I alle dei store ligaene – og mange av dei mindre – har botnlag i haust blitt topplag nærmast over natta.
England: Leicester
Leicesters forvandling er kjend og omtalt. Med Jamie Vardy og Riyad Mahrez i spissen går dei inn i jula heilt på toppen av Premier League.
For nøyaktig eitt år sidan: Leicester var nummer 20 og aller sist på tabellen. Etter 0-2 for West Ham laurdag før jul stod dei med ti poeng etter berre to sigrar på 17 kampar, og med fem poeng opp til trygg tabellplass.
I dag: 38 poeng og 11 sigrar på 17 kampar, tabelltopp med to poengs forsprang på Arsenal.
Frankrike: Angers
Nesten like stor sensasjon er franske Angers. Dei tok siste opprykksplassen i Ligue 2 i vår etter 21 år i lågare divisjonar. Og har tatt Ligue 1 med storm.
For ligg ikkje dei på fjerdeplass ved inngangen til juleferien, berre eitt fattig poeng bak Monaco på andreplass? Angers er eitt av berre tre lag som har teke poeng frå dei suverene stjernene i Paris Saint-Germain, og dei ligg langt føre tradisjonelle storklubbar som Marseille, Lyon, Bordeaux og Lille.
Spania: Eibar
I Spania er det vesle Eibar som har stått for overraskinga – iallfall langt utover hausten.
Klubben skulle eigentleg ikkje spela i Primera Division i det heile. Dei vart tredje sist i fjor.
Men så vart Elche tvangsnedflytta. Eibar fekk ein ny sjanse, og den greip dei. Fram til langt ut i november låg dei blant topp 6 og kjempa for fullt om ein europaliga-plass. Det er sterkt av klubben med Primera Divisions minste bane, drygt 6000 tilskodarar.
Sidan har det gått litt tråare for Eibar, dei tar juleferie som nummer 10.
Italia: Sassuolo
Serie A i Italia har sin Sassuolo. Laget som i 2013 kom opp på øvste nivå for aller første gong og overlevde så vidt. I fjor var dei også i nedrykksstriden nesten heile seosngen.
I år går dei mot sin beste sesong nokosinne, og er med i kampen om ein plass i Europa.
Tyskland: Hertha Berlin
Hertha Berlin er historisk eit storlag i tysk fotball, men har stort sett slite i Bundesliga sidan årtusenskiftet. Seinast i vår var dei berre målforskjellen unna playoff om nedrykk., og så seint som i 2012-13 spela dei i 2. Bundesliga.
Men no er klubben til Per Ciljan Skjelbred og Rune Almenning Jarstein på bronseplass, berre slått av suverene Bayern München og Borussia Dortmund. Slikt luktar det meisterliga av.
Redda av Torpedo
Også i andre ligaer er det lag som har snudd tilveret opp-ned sidan forrige sesong:
- Russland: Rostov er nummer to – nest sist i fjor, og unngjekk nedrykk ettersom Torpedo Moskva vart kasta ut av øvste liga.
- Nederland: Heracles er nummer fire – nummer 14 og i nedrykkstrid i fjor.
- Belgia: Oostende er nummer to – nummer 10 og i B-sluttspelet i fjor. Dei var på nivå to seinast i 2013.
- Polen: Piast Gliwice er suveren serieleiar – nummer 10 i fjor og i B-sluttspelet.
- Og sist, men ikkje minst: Stabæk, bronsevinnar i norsk eliteserie. Til skilnad frå dei andre, har dei fullført sin overaskingssesong.