Skiføret vårt er i ferd med å smelte bort.
Kampen mot varmegradane blir stadig tøffare.
Eit blikk inn i framtida gjev likevel håp.
Kampen om skiføret
Kampen om skiføret
– Eg trur eigentleg ikkje at det kjem til å gå, seier Per Arne Vole.
Sommarskisenteret hans er næraste nabo til Noregs høgste fjelltopp, Galdhøpiggen. Det er når vinteren har sloppe tak i låglandet at sesongen her oppe startar. Problemet er berre at breen er i ferd med å renne bort under føtene hans.
Han ser at han minkar nesten kvart einaste år.
Og viss breen blir borte er det umogleg å drive skianlegg her om sommaren. Til det er det for mykje stein under breen.
Sjølv tok Vole over drifta etter sin far. No tvilar han på om barna hans kan drive livsverket vidare.
Men Per Arne nektar å gje seg, og no får han hjelp av forskarar frå NTNU i kampen mot naturkreftene. Radarmålingar skal gje nøyaktige svar på kor mykje breen smeltar. Spørsmålet dei stiller seg verkar likevel utmattande.
Korleis kan dei få ein isbre til å stoppe å smelte?
Vintrane våre har vorte både våtare og varmare. Denne utviklinga vil berre halde fram. Og når forandringane allereie er så tydelege på Noregs tak, korleis blir da skisesongane der dei fleste av oss brukar skia våre?
NRK gav Meteorologisk institutt ei oppgåve: Rekn ut kor mange skidagar vi får i framtida.
Berekningane vart gjort for midten og slutten av dette hundreåret, rundt ei rekkje byar og i mange populære hytteområde. Det er da dagens ungar blir vaksne og når forventa levealder.
Sjølv om skisesongane kjem til å krympe, gjev utrekningane også eit håp for skientusiastane.
– Eg tykkjer at det er vemodig at det forandrar seg slikt.
Orda høyrer til ein travar i skisporet. 77 år gamle Norvald Hilleren fortel at han «alltid» har gått på ski.
På Skullerud skistadion i Oslo er våren godt i gang med å svelge skiløypene, og brunt gras er i ferd med å ta over.
Likevel har det vorte 25 kilometer i ei rundløype denne marsdagen. Kunstsnø vart redninga for skituren.
– Skitur i marka er jo mykje betre. Det kan jo eigentleg ikkje samanliknast, seier Norvald Hilleren
På Skullerud denne marsdagen er det lite som minner om vintrane 77-åringen vaks opp med.
Det er lett å skjøne kva han meiner.
La oss skru tida attende til 1960-talet.
År 1961 til 1970.
Nesten heile Noreg kunne oppleve ei kvit jul med godt skiføre og 30 cm snø eller meir.
År 2011-2020
Her ser vi at nesten heile den norske kysten har mista den kvite jula. Låglandet i Innlandet og Viken har mykje lågare snødjupne enn 50 år tidlegare.
På Bjørnholt i Nordmarka har Meteorologisk institutt målt snødjupner sidan 1898. Frå slutten av 1980-talet skjedde det noko.
Mengd snødagar starta å variere langt meir og la seg på eit lågare nivå enn før.
I same periode har også vintertemperaturen i Noreg vore jamt over normalen for 1900-talet. Eit anna fenomen har også meldt seg dei siste 20 åra.
– Det har vorte våtare vintrar, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.
Dette har ført til at Norvald med dei oransje brillene har mista over ein månad med skidagar sidan han var ung. Likevel opplever mange framleis draumedagar i marka.
Men kjem dagens barn til å stå på bar bakke i framtida?
På Oslos vestkant er det langrennsfest i slutten av mars, da barneskirennet «MartinCrossen» går av stabelen.
Blant dei fleire hundre langrennsløparane finn vi også åtte år gamle Herman.
Han og familien er ivrige og drar stort sett på ski kvar einaste helg mellom desember og mars.
– Fint for ungane, seier mor Kjerstin Fiveland Sandnes om sløyfene med kunstsnø på Voksenjordet på Røa.
Men dei vil helst ut i marka for å gå skiturar i skogen. Spørsmålet er om det blir mogleg når sjuåringen hennar blir vaksen.
Svara frå Meteorologisk institutt gjev eit blikk inn i framtida.
Når Herman blir 40 år har han truleg mista 30 skidagar eit godt stykke inn i Oslo-marka. Framleis kan han få oppleve skiføre nær heime mellom nyttår og mars, men han må belage seg på å reise lengre.
Stader som Lygna i Innlandet eller nordlege delar av Nordmarka vil framleis kunne ha bra skiføre ganske ofte.
Men det betyr godt over ein time i bil nordover i landet.
Det blir oftare dårlege skivintrar og enkelte år kan snøen bli nesten borte i Oslo-området. Men han kan også få oppleve snørike vintrar i framtida.
– Det blir ikkje like bra i framtida. Folk må belage seg på å reise lenger. Men det er ingen grunn til å kaste skia. Ein kan framleis ha bruk for dei, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.
Gislefoss påpeikar at Oslo-området blir eit av dei områda som vil oppleve størst forandringar framover.
Temperaturen ventast å auke mest om vinteren og hovudstadens vintrar ligg kring null grader allereie. Det same gjeld mange stader nær kysten og i lågareliggjande område.
– På desse stadene går det mot snøfritt, men med nokre variasjonar. Men etter kvart vil dette også trekkje seg nordover, seier Gislefoss.
Men det er ikkje berre å flytte nordover heller. For til og med i Bardufoss i Troms så kan om lag halvparten av dei 150 skidagane med minst 30 centimeter snø på bakken bli borte innan midten av dette hundreåret.
Og berre sjå kva Meteorologisk institutt meiner kan skje med dagane med godt skiføre i heile Noreg framover.
1971 til 2000
Dei kvitaste områda på kartet viser at store deler av Noreg hadde veldig mange dagar med skiføre i denne perioden.
2071 til 2100
Med ein temperaturauke på 2,7 grader innan år 2100, så kjem Noreg til å miste mange skidagar. Jo blåare farge på kartet, jo færre skidagar.
Her ser vi begge karta som søyler, og kor mange skidagar som kan bli borte i løpet av 100 år.
Om vi fokuserer på 210 skidagar eller meir, så ser vi at dei områda dekka over halvparten av Noreg. Mot slutten av hundreåret kan det ha blitt redusert til berre ein sjettedel.
Den største støyen kjem på seinvinteren.
Faktisk blir sesongen redusert dobbelt så mykje på slutten av sesongen som på starten av vintrane i dei fleste område.
Det kan bety at mars i framtida blir slik april er i dag. Altså at våren kjem mykje tidlegare og skiføret blir raskare borte.
Ei slik utvikling kan føre til at over ein million nordmenn allereie i 2050 kjem til å bu i område med mindre enn ein vintermånad.
Men mot toppen av Noreg i Jotunheimen er ikkje mengd dagar med snø noko problem. Utfordringa er å få han til å bli verande.
I juni i år kom forskarane frå NTNU til Vesl-Juvbrean og skisenteret til Per Arne Vole for fyrste gong. Med Noregs høgste fjelltoppar stikkande opp rundt seg tok dei nøyaktige mål av breen for å finne ut akkurat kor mykje han minkar i løpet av sommaren.
For ved å vite det, kan dei rekne ut akkurat kor mykje snø breen må tilførast for at han skal slutte å minke.
– Eg kunne jo kjøpt inn 100 snøkanonar, og så kunne eg fått denne breen til å vekse.
Men ei snøkanon åleine kostar over ein million kroner, og med skyhøge straumprisar og mål om å drive mest mogleg berekraftig, er det fullstendig urealistisk for Per Arne Vole å basere alt på kunstsnøproduksjon. Dei må finne på noko anna.
Og dei har ein idé.
Dei skal fange snøen, og dei skal lagre han gjennom sommaren.
Å fange snøen handlar om å få snøen som kjem om vinteren til å bli liggjande. Men det er ikkje støtt veldig enkelt. For i området har vindstyrkar heilt opp mot 223 kilometer i timen vorte målt.
– I Alpane set dei opp store nett, men dei ville berre blåse burt her, seier Per Arne Vole.
Han brøyter opp store kantar på heile breen, slik at snøen skal pakke seg i desse kantane. Dette startar han med i november når sommarskianlegget hans stengjer, og gjennom heile vinteren reiser han opp for å brøyte nye kantar når meir snø har kome.
Når våren kjem og det er tid for sesongopning att, er forholda for å køyre alpinski perfekte. Men så byrjar varmegradene å gripe kring isbreen.
– Eg er vel den einaste her i landet som går og håpar på ein iskald mai månad, seier Per Arne Vole med eit smil kring munnen.
Men korleis kan han hindre at alt han har fanga smeltar burt i løpet av sumaren?
Kan ein duk av fiber vere svaret?
Fleire dukar blir sydd saman for å dekke eit større område av breen.
Så dreg dei ut 80 kilo tunge sandsekkar, slik at vinden ikkje reiser med dukane.
Her har fire dukar blitt lagt ut. Totalt skal 32 dukar leggjast over breen for å hindre han i å smelte gjennom sommaren.
Mange tusen personar har allereie hytte i skiområda der løypekøyrar Johannes Haukåssveen heilt inntil nyleg har hatt rekordmange dagar i løypemaskina. For to og eit halvt år sidan varte sesongen på Sjusjøen, om lag 900 meter over havet, heilt til 1. juni.
– Eg har aldri opplevd makan, sa Johannes Haukåssveen til NRK den gongen.
Snømengdene på Sjusjøen viser ei anna utvikling enn lenger ned i landet. For på fjellet kan det bli meir snø.
– Det heng saman med at det blir meir nedbør, også om vinteren i Noreg, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.
Men for at ein skal vere sikker på å oppleve den auka nedbørsmengda som snø mot slutten av dette hundreåret, så må ein opp mot 850 meter over havet.
Under denne grensa blir det nok jamt over mindre snø.
Men det er ikkje berre høgdeforskjellane som vil telja i kampen om skituristane i framtida. Det blir også klare geografiske forskjellar. Og det er dei som har hatt minst som mistar mest.
På Sjusjøen har det vore 145 skidagar i gjennomsnitt fra år 1971 til år 2000.
Fordi klimaet blir varmare og våtare kan det minke til 115. Innan år 2060 mistar ein da ein heil månad med skidagar her.
I Tromsø kan antalet skidagar minke med 40 innan år 2060.
I hytteområdet Sinnes i Sirdal kan heile 50 dagar med skiføre bli borte. Altså halve sesongen.
Det er i Innlandet og gamle Buskerud fylke ein truleg får minst endring i snødjupna framover.
Vanskelegare blir det for eksempel i dei gamle fylka på Vestlandet, i Nordland og langs kysten i Troms og Finnmark.
Der kjem snøgrensa til å trekkje seg lenger opp.
Lokale forskjellar kan likevel gje store utslag. Fram mot år 2100 kan det populære hytteområdet Hovden i Agder fylke framleis ha meir enn fem månader med skidagar.
Det er meir enn Sjusjøen, sjølv om vintersportsstaden i Setesdalen sør for Hardangervidda ligg lågare. Samtidig kan løypene i Sirdal, berre to timar unna, vere nede i 50 skidagar allereie rundt år 2060. Mot slutten av hundreåret kan det same talet vere 30.
Dette gjer at ei snøfri påskefeiring kan bli ein knallhard realitet dersom hyttefeltet ligg for lågt.
Nærare byane kjempast allereie ein stadig hardare kamp. For tidlegare vår, meir nedbør og høgare temperaturar set no stadig større krav til skiløypene.
Men det finst dei som har dedikert livet sitt til å jobbe iherdig for å hjelpe unge skiløparar som Herman (8) til å få eit langt liv på ski.
For det blir laga skiføre på langt mindre snø enn 30 centimeter mange stader.
I Østmarka rett øst for Oslo har forholda vorte gradvis meir utfordrande. For løypemannskapa rundt Oslo er bygging av bruer, graving av grøfter og jamning av løyper vorte vel så viktige oppgåver, som det å sette skispor om vinteren.
– Det er nok det viktigaste vi gjer, seier løypebas i Østmarka Jon Kristian Jakobsen.
Difor spreiar han bark og flis ut i skogen i Østmarka denne septemberdagen.
Det hjelp han til å kunne utnytte sjølv minimale snømengder. I enkelte tilfelle, og med litt ekstrautstyr, kan han lage skiløyper med berre 7–10 centimeter snø på for eksempel ei golfbane eller ein skogsbilveg.
Sjølv om snømengdene er små forlenger dette skiløparanes sesong, utover forholda som definerast som skidag.
– Ute i skogen og i marka så kan vi byrje å pakke ned snøen når det har komme 10–15 centimeter snø, seier Jakobsen.
Løypebasen fortel om bruk av snøskuter og ei matte, som pakkar ned snøen ved dei fyrste snøfalla. Ved å komprimere snøen får ein meir frost ned i bakken og det blir bygd opp eit fast underlag før neste snøfall.
Men det hjelp ikkje med klargjorde skogsbilvegar, viss snøen likevel blir borte. Så korleis skal ein gje folk ei skikkeleg «markaoppleving» likevel?
Dette problemet vart vurdert i rapporten «jakta på skiføret». For sju år sidan skisserte Skiforeningen fleire løysingar for å sikre skiføret for folk i Oslo-området.
Ein må halde seg unna innsjøar og solhellingar der ein skal ha skiløype, og folk skal bussast til og frå snøsikre stader.
Men det finst også ei siste løysing. Kunstsnø i løypene som leiar opp til dei meir snørike delane av marka.
Men ei slik løysing har sin pris.
Viss naturen hadde fått regjere aleine ville skiløyper vore eit sjeldan syn på Voksenjordet i Oslo. To snøkanonar syrgjer likevel gode skiløyper.
Ein fire og ein halv månad lang skisesong har bidrege til 200 nye medlemmar for skigruppa i Røa IL sidan 2015. Det betyr ei auke på 50 prosent.
Skiløypa på Voksenjordet har gjeve nabolaget eit lågterskeltilbod for barn og unge som ynskjer å gå meir på ski, og tilbodet er gratis for alle.
– Vi har hatt dagar der vi slit med å kome til for å preparere løyper, fordi det er fullt med folk heile tida, seier eldsjel Andreas Waaltorp.
Og at det er fullt med folk elskar dei i Røa ILs skigruppe. For det er nettopp det dei håpa da dei starta prosjektet.
No føler dei at dei gjev ungane som veks opp i nabolaget moglegheita til å kjenne på skiglede heile vinteren, sjølv om ikkje snøfallet alltid er like stort.
Men suksessen kostar.
5 millionar kroner har Røa IL investert i anlegget på Voksenjordet for å tilby skiføre gjennom heile vinteren. Nå har dei løypemaskin, to snøkanonar og vassrøyr og straum i bakken til anlegget.
Det er kostnaden før eit einaste kunstig snøkorn har lagt seg i løypene.
Men når kuldegradane kjem så slår dei på straumbrytaren og startar snøkanonane. Når kanonane har stått på for fullt i om lag to veker, ligg totalt to kilometer med løyper på kryss og tvers på jordet.
For å lage skiløypa på Røa så går det med like mykje straum som 217 leilegheiter på 50 kvadratmeter bruker i same periode.
Kunstsnøproduksjon brukar også vatn. To veker med produksjon på Røa brukar like mykje som 8320 personar brukar i same periode.
Det tilsvarer 16 millionar liter
Vatnet kjøper dei av Oslo kommune for om lag 100.000 kroner.
– Eg meiner jo at det er eit kjempeviktig tiltak for helse og oppvekst å lage eit slikt anlegg i eit nabolag, seier styreleiar i Røa IL langrenn Rune Lorenzen om energibruken på Voksenjordet.
No kjem ein vinter med straumprisar som er varsla å halde seg enda høgare enn før. Tidlegare i år var magasina med vatn også låge.
– Vi bur jo i eit land der vi må kjempe litt mot naturen da, så da er dette eit ledd i det. Og vi må bruke energi og vatn for å lage snøen vår, seier Lorenzen i Røa IL.
Han påpeikar at ein slepp å køyre langt i bil for å gå på ski og fortel om 1000 besøkjande i løpet av ei helg.
– Ein tek jo i bruk eit område som ikkje blir brukt mykje om vinteren elles. Og snøen vi lagar smeltar og fordampar jo og kjem ned att som vatn i naturen, seier han.
Røas anlegg er eit lite anlegg, og er berre eitt av fleire kunstsnøanlegg i nærområdet. Holmenkollen, Sørkedalen og Fossum er tre andre anlegg der kunstsnøproduksjon er viktig.
Dei kjem til å vere heilt essensielle for å ha skiføre i Oslo-området i framtida.
Nesten 2000 meter høgare opp er dei i ferd med å få svar på spørsmålet dei har stilt seg.
Hausten har meldt seg ved foten av Galdhøpiggen og det er slutt på varmegradene.
Det er klart for å fjerne dukane.
Dukane er tunge og det trengs fleire personar og maskinkraft for å dra dei av.
Og slik såg det ut da dukane var borte. Området som har vore dekka av fiberduk er om lag to meter høgare enn resten av breen.
No er det lett å sjå kor mykje breen har smelta i løpet av sommaren. Snøen som har lege under den over 400 gonger 20 meter store duken, kjem godt med når haustens skiføre skal lagast klart her i starten av september.
For breen verkar ikkje særleg innbydande for skikøyring etter sommarens smelting. Før snøen dett ned frå himmelen på naturleg vis, må Per Arne Vole spreie utover den snøen han allereie har.
Breen har nemleg sprukket opp i løpet av sommaren.
Utan snøen dei hadde lagra under dukane, måtte dei venta lenger utover i september før ein kunne stått på ski her.
Men når somrane blir både varmare og lengre i framtida, må dei ha enda meir snø å spreie utover når det fyrst blir kuldegradar.
Og det er no vi er i essensen av korleis Per Arne Vole kan bevare skiføret på «Juvass».
For med radarmålingane dei allereie har gjort av breen, kan dei no få oversikt over akkurat kor mykjy breen veks og minkar til ein kvar tid.
Dei har sat ein gps-sendar i trakkemaskina som registrerer og sender inn data kvar gong dei køyrer over breen.
Med desse data kan dei legge planen for kor stort område dei må dekke med dukar og kor på breen dette bør vere, slik at det er effektivt å spreie det utover for å tette sprekkar.
Men vinteren kan også gje enda fleire svar. For når vindkasta kjem opp i over 200 kilometer i timen, så kjem det også mykje snø.
Forskarane meiner at det ligg store moglegheiter i snøfanging, men det er mykje arbeid og det må svare seg økonomisk for Per Arne Vole.
– Snøen som kjem i vindkasta her må eg få til å bli liggjande. Vinden er jo den billigaste snøkanonen eg har, seier Per Arne Vole.
Målet til Per Arne Vole er å drive skisenter til år 2050, og det har han fått ein forsterka tru på at han skal få til no.
Men likevel er han ikkje særleg optimistisk på tida etter det.
– Eg trur at breane blir borte. Så kjem dei att om 7 – 8000 år når naturen tek inn att syklusen sin. Eg trur ikkje det går an å stoppe det. Det skal for mykje til.