I dag tidleg norsk tid kom meldinga om at bokselegenden Muhammad Ali har gått bort, 74 år gammal.
Han vert regna som den største boksaren gjennom alle tider, og berre ein nordmann har gått i ringen mot Ali – 67-åringen Harald Skog.
– Eg klarte vel å få inn fem slag på dei tre rundane vi gjekk, seier Skog til NRK.
Året var 1979 og Muhammad Ali hadde tatt turen til Norden for å bokse oppvisningskampar. I Oslo møtte han norske Harald Skog, som representerte Norge under sommar-OL i 1972.
- Les også:
- Les også:
Møttest i Vegas
Skog vart kjende med Ali på 1970-talet og tok imot meldinga om hans bortgang med sorg.
– Det var utruleg triste nyheiter. Eg vil sende mi medkjensle til hans familie og vener, seier Skog.
På 1970-talet var Skog i Las Vegas fleire gonger, og det var der han vart kjende med bokselegenden.
– Vi vanka på det same hotellet og han hadde middag med oss nokre gonger, fortel Skog.
Kampen mot Skog kom i stand då Ali var på rundreise i Norden.
– Kunne du slått han?
– I boksing? Nei, men kanskje i poker. Der hadde eg hatt ein sjanse, seier Skog med eit smil.
Frå slutten av 1970-talet og gjennom 1980-talet treftest Skog og Ali regelmessig. Han minnes Ali som ein intelligent person, som viste mot og sto for dei meiningane han hadde.
– Mitt beste minne er frå kampen vi hadde, då han klappa meg på rumpa. Etter kampen sa han til meg at han måtte gjera det for å visa at han var best, seier Skog.
- Les også: