Hopp til innhold

Fryktar for vintersesongen etter desse bileta: – Dette er uvanleg

Høge temperaturar og mangel på snø har allereie ført til fleire avlyste renn i alpint og kombinert, medan langrennsløp står i fare. Men det ser ut til å bli endå verre.

Avlysninger-vær

VARMT: Europa blir prega av varm luft frå Afrika. Det påverkar fleire vintergreiner, mellom anna langrenn og Johannes Høsflot Klæbo. Bildet til venstre viser at februar også blir varm.

Foto: Skjermdump, ECMWF/NTB

– Eg blir ekte trist og skikkeleg lei meg når eg ser korleis det har vore i år, seier skiskyttar Ingrid Landmark Tandrevold til NRK.

For 2023 har vist oss VM-byar med snømengd på null, alpinbakkar med små snøflekker, og stadig fleire avlyste renn som truleg berre er starten.

– Det har vore ekstremt høge temperaturar, så dette er uvanleg. Men dette er noko vi vil sjå oftare i framtida, seier meteorolog Kristian Gislefoss.

– Det er raude varslar i februar og. Vekeprognosane halvannan månad fram antydar mildt vêr i heile perioden, konstaterer klimaforskar Jostein Mamen.

Værbilde

LITE SNØ: Det er nesten berre Noreg, Sverige, Finland og Russland som kan vise til minusgrader og gode snøforhold. Biletet gjeld for fredag 13. januar.

Foto: Skjermdump / Meteorologisk Institutt

– Idretten vår smeltar bort

Snøkrisa har for alvor starta å setje sine spor denne vintersesongen. I kombinert er rennet til helga i tyske Klingenthal og rennet helga etter i franske Chaux-Neuve avlyst. Same skjebne lid utfor og storslalåmen i Garmisch-Partenkirchen siste helga i januar.

Grunnen var dårlege snøforhold og sommarvêr i store delar av Europa.

For starten på 2023 har vore uvanleg mild i spesielt Mellom-Europa. Gislefoss forklarer det med at det har komme veldig varm vind frå sør, altså Afrika, opp til Europa, som har gjort at vi har fått ein usedvanleg mild januar.

Kristian Gislefoss

BEKYMRA: Meteorolog Kristian Gislefoss etter å ha sett dei uvanleg milde temperaturane i Europa.

Foto: NRK

– Pleier det å vere sånn på denne tida?

– På ingen måte. Vanlegvis er det ikkje så mildt, seier Gislefoss.

I Warszawa feira ein nyttår i nærare 20 grader. Liknande tilstandar var det i Tsjekkia. Spania har hatt temperaturar som er vanleg i juli.

Tyske Oberhof, som skal ha skiskyttar-VM i februar, kan rapportere om opp mot ti grader, regn og 0 cm snø.

Ingrid Landmark Tandrevold

SYND: Seier ei oppgitt Ingrid Landmark Tandrevold.

Foto: CHRISTOF STACHE / AFP

– Vi skulle ønske det var heilt annleis. Det er veldig kjedeleg, seier skiskyttar Marte Olsbu Røiseland.

– Vi har ikkje gått eitt renn på natursnø i år. Det er jo synd og sjå at idretten vår og verda smeltar bort, seier Tandrevold

– Framtida ser ikkje lys ut for skisporten

Langrennssporten lid også av varme temperaturar. Verdscupløpet i franske Les Rousses står i stor fare til å bli flytta til Sveits eller Italia.

– Viss det blir mindre med snø rundt omkring i Mellom-Europa så gjer jo det noko med utbreiinga av ski på sikt. Sporten kan bli meir eksklusiv, og det ville vore synd, seier NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn.

Torgeir Bjørn på verdenscuprenn i Kuusamo.

LANGRENNSEKSPERT: Torgeir Bjørn.

Foto: NRK

Og det er berre å byrje og venne seg til varme vinterdagar i Europa.

– Det vi ser er jo at den typen vintrar vi har no både i Europa og for så vidt her i Noreg er ein type vinter vi vil få meir av i framtida, altså veldig ustabile vintrar, med temperaturar på plussida som gjer at nedbøren kjem som regn i staden for snø, seier Gislefoss.

– Og det gjeld ganske høgt opp altså, det vil då seie opp mot 1000 meter i alpane. Framtida ser ikkje lys ut for skisporten vil eg seie. Dei har heilt klart ei utfordring, seier Gislefoss.

VÆR prognose

GODT OVER NORMALEN: Grad av raud farge viser mildvêret og kor mykje ho er over normalen. Her kan ein sjå at store delar av Europa ser ut til å liggje på 2–3 gradar over det som er vanleg i februar.

Foto: Skjermdump, ECMWF

Meteorolog Per Egil Haga kan rapportere at det ikkje blir noko nemneverdig betre i februar.

– Det gjennomgåande trekket er at det mest sannsynleg blir ein mild periode med temperaturar over normalen. Størst avvik frå temperaturnormalen blir det truleg i februar med 2–3 gradar over normalen. Det er mykje, seier meteorologen.

Les også: «Skrekkbilder» forbløffer utøvere: – Ekstreme tilstander

FIS Alpine Ski World Cup - Men's Giant Slalom
FIS Alpine Ski World Cup - Men's Giant Slalom

Rulleski i verdscupen

Alpinist Aleksander Aamodt Kilde, som har fått fleire renn avlyst i år, meiner FIS bør starte sesongen seinare og køyre fleire renn på stader som har gode forhold.

– Men det er vanskeleg når det er mykje pengar på spel, og FIS er også i ein vanskeleg posisjon, for vêret får ein ikkje gjort så mykje med, seier Kilde til NRK.

Italy Alpine Skiing World Cup

FORESLÅR ENDRING: Alpinist Aleksander Aamodt Kilde.

Foto: Alessandro Trovati / AP

Langrennsekspertane Bjørn og Fredrik Aukland meiner også ein bør sjå på høvet til å endre på kalenderen. Dei meiner i tillegg at høgdegrensa for å ha konkurransar i, som no ligg på 1800 meter, bør hevast.

– Ved å heve han til 2000 meter får du fleire arrangørstader i spel. Då vil du få ein del snøsikre stader i alpane i Italia, Sveits og Frankrike, som er meir snøsikre, seier NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland

I både langrenn og skiskyting har også rulleski vorte foreslått som eit alternativ som kan inkluderast i verdscupsesongen.

– Det er sikkert mange som reagerer over det og då eg var aktiv som sjølv ville eg absolutt ikkje synest at det var noko bra forslag, men det er viktig at vi tilpassar eventuell utvikling i klimaet framover. Viss ein tillèt å ha nokre verdscuprenn på rulleski er det plutseleg ein haug av moglegheiter over heile verda til å ha verdscup i langrenn, seier Bjørn.

Tour de ski 2022/23

SPENNANDE FORSLAG: Meiner Petter Northug.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Skiskyttar Johannes Thingnes Bø kalla rulleski-forslaget det dummaste han hadde høyrt, medan Petter Northug er meir positiv.

– Det er jo ein spennande idé. Det er ein spennande tanke som også kan vere med på å halde oppe populariteten, seier Northug til NRK.

Den tidlegare skiskyttarstjerna Martin Fourcade arrangerer sjølv rulleskirenn på sommaren, men er litt skeptisk til å ta det i bruk litt meir akkurat no.

– Eg meiner det er for tidleg å snakke om å inkludere rulleskiskyting i verdscupen. Men eg er sikker på at vi må vurdere det i dei neste åra, seier Fourcade til NRK.

Siste nytt

  • Mitrovic og Silva kan bli straffet hardt etter bråk

    Englands fotballforbund har opprettet disiplinærsaker mot Fulham-manager Marco Silva og spissen Aleksandar Mitrovic etter FA-cuptapet for Manchester United.

    Da stoppet Willian et skudd fra Jadon Sanchos med hånden. Etter en videosjekk ble det dømt straffe til United og rødt kort til Fulhams brasilianer. Utvist ble også manager Marco Silva og målscorer Mitrovic for å ha protest illsint mot avgjørelsen.

    Mandag skriver det engelske fotballforbundet at Silva må svare for anklager om at han brukte uakseptable og krenkende ord mot både dommeren og fjerdedommeren i forbindelse med bråket.

    Fulham-sjefen anklages også for å ha kastet en vannflaske mot fjerdedommeren.

    Videre skriver forbundet at straffen Mitrovic normalt vil få for å ha pådratt seg rødt kort «åpenbart ikke er tilstrekkelig» i dette tilfellet. Dermed kan det bli en ekstra lang utelukkelse for serberen.

    Mitrovic skal også ha brukt krenkende ord etter utvisningen. (NTB)

    Britain Soccer FA Cup
    Foto: Jon Super / AP
  • Stavanger Oilers festet grepet om finalebilletten

    Stavanger Oilers scoret to tidlige mål og beseiret Sparta med 3-0 i den andre NM-semifinalen i ishockey lagene imellom mandag.

    Dermed har Oilers for alvor festet grepet om kampserien som spilles best av sju.

    Gjestene fra Stavanger kom klart best i gang mandag og tok ledelsen etter snaut åtte minutters spill ved Dan Kissel. Etter drøyt halvspilt periode doblet Nick Dineen ledelsen.

    Drøyt ti minutter gjensto da Anders Tangen Henriksen prikket pucken opp i krysset og punkterte oppgjøret.

    Neste kamp mellom Stavanger Oilers og Sparta spilles onsdag i Stavanger. (NRK/NTB)

    Hockey 1 semifinale: Stavanger Oilers - Sparta
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Norsk braktap i curling-VM etter japansk snuoperasjon

    Det norske kvinnelaget i curling røk 10-3 for Japan under under verdensmesterskapet i Sverige mandag kveld.

    Kampen var Norges femte i det innledende spillet i VM. Så langt står det norske laget, anført av skip Marianne Rørvik, med tre seirer og to tap.

    Mot Japan festet det norske laget et grep med tre poeng i fjerde omgang. Da sto det 3-1. Deretter var det imidlertid japansk dominans. Ett poeng i hver av de påfølgende omgangene ble etterfulgt av tre japanske poeng i omgang nummer sju.

    Dermed var 1-3 snudd til 6-3-ledelse. Den kalddusjen klarte aldri de norske kvinnene å reise seg etter. I stedet ble det nye fire japanske poeng i de to neste omgangenem og kampen ble tapt 3-10. (NTB)

    Curling-VM for kvinner
    Foto: Jonas Ekströmer/TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Femmilas historie: Brekker seg av gammelt smøretriks 02:59
Neste