PL-starten: Liverpool tilbake til mareritt-arenaen

I siste serierunde i mai tapte Liverpool 6-1 i Stoke. 9. august startar Premier League opp att med nøyaktig tilsvarande kamp.

FOOTBALL/ Stoke City v Liverpool - Barclays Premier League

Stoke kunne juble over ein sensasjonell siger på 6-1 over Liverpool i sesongavslutninga. Allereie i sesongstarten i august møtest dei igjen på same bane

Foto: Ed Sykes / Reuters

Manchester United får Tottenham på besøk. Det involverer Harry Kane – men i raudt eller kvitt? Manchester United skal vere interessert i spissen som scora 21 mål for Tottenham i fjor.

Regjerande ligameister Chelsea opnar mot Swansea heime, medan Manchester City skal spele borte mot West Bromwich.

Askeladden Bournemouth spelar sin aller første Premier League-kamp mot Aston Villa heime. Også Norwich er heime, mot Crystal Palace. Det tredje nyopprykka laget, Watford, møter Everton borte.

Allereie i andre serierunde kjem første toppkampen: Manchester City - Chelsea.

Kamplista vart gjort kjend i dag, og her er dei to første serierundane.

8. august

AFC Bournemouth v Aston Villa
Arsenal v West Ham United
Chelsea v Swansea City
Everton v Watford
Leicester City v Sunderland
Manchester United v Tottenham Hotspur
Newcastle United v Southampton
Norwich City v Crystal Palace
Stoke City v Liverpool
West Bromwich Albion v Manchester City

15. august

Aston Villa v Manchester United
Crystal Palace v Arsenal
Liverpool v AFC Bournemouth
Manchester City v Chelsea
Southampton v Everton
Sunderland v Norwich City
Swansea City v Newcastle United
Tottenham Hotspur v Stoke City
Watford v West Bromwich Albion
West Ham United v Leicester City

Andre profilerte kampar:

22.august: Arsenal - Liverpool

12. september: Manchester United - Liverpool

19. september: Chelsea - Arsenal

3. oktober: Arsenal - Manchester United og Everton - Liverpool

24. oktober: Manchester United - Manchester City

31. oktober: Chelsea - Liverpool

7. november: Arsenal - Tottenham

21. november: Manchester City - Liverpool

19. desember: Arsenal - Manchester City

28. desember: Manchester United - Chelsea

Siste runde skal spelast søndag 15. mai.

Sjå heile terminlista

Også The Football League offentleggjorde terminlista i dag.

Terminliste for Championship

Terminliste for League One

Terminliste for League Two

Fotballnyheter