– Det er ein rar situasjon, seier skiskyttarstjerna Martin Fourcade til NRK.
Det er tydeleg at han har tenkt nøye gjennom saka som rysta skiverda i sommar.
– Sjølvsagt er nokon sjuke og fortener medisin, men på ein annan måte er interessa i sporten at alle utøvarane som står på same startstrek, skal ha same reglar, sier han.
– Ingen fan av astmamedisin
NRK møter VM-kongen frå Holmenkollen på pressetreff saman med andre franske skistjerner i Paris.
– Martin Johnsrud Sundby er ein fantastisk utøvar, kanskje ein av dei største langrennsløparane nokosinne, men han vil vere ein stor utøvar utan astmamedisin også, seier Fourcade.
28-åringen understreker at han ikkje har mista respekten for Martin Johnsrud Sundby som utøvar, men han sit igjen med blanda kjensler.
– Eg visste han tok astmamedisin før og også nokre av venene mine har gjort det, men eg er ingen fan av det. Eg har aldri tatt ulovlege produkt, heller ikkje når eg har vore sjuk, som før fellesstarten i Sotsji da eg var veldig sjuk, seier Fourcade som samanliknar det å ta astmamedisin med skader.
– Det er ein del av sporten å ha styrker og svakheiter. Eg veit eg er heldig fordi eg ikkje har noko sjukdom som hindrar meg i å utøve sporten min, men eg har også svakheiter. Skuldra mi har eg brekt tidlegare og derfor har eg mindre kraft i armen, men eg har aldri tatt medisin for å kome tilbake på nivået eg kunne vore på, slik astmamedisin gjer, seier Fourcade.
– Har tatt ventoline
I motsetning til Fourcade har langrennsløpar og ein av Sundbys tøffaste rivalar, Maurice Manificat, tatt astmamedisinen ventolin så seint som i fjor vinter.
30-åringen fortel til NRK at han tok lovlege dosar med legemiddelet under trening og etter konkurranse fordi han har tatt problem med luftvegane, men han ville ikkje brukt det for å kunne stille til start i skirenn, hevdar han.
– Viss ein må ta medisinar for å kunne konkurrere, må du eller legen seie at ein ikkje kan stille. Viss ein er sjuk, konkurrerer ein ikkje, seier Manificat og siktar til Sundby som tok medisin fordi han var tett i brystet før verdscuprennet i Toblach.
Mannen som tok sølv under 15-kilometeren i førre VM vil uansett ikkje ha problem med å ta i mot Sundby med respekt til vinteren.
– Eg vil seie at det er trist det som har skjedd med deg, men du gjorde ein feil og nå startar du på nytt. Martin er ein utøvar som inspirerer meg og han vil vere sterk til vinteren.