Hopp til innhold

Hareide takka for kampen og ønskte god jul

Åge Hareide reiste rett heim frå Madrid etter 0-8-kampen i går kveld – hans siste kamp som trenar for den svenske klubben.

Markus Rosenberg og Åge Hareide

TAKK FOR KAMPEN OG GOD JUL: Åge Hareide takka raskt for seg og reiste rett heim etter 0-8 i Madrid i går. Her saman med Markus Rosenberg

Foto: Andreas Hillergren/TT, Hillergren, Andreas / NTB scanpix

– Eg takka for kampen og og ønskte «killarna» god jul. Kva skal ein seie når alle er så nedtrykte? Kanskje ein ikkje skal seie så veldig mykje på ein slik dag. Eg er veldig glad i spelarane, sa han til sportbladet.se før han tok flyet heim.

Då hadde han fått spørsmål om kva som var hans siste ord til spelarane. Han gjekk rett frå pressekonferansen og til flyplassen.

Resten av laget var att i den spanske hovudstaden.

Hareide har trena Malmö i to år. Dei har vore i gruppespelet i meisterligaen begge åra, men avslutninga i haust har vore stygg for Hareide og hans lag. 0-17 har det blitt på dei tre kampane som er spela etter at sesongen heime var slutt, og 0-8 for Real i går var Hareides punktum med Malmö.

Laster Twitter-innhold

– Problem etter Allsvenskan-slutt

– Vi kan ikkje bortforklare at vi har problem så seint på året når Allsvenskan er slutt. I dag underpresterte vi, sa han etter kampslutt.

I tillegg kan opptil ti av spelarane kome til å forlate klubben, skriv Sportbladet.

Sjølv var ikkje Hareide oppteken av talet på baklengsmål.

– Eit tap er eit tap. Men det vart stygge siffer og eit forferdeleg nederlag i dag, seier han. Men han trur likevel ikkje 0-8 vil skade hans ettermæle.

– Vi har spela 54 kampar i år, og vi spela 54 kampar i fjor. Eg trur ikkje eitt enkelt resultat har så mykje å seie, meiner Åge Hareide. Som fekk hyllest og song frå supporterane også i går.

Som kanskje kan halde fram trenarkarrieren som landslagssjef for Danmark. Det har han ingen kommentar til.

Fotball