Hopp til innhold

Freser mot idrettsforbundet: – Eg blir så lei meg

Fem månadar etter lanseringa av prosjektet «Like Muligheter», inngår Noregs idrettsforbund eit samarbeid. Cecilia Brækhus og Gerd Stolsmo gir forbundet sitt likestillingsarbeid stryk.

Gerd Stolsmo og Cecilia Brækhus.

SKUFFA: Gerd Stolsmo og Cecilia Brækhus ynskjer betre behandling av kvinneidrett i Noreg.

Foto: Berit Roald, Terje Bendiksby / NTB

– Eg kunne sagt mykje akkurat no, men eg skal halde meg for god til det. Eg skal berre seie enkelt og greitt at arbeidet deira har vore altfor dårleg. Altfor, altfor dårleg. Dei må ta seg kraftig saman.

Det svarar proffboksar Cecilia Brækhus til NRK på spørsmålet om kva ho tykkjer om at Noregs idrettsforbund brukte fem månadar på å inngå eit samarbeid med prosjektet «Like Muligheter», som skal ta tak i likestillingsproblemet i norsk idrett.

Brækhus er skuffa over at ein treng ein privat aktør i utgangspunktet. Ho tykkjer idrettsforbundet har gjort altfor lite for å betre vilkåra for norske idrettskvinner.

– Eg blir så lei meg når det går opp for meg at det er der vi er. Dette skulle vert tatt tak i for lenge sida, for no heng kvinneidrett så langt etter herreidretten, seier Brækhus.

Stussar på handteringa

Då private aktørar med Svein Graff i front lanserte prosjektet, signaliserte NIF tydeleg – med Berit Kjøll i spissen – at dette skulle ikkje forbundet vere med på. Det var i januar.

På Dagsnytt 18 sa idrettspresidenten at «vi har eit eksakt tilsvarande initiativ» og trong difor ikkje hjelp frå private aktørar.

Fem månader seinare snur forbundet. Og Brækhus er skaka over tilstanden til norsk kvinneidrett.

Cecilia Brækhus

VERNAR OM KVINNENE: Cecilia Brækhus.

Foto: Mari Sollid Eide / NRK

– Her har leiarane i idretten vår svikta totalt. Sorry altså, men det har dei, seier Brækhus kontant.

Kva signal sender ein ut til idrettskvinner når idrettsforbundet først seier deira eige opplegg er godt nok, men så fem månadar seinare inngår dei samarbeid med ein privat aktør?

– Det sender ikkje ut nokre gode signal. Og eg trur, diverre, vi ser mange jenter forsvinne frå norsk idrett fordi det er så beintøft. Halve befolkninga i Noreg må jobbe dobbelt så hardt for å få same anerkjenning. Det er tungt å sjå flukta frå kvinneidretten, fortset Brækhus.

Ho refererer til undersøkinga NRK publiserte om forskjellsbehandlinga i idretten i vinter.

Til dømes er 12 friidrettsutøvarar uttatt til OL i Tokyo. Tre av dei er kvinner. På spørsmål om kva ho meiner burde blitt gjort annleis, svarer ho dette:

– Eg trur det er veldig mykje ego ute og går. Ein ynskjer å få rask avkastning på dei investeringane ein gjer. Det kjem berre herreidretten til gode. Ein må kunne leggje egoet litt til side, vere smart og tolmodig, og investere i kvinner, seier Brækhus.

Vilje til endring

Gerd Stolsmo, mor til Ada Hegerberg og Andrine Hegerberg, stiller seg bak Brækhus.

Ho var kritisk til at NIF ikkje gjekk saman med Like Muligheter frå byrjinga av, og er framleis skuffa over korleis situasjonen er handtert.

Stolsmo konkretiserer at ho ikkje er ute etter å «ta» idrettspresidenten på noko måte, men seier at det vitnar om svakt leiarskap.

Gerd Stolsmo

FOTBALLMAMMA: Gerd Stolsmo.

Foto: Berit Roald / NTB

– Ein kvar toppleiar bør støtte initiativ til forbetring. Her ser det ut som det var viktigare å eige prosjektet sjølv, enn å gå inn i eit samarbeid for å skape forbetring, seier Stolsmo til NRK.

Likevel kryssar ho fingrane. NIF har snudd, så då er det håp for endring.

– Eg reknar med at dette ikkje skal redusere innsatsen i deira eiga prosjektutvikling på likestillingsområdet. Då NRK presenterte tal i vinter som viste den store skilnaden mellom gutar og jenter i idretten, så uttalte idrettspresidenten tydeleg at dette var heilt forkasteleg og uakseptabelt, seier ho og fortset:

– At ho no opnar for andre samarbeidsmodellar vel eg å tolke som eit teikn på at det er vilje til forandring. Så får tala vise om det stemmer, seier Stolsmo.

NIF har tidlegare fortalt om målet om 43 prosent kvinnelege leiarar i særforbund og idrettskretsar innan 2023, men akkurat det har ikkje Stolsmo trua på.

– Likestillingsarbeidet er ein evigvarande jobb og som må «jobbast» med dagleg. Denne kampen ender ofte med opprop om fleire kvinnelege trenarar og leiarar, men eg trur ikkje løysinga er å berre skifte ut menn med kvinner, seier Stolsmo og fortset:

– Det tek ikkje frå oss kvinner ansvaret med å gå inn på arenaene på ein langt tydelegare og kraftfull måte enn vi gjer i dag. Eg er ikkje ute etter idrettspresidenten, men når utviklinga går for seint så vil pila til slutt peike mot toppen, avsluttar ho.

Vil koordinere arbeidet

Idrettspresident Berit Kjøll har blitt presentert kritikken frå Stolsmo og Brækhus. Ho er ikkje einig i at likestillingsarbeidet ikkje blir tatt på alvor.

Kjøll

IKKJE EINIG: Idrettspresident Berit Kjøll.

Foto: Berit Roald / NTB

– Det har høgaste prioritet i NIF og idrettsstyret. Over fleire år er det gjort mykje godt arbeid og det er sette i gong ein rekke tiltak for å styrke likestillingsarbeidet i norsk idrett. Utviklinga går i riktig retning, men det går definitivt for sakte, seier Kjøll.

– Kva er årsaka til at NIF no samarbeider med Like Muligheter likevel?

– Det er særs viktig at alle gode krefter jobbar saman mot felles mål. Derfor var det òg naturleg at NIF sine tiltak og initiativ for like moglegheiter sjåast i samanheng og koplast saman med tilsvarande private initiativ. Det var den viktigaste årsaka til at NIF ikkje berre støttar, men blir ein aktiv støttespelar for slike initiativ. Brækhus og Stolsmo må sjølv svare for kvifor dei no kritiserer NIF sitt engasjement som koordinerer dette viktige samarbeidet for heile norsk idrett, seier Kjøll.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal