovakiske David Duris sendte bortelaget i ledelsen etter halvtimen spilt, men etter hvilen var landsmann Tomas Nemcik uheldig da han satte ballen i eget mål.

    Fem minutter før slutt dukket Rosenborgs høyrekant opp igjen. Duris hamret inn ledermålet, men gleden ble kortvarig.

    På overtid smalt det i andre enden. Duarte Moreira sørget for at det endte 2-2 på Jæren.

    Rosenborg har nå gått fire eliteseriekamper på rad uten å vinne. Den forrige seieren i serien kom mot Haugesund tilbake i september.

    Det har gjort at Rosenborg har havnet i ingenmannsland på tabellen. De ligger på en 5.-plass, men har nå sju poeng opp til Tromsø på plassen over.

    For Bryne kan poenget vise seg å bli gull verdt. De er fortsatt i nedrykksstriden.

    Etter 25 kamper ligger Bryne på 14.-plass, fire poeng foran Strømsgodset som ligger på direkte nedrykk.

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Gråtkvalt Rune brøt semifinale: – Tror jeg har røket akillessenen

    Det blir ikke noe finalemøte mellom Casper Ruud og Holger Rune i ATP-turneringen i Stockholm. Den toppseedede dansken måtte bryte sin semifinale med en skade.

    – Jeg tror jeg har røket akillessenen min, sa Rune til en behandler som kom på banen for å undersøke ham, ifølge nyhetsbyrået Ritzau.

    Den danske tennisstjernen kunne ikke tråkke på høyrefoten og måtte støttes inn i garderoben. Rune var i tårer og hadde tydelige smerter.

    Han hadde vunnet første sett i semifinalen mot franske Ugo Humbert, men måtte gi seg på stillingen 2–2 i sett nummer to.

    Humbert er dermed klar for finale.

    (©NTB)

    et par mennesker står i nærheten av hverandre og holder tennisracketer
    Foto: ANDERS WIKLUND / AFP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal